17. november 2020

Jimmy McDonough: Shakey (2002)

Dette er den mest omfattande Young-biografien som er skriven. Den vert nok òg ståande som høgdepunkt, sjølv om boka er nesten tjue år gamal. Store delar av karriera til Young er altså ikkje med, men det er ikkje så viktig: Utan at eg kjenner platene hans ut og inn er det ikkje til å koma vekk frå at Young etter midten av 1970-åra berre unntaksvis har nådd dei høgdene han var på før.

Då var han òg på nokre glitrande høgder, og denne boka fortel godt både om den perioden og resten av livet hans. McDonough går kronologisk til verks, frå oppveksten i Canada via nokre tronge år som musikant før gjennombrotet i California i andre halvdel av 1960-åra, og nokre år der Young var ei absolutt superstjerne, både som soloartist og som medlem av CSNY.

Young ville absolutt ikkje vera superstjerne. Han likte seg dårleg både i aviser og på fjernsyn, og kjøpte seg etter kvart ein stor eigedom sør for San Francisco, der han gjorde som han ville. Der kom platestudio, sjølvsagt, men òg store hus til bilsamlinga hans og til modelljernbanen hans. Han gjorde òg som han ville i musikk-karriera - han hoppa på og av prosjekt med ein rasande fart, og fleire gonger i boka er han inne på at han angrar på korleis han handsama folk, sjølv om han der og då opplevde det som naudsynt å handla som han gjorde.

McDonough skriv godt om det meste, og får tydeleg fram at ikkje alt Young har gjort er like godt. Han har intervjua hundrevis av personar som har stått Young nær, og det er gull verdt. Aller best er det likevel at han har fått Young i tale. Gjennom heile boka kjem det lange avsnitt frå desse intervjua.

Guffen tilrår.  

Meir Neil Young på kulturguffebloggen
Scott Young: Neil and Me (1984)
Sam Inglis: Harvest (2003)
Durchholz og Graff: Neil Young. Long May You Run (2010)
Waging Heavy Peace (2012)
Koengen, Bergen (1.8.2014)
Special Deluxe (2014)
Sharry Wilson: Young Neil (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar