8. april 2021

Oda Malmin: Skinliv (2021)

 

I debutromanen til Oda Malmin, Steinauge, var handlinga lagt til Jæren. Her har me flytta oss til Oslo, og me møter tre-fire personar som bur i same bygard. Dei har alle sitt å stri med, dei har liv som ikkje har vorte slik dei ynskte. Dei kjenner kvarandre ikkje, i alle fall ikkje godt, men av og til snakkar dei med kvarandre likevel, slik naboar gjer (eller burde gjera).

Cecilie bur saman med sonen Edvard. Ho er høgt på strå i partiapparatet til regjeringspartiet, og vert oppmoda om å klatra endå høgare. Ho veit ikkje heilt om ho vil det, både av di ho er usikker på om ho er flink nok, men òg av di ho alt har dårleg samvit for måten ho ikkje tek seg godt nok av sonen på. Edvard er fotballgal, og ein dag han spelar fotball utanfor heimen kjem han i snakk med Bjørn. Han har nett vorte oppsagt som vaktmeister, og har tidlegare slutta som lærar etter at han vart skulda for uhøvisk omgang med ein mindreårig. Astrid er kanskje den som har det verst, ho har bygd opp ein ring av livsløgner rundt seg, men får ikkje til noko. Ho får det ikkje til med kjærasten, ho får det ikkje til med studeringa, og ho avlyser om lag alt ho har av avtalar av di ho helst vil vera åleine med dei negative tankane sine.

Det er altså rimeleg vanlege folk me møter. Det boblar under overflata, og det er kanskje dette Malmin vil fortelja: Alle har me vårt, og kampen for å verta sett på som lukkeleg og vellukka er ein kamp der dei færraste vinn. Det er ei fin bok, skriven i eit sikkert og (som regel) stillferdig språk.

Guffen tilrår.

Meir Malmin på kulturguffebloggen
Steinauge (2018)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar