28. desember 2019

Jon Savage: Time Travel (1997)

Jon Savage har skrive om musikk sidan midt i 1970-åra. Han gav ut si eiga fanzine i London i 1976. Han skreiv så for Sounds, seinare for Melody Maker, og har etter kvart skrive for dei fleste store musikkpublikasjonane. Innimellom skreiv han òg om andre tema, gjerne knytt til mote eller ungdomskultur. I denne boka har han samla ei rekkje av artiklane sine. Mykje her er bra, men det ville vorte ei betre bok om han hadde venta nokre år med å gje ho ut.

Frå 1993 kom musikkbladet Mojo ut kvar månad. Her er gjerne artiklane betre, og Savage skriv framleis av og til for Mojo. I Mojo (og andre liknande blad) er det rom for lange og grundige artiklar. I boka er det med nokre slike, og det er dei beste artiklane. Han skriv til dømes glimrande om Joy Division og Nirvana.

Ein annan grunn til at dei ferskaste artiklane er dei beste er jo òg at Savage vert ein betre skribent. Artiklane frå 1970-åra er fine, dels av di Savage var eit augevitne frå dei fyrste punkeåra, men dei er kortare. Det kan vera intervju, det kan vera meldingar av plater eller konsertar.

Frå 1980-åra har han teke med mange artiklar som ikkje fengar like mykje. Her skriv han om motar, gjerne for bladet Face, og her er det som om både skrivestil og emne vert meir feil. Her var det fleire artiklar som ikkje var verdt bryet.

Guffen er lunken.

Meir Savage på kulturguffebloggen
England's Dreaming (1991)
The England's Dreaming Tapes (2010)
This Searing Light, The Sun and Everything Else (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar