1. januar 2020

Gerald Posner: Case Closed (1993)

Det står mykje oppsiktsvekkjande i denne boka, og noko av det mest oppsiktsvekkjande kjem alt i den fyrste setninga i føreordet: "More than two thousand books have been written about the assassination of President John Kennedy". Andre meiner rett nok at talet er halvparten, men likevel: Minst tusen bøker på tretti år! Ein skulle tru at det meste var sagt, men denne boka står likevel som ein påle. Posner har gjort ei rekkje nye intervju, mellom anna med nokre som aldri har snakka om denne saka, og han går så langt inn i alle detaljar at det er forståeleg at boka framleis vert omtala som heilt sentral i det som er skrive om mordet i 1963.

Den viktigaste grunnen til det er dei mange konspirasjonsteoriane som handlar om mordet. Dei aller, aller fleste av dei tusen (eller to tusen) bøkene handlar om slike teoriar. Posner plukkar alt frå kvarandre, og viser at den offisielle versjonen er den rette: Lee Harvey Oswald var åleine om drapet på presidenten, og Jack Ruby var åleine om drapet på Oswald. Begge drapa var så laust planlagt at det lett kunne gått annleis.

I den fyrste halvdelen av boka skriv Posner om livet til Lee Harvey Oswald. Han kom frå ein ustabil familie. Han verva seg i militæret så fort han kunne, men fann seg ikkje til rette der. Han utvandra til Sovjetunionen, men returnerte til USA av di han meinte at kommunismen ikkje fungerte. Tilbake i heimlandet kalla han seg ikkje lenger kommunist, men marxist-leninist. Han hadde gifta seg i Sovjet, og fekk etter kvart to døtre, men budde ikkje alltid saman med familien. Han sleit med å finna fast arbeid, han var vanskeleg å ha med å gjera, men to veker før mordet fekk han seg jobb på Texas Book Depository. Frå sjette etasje i boklageret skaut han Kennedy, og vart sjølv drepen av Ruby to dagar etterpå.

Både i skildringa av livet til Oswald og i resten av boka stoppar Posner opp kvar gong dei mange konspirasjonsteoretikarane har konstruert ei alternativ sanning. Han viser, gong etter gong, korleis den offisielle versjonen er rett. Og han viser kor ufatteleg tynn konspirasjonssuppa er.

Guffen tilrår.

Meir Kennedy på kulturguffebloggen
JFK (film, 1991)
American Dynasties: The Kennedys (2018)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar