21. april 2022

Per Petterson: Månen over Porten (2004)

 

Dette er den fyrste sakprosaboka til Petterson. Den er ikkje heilt ulik Mitt Abruzzo, som kom i fjor. Det handlar mykje om bøker og forfattarar også her, men der er ein opplagt skilnad: Dette er artiklar skrivne i ulike samanhengar, Abruzzo er ei dagbok. 

Stort sett er dette finfine tekstar. Nokre er lange, nokre er korte. I nokre tekstar er Petterson sjølv ein synleg aktør, andre gonger er han berre forfattar. Han skriv om bøker og forfattarar som har vore viktige for han, og han skriv mykje om korleis litteraturen var og er viktig for han. 

Ein av dei finaste tekstane er "Ei bru i Toronto", som ser ut til å vera eit foredrag han heldt på årsmøtet i 2000. (Alle tekstane er daterte, men me får ikkje vita kvar dei er henta frå.) I denne teksten fortel Petterson om korleis han vart forfattarar (og nokre andre ting). Det same temaet møter me i "Du veit åssen det er". Slik han framstiller det her, vart han nesten pressa til å gjera alvor av skrivedraumane. Og det kan godt henda at det er sant, han presenterer seg sjølv som ein litt forsiktig og nesten sjenert kar, ein som eigentleg ikkje vil visa seg i det heile.

Slik er det òg med draumen om å vitja Raymond Carver i USA. Petterson fekk eit stort stipend han ikkje hatt søkt på, og saman med ein kamerat bestemmer han seg for å vitja Carver. Han greier ikkje reisa det året, men kjøper billett til året etter. Kameraten ringjer til Carver og gjer avtale og greier, men før dei reiser døyr Carver. 

Petterson skriv godt om forfattarar eg kjenner og om forfattarar eg ikkje kjenner. Delar av boka kan altså lesast som gode lesetips, og eg prøver nok å gjera meg kjend med fleire av desse i framtida.

Guffen tilrår. 

Meir Petterson på kulturguffebloggen
Aske i munnen, sand i skoa (1987)
Ekkoland (1989)
Det er greit for meg (1992)
Til Sibir (1996)
I kjølvannet (2000)
Ut og stjæle hester (2003)
Jeg forbanner tidens elv (2008)
Jeg nekter (2012)
Menn i min situasjon (2018)
Ut og stjæle hester (film, 2019)
Mitt Abruzzo (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar