Viser innlegg med etiketten biografi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten biografi. Vis alle innlegg

28. januar 2011

Barney Hoskins: Lowside of the Road. A Life of Tom Waits (2009)

Tom Waits er endå ein av desse musikantane eg gjerne skulle høyrt meir på. Eg har tre-fire av platene hans, og det er solide saker heile vegen. Eg reknar meg ikkje som nokon kjennar, og veit ikkje så mykje om det han har drive med. Eg veit sjølvsagt meir etter å ha lese denne biografien, men eg veit slettes ikkje alt. Waits har ingen interesse av å sleppa journalistar for nær innpå seg. At korkje han eller familien lot seg intervjua av Hoskyns då han arbeidde med denne boka er ein ting, ein annan ting er at Waits òg bad andre som vart spurt om det same om å ikkje fortelja noko.

Hoskyns har likevel samla mykje informasjon. Han har snakka med mange, både medmusikantar og andre, og han har lese mykje som er skrive om Waits, medrekna ei rekkje større intervju. Han skriv at han ikkje er komen så tett innpå Waits som han ville, han skulle gjerne visst meir om kva han dreiv med i nokre periodar av livet, men det gjer eigentleg ikkje så mykje. Dette kan vera ein av grunnane til at han i staden skriv mykje om musikken til Waits, og den er jo viktigare.

Waits voks opp i California, og har budd der det meste av livet. Han flytta til Los Angeles i tjueårsalderen, og etter noko leiting fann han ein musikksjanger som passa godt. Han var inspirert av beat-forfattarane, både i skrivestil og levemåte. Hoskyns skriv at det verkar som om Waits har ei innebygd frykt for å stagnera, og at han heile tida prøver å føra inn nye element i musikken. For å få det til, skiftar han jamleg ut medmusikantane sine, også slike som har vore med lenge. I slike situasjonar er Waits eineveldig, og i fleire tilfelle bryr han seg lite om å melda frå til dei som har vore med lenge om at dei er ferdige.

For Hoskyns er tida fram mot 1990 den beste for Waits. Det kjem mykje bra også etter det, men spesielt på dei nyaste platene hans meiner Hoskyns at Waits har stagnert. Det er bra, det er nok av biografar som slit med å sjå at den dei biograferer har dårlege sider.

Eg likte boka, og reknar med at dei som kjenner Waits betre òg har godt utbyte av ho. Den grovaste innvendinga er mot biletmaterialet, boka er gjennomillustrert, men bilete er anten så små eller så dårlege eller begge delar at mange av dei like godt kunne vore kutta ut.

Guffen tilrår.

Meir Waits på kulturguffebloggen
Paul Maher jr. (red.): Tom Waits on Tom Waits (2011)

Meir Hoskyns på kulturguffebloggen
Across The Great Divide (2003)
Hotel California (2006)

18. november 2010

American (2010)

For eit par år sidan var eg på skuleturné saman med Runar. Han hadde nokre opptak av to amerikanske komikarar, Mitch Hedberg og Bill Hicks, og meinte at dette ville passa for meg.

Eg var skeptisk, men lot det stå til. Svært få komikarar får meg til å le, men eg vart positivt overraska, i alle fall over han eine. I humoren til Hedberg står leik med ord sentralt. Hjå Hicks er det hersing med det amerikanske samfunnet som får mest plass. Eg lo svært godt av Hedberg, medan eg ikkje fann så mykje å le av hjå Hicks.

Runar gjev ikkje opp så lett, og under ein ny skuleturné denne veka lånte han meg denne filmen. Filmen gjev eit godt bilete av livet og karriera til Hicks, og er elegant laga. Åtte-ti personar som stod Hicks nær fortel om korleis han var, og her er mange klipp som viser korleis han var på scena.

Hicks ville verta komikar alt frå han var liten. Han står fyrst på nokre lokale scener i Houston, der han etter kvart vert ein av dei største. Han vil likevel lengre, og flyttar til Los Angeles. Så langt i livet har han omtrent ikkje rørt alkohol, men i LA drikk han meir og meir, og showa hans endrar seg. Han drikk mykje også på scena, før han ein dag finn ut at han må slutta med drikkinga. Han flyttar til New York, der han ikkje kjenner mange, og etter ei stund utan alkohol der skriv han nytt materiale, og vert ei av dei heilt store komikarstjernene. Han vert stor i England, han vert stor i USA, før han ein dag før beskjed om at han har kreft i magen, og han døyr kort tid etter.

Historia vert fortalt på ein fin måte, og venene hans er udelt positive til det han har gjort, og til korleis han førte inn noko nytt og meir aggressivt i standupen. Eg har altså eit problem med at eg ikkje ser det store i humoren hans, mange stader minner det om halvgode punkrocktekstar utan musikk (og utan rim og rytme). Han er ekstremt samfunnskritisk, og det er lett å vera samd i det han seier, men spesielt morosamt er det altså ikkje. Det er likevel ein fin film.

Guffen tilrår.

16. november 2010

Gudmund Skjeldal: Den siste langrennaren (2005)

Biografiar om idrettsutøvarar går det ofte fort å lesa, og det går like fort å gløyma dei. Denne er annleis. Det er ei fin bok, der den biograferte utøvaren, Kristen Skjeldal, nærmast spelar ei birolle. Me får høyra mykje om han, men broren Gudmund bruker dette biografiske risset mest som eit utgangspunkt for det han eigentleg vil seia: Langrennssporten har ikkje teke godt nok vare på si eiga sjel.

Eg kjenner ikkje Kristen Skjeldal. Me er begge frå Voss, og det er berre to år mellom oss, men me budde på heilt ulike kantar av bygda. Eg kjenner han altså berre frå media, og der framstår han som ein heilt uvanleg utøvar. Han kunne visa ekte glede over andre sine prestasjonar, og var òg i stand til å måla eigne prestasjonar opp mot det han sjølv hadde gjort før. I OL 2002 kom han i mål som nummer fire på tremila, og vart etter løpet spurt av NRK om det ikkje var surt å vera så tett på ei medalje. Han svara noko slikt som at han var kjempenøgd, fjerdeplass var det beste individuelle OL-resultatet hans. Etter dopingkontrollen rykte han opp på tredjeplass, men det endrar ingenting - han framstod som særs sympatisk.

Sympatisk er òg den hendinga Gudmund bruker som utgangspunkt for denne boka. Under ei femmil i Holmenkollen vart Kristen teken igjen av Frode Estil. På ein drikkestasjon misser Estil flaska si før han får i seg drikke, og Kristen spurtar opp på sida hans, og seier at han kan få drikka hans. Kva slags toppidrettsutøvar gjer noko slikt? Me får ikkje noko bastant svar på dette spørsmåla, og heller ikkje på dei mange andre spørsmåla Gudmund stiller seg, anna enn at Kristen dreiv toppidrett med heilt andre verdiar enn dei andre.

Det handlar mykje om femmil i denne boka. For begge Skjeldalane er det dette som er den gjevaste øvinga, og i alle fall for Gudmund er det femmila i Holmenkollen som er det heilt store. Han skriv fint om korleis det var då femmila gjekk i to lange rundar, i staden for tre litt kortare, slik det er no. Han vil ha ein langrennsidrett utan fellesstartar, ein langrennsidrett der utøvarane kjempar mot seg sjølv, der dei lenge er usynlege for publikum, før dei langt om lenge kjem ut av skogen. Han skriv godt om korleis dette truleg skuldast den tida me lever i, der ingen lenger har tolmod til noko slikt, no skal det vera fellesstart, og fjernsynskamera skal dekkja kvar einaste meter av løpet. Noko manglar i dette bilete, noko er fjerna frå idretten han likte så godt, og sjølv om han er realist nok til å sjå at det ikkje er råd å gjera noko med det, vil han gjerne prøva.

Og han skriv godt om kor kjekt det er med snø. Kor kjekt det var å leika i snøen som liten gut, og kor kjekt det er med snø når han er vaksen. Han skal alltid greia å finna snø sjølv, men han er uroleg for dei ungane som ikkje får veksa opp med lange, snørike vintrar. Dei går glipp av noko, meiner han, og det er ikkje vanskeleg å vera samd i det. Dette er ei fin bok, som altså er noko så uvanleg som ein idrettsbiografi med meining.

Guffen tilrår.

18. oktober 2010

Olav Midttun: Rasmus Løland (1961)

Det er rart, dette med biografiar. Slik eg var inne på i går, vert biografiane meir og meir omfattande. Eitt døme på ein eitt-bands biografi som er altfor stor, er biografien Ernst Berge Drange skreiv om Rasmus Løland. Den boka, som kom ut i 2007, er altfor prega av at Drange vil ta med omtrent alt han veit om Løland. Altfor mange detaljar var med, slik at dei viktige poenga og gode miljøskildringane, og dei er det fleire av, drukna i alt det andre.

Boka til Midttun er berre på godt og vel hundre sider. Etter ei innleiing om korleis det norske samfunnet var rundt midten av 1800-talet, skriv han kort og presist om livet til Løland, med vekt på forfattarskapen. Her står òg litt om kvar og korleis Løland levde, men det er ikkje det viktigaste for Midttun. Han går inn i tekstane, og kvir seg ikkje for å koma med kritiske merknader, der han meiner at noko ikkje er godt nok. Han gjev sjølvsagt òg ros der det høver seg slik, men eg sit att med ei kjensle av at Midttun meiner at Løland var meir viktig enn god. Løland førte noko nytt inn i barnelitteraturen.

Det er kort, men det er òg godt. Eg var inne på det då eg skreiv om ei lita bok om Tor Jonsson, det er stas at det ein gong var slik at slike små bøker og hefte vart utgitt. Me treng ikkje vita alt om dei me les biografiar om.

Guffen tilrår.

Meir Midttun på kulturguffebloggen
A. O. Vinje (1960)
Mål og menn (1968)
Livsminne (1971)

Meir Løland på kulturguffebloggen
Hundre år (1910)
Noveller (1972)
Sjølvbiografi (1988)
Austigard og Austigard; Jakten på Bjednekniven (2009)

17. oktober 2010

Benedicte Ingstad: Oppdagelsen (2010)

Det er ikkje mange dagane sidan eg las ein artikkel om korleis norske biografiar vert meir og meir omfangsrike. Nokre er så tjukke at dei like godt kjem i to band, nokre få treng endå meir plass. Dette er del to av ein biografi, del ein las eg i fjor. Forfattaren har hatt tilgang til private arkiv, og kjenner sjølvsagt godt til foreldra sine, men det hadde likevel vore råd å teikna eit godt bilete av dei i berre eitt band.

Sjølv om det ikkje berre er velstand i denne boka, er her òg mykje bra. Det som dominerer er oppdaginga av busetnadene i Vinland, og ei halvgod drøfting av kontroversane som dukka opp etter at funna vart gjort kjende. Problemet frå del ein, altså at forfattaren er dotter til dei ho skriv om, vert endå tydelegare her. Av og til hadde eg kjensla av å lesa eit forsvarsskrift for Ingstad-paret.

Det kan henda at eg er farga av at eg omtrent berre har lese om dette i norske kjelder, men eg har likevel eit inntrykk av at det er allment akseptert at det var Ingstad og Ingstad som fann desse bustadene. Fleire hadde leita etter dei, nokre hadde òg kome fram til at det måtte vera ved L'Ance Aux Meadows, men det var altså Ingstad og Ingstad som gjorde konkrete funn fyrst. Frå Danmark kom det kritikk omtrent med ein gong, det vart hevda at Helge Ingstad hadde fått vita av andre at det var der han skulle leita, og det vart sagt at Anne Stine Ingstad ikkje var god nok arkeolog til å vita kva ho dreiv med. Ho hadde ikkje mykje røynsle, men ut frå denne boka ser det ut til at ho var fagleg god nok.

Seinare kom det påstandar om at dei to hadde teke med seg gjenstandar frå Noreg, og at dei seinare "fann" desse gjenstandane i utgravingane, og dei to vart òg ignorerte i store delar av litteraturen om funnet. Dette endra seg mot resten av livet. Igjen - problemet kan vera kven som skriv dette. Det kan godt vera sant og visst, men då er ikkje dotter deira, som ikkje overtyder som biograf, den rette til å konkludera. Det kom ein kortare biografi om Ingstad no i haust, og det kan henda at eg tek ein tur innom den, for å sjå korleis desse emna vert drøfta der.

Denne boka opnar med livet til Anne Stine fram til dei to gifta seg. Det var ein priviligert oppvekst, i ein møblert heim på Lillehammer. Etter at dei gifta seg hadde ho lyst til å vera likestilt med Helge, men slik vart det ikkje. Han var sjef, og informerte lite om kva planar han hadde. Under ein tur til USA, der dottera var heilt ung, fortalde han ein dag at han skulle vidare til Alaska, der han skulle vera nokre månader. Dei to andre kunne reisa heim att åleine. Også då Anne Stine fortalde at ho ville utdanna seg til arkeolog, var han lunken, i alle fall til å byrja med.

Boka er lettlest, sjølv om språket er uventa stivt. Det er noko Toppen Bechsk over språkføringa, og det dukkar rett som det er opp klisjear det er vondt for å tru at forfattaren medvite har teke med. Ordbruken er òg rar, det heiter til dømes at St. Olafs College ville "kreere" Ingstad til æresdoktor. Kreere? Get real.

Guffen er lunken.

Meir Ingstad på kulturguffebloggen
Helge Ingstad: Pelsjegerliv (1931)
Helge Ingstad: Øst for den store bre (1935)
Helge Ingstad: Klondyke Bill (1941)
Helge Ingstad: Nunamiut (1951)
Helge Ingstad: Landet under leidarstjernen (1959)
Helge Ingstad: Vesterveg til Vinland (1965)
Benedicte Ingstad: Eventyret (2009)

31. juli 2010

Maxine Marx: Growing Up With Chico (1980)

I 1974 kom boka The Marx Bros Scrapbook ut. Her var mange sjeldne bilete, og faksimilar av til då ukjende artiklar, så der var nok å gle seg over. Diverre var det ikkje velstand heile vegen. Forfattaren, Richard Anobile, hadde teke opp ei mengd intervju med Groucho Marx, og trykte dei omtrent ordrett. Groucho minte mest av alt om ein gamal, gretten gubbe, som var kritisk til det meste. Sjølv om Groucho var oppført som medforfattar, var han overraska då han vart klar over korleis boka skulle sjå ut, og han prøvde å stoppa utgjevinga. Det gjekk ikkje. To år seinare kom boka The Groucho File ut. Denne boka minte mykje om ...Scrapbook, men her var det ein høvisk tone heile vegen.

I ...Scrapbook var Groucho svært kritisk til korleis broren Chico hadde skusla vekk alt han hadde av pengar. Dette hadde han truleg for vane å gjera, men då det kom på trykk, såg det langt meir alvorleg ut. Ein av grunnane til at Maxine skreiv denne minneboka om far sin, var at ho ville retta opp inntrykket ...Scrapbook hadde skapt.

Det er eit usedvanleg dårleg utgangspunkt for å skriva ei bok. Ein meir nøytral forfattar ville vore langt meir kritisk til den biograferte. Her får Chico tilgjeving for alt. Han var ein notorisk gamblar, og spelte vekk alt han hadde. Han var ein notorisk rundbrennar. Han tok lite omsyn til kva planar andre hadde, viss han skulle spela kort ein kveld, skulle han spela kort.

Dei som vil finna fakta om Chico, og dei som i tillegg ynskjer å knyta hendingar opp til årstal, må leita andre stader. Sjølv om ein held seg til det reint personlege, kjem det ikkje fram kor tid han gifta seg, kor tid dottera var fødd, kor tid foreldra tok ut separasjon, osb. Boka vinglar mykje mellom livet til Chico, arbeidet hans, og livet til dottera. Det er ustrukturert, og mange stader er det reine samlingar med anekdotar om Chico. Maxine Marx ynskte sjølv å verta skodespelar, og bruker for mykje plass på korleis ho prøver å få det til.

Ei middels bok, med andre ord. Men så lenge det ikkje finst andre biografiar om Chico, og så lenge fellesbiografiane ikkje skriv mykje om kva han gjorde etter at trioen (eigentleg) vart oppløyst tidleg i 1940-åra, er her mykje informasjon ein ikkje finn andre stader. Tek ein boka for det ein er, kan ein ha utbyte av det. Så får me heller tru at det på eit eller anna tidspunkt kjem ein skikkeleg biografi om Chico.

Guffen tilrår.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)
Robert S. Bader: Zeppo. The Reluctant Marx Brother (2024)

29. juli 2010

Howard Teichmann: Smart Aleck (1976)

For nokre år sidan gav Olav Vesaas ut ein biografi om Aasmund Olavsson Vinje. Meldaren i Vestmannen (evt. Målmannen) var ikkje nøgd, han meinte noko slikt som at det skal godt gjerast å skriva ein kjedeleg biografi om Vinje, men Vesaas skal ha for eit godt forsøk. Eg var ikkje samd i den meldinga, eg hadde godt utbyte av å lesa Vinje-biografien, men eg kom til å tenkja på den meldinga då eg las denne boka.

Alexander Woolcott (1887-1943) var ein fargerik person. Han levde av å skriva, han var journalist, teatermeldar, spaltist, forfattar. Han var av dei fremste journalistane i USA, og tok seg svært godt betalt for artiklar, for å halda foredrag, og for å vera vert for eit radioprogram. Det programmet gjorde han til ein rikskjendis, og gav han endå større inntekter, sidan bøkene hans fekk ein større lesarkrins.

Han var ein sosial person, som likte seg best blant andre skrivarar. Woollcott var sentral i krinsen som kom saman på Hotel Algonquin i New York, og der var andre framståande forfattarar med, som t.d George Kaufman. Her var det dei gode replikkane som gav status, det var eit miljø der språket stod sentralt. Woollcott åtte ei øy i Vermont, der han var store delar av sommaren, og der han heile tida hadde gjestar. Skulle han vera i Frankrike ein sommar, inviterte han med seg nokre av venene sine, slik at han ikkje vart verandre der åleine. Han elska practical jokes, så lenge dei ikkje gjekk ut over han sjølv. Då seier det seg sjølv at alle gjorde sitt for å kødda med han. Han var ein flannør, han var fullt klar over at andre visste kven han var, og koste seg i glansen.

I sjølvbiografien sin fortel Harpo Marx om ein gong han var med Woollcott på ein premiere. Stykket handla om ein pilot som overlevde ein flystyrt, og som vart teken vare på av nokre indianarar. Fyrste akt sluttar med at han forlovar seg med dotter til høvdingen i stamma. I andre akt vert høvdingen uroleg for at piloten kan ha gått til sengs med dotter hans, men piloten forklarar at det er umogleg, sidan han fekk store skadar i underlivet i flystyrten. Wollcoott melde stykket kort og konsist: In the first act, she becomes a lady. In the second act, he becomes a lady.

Alt skulle såleis liggja godt til rette for at ein Woollcott-biografi skulle vera god. Teichmann har ikkje greidd det. Eg trur det har noko med strukturen å gjera, boka vert litt laus i fisken. Ho er bygd opp strengt kronologisk, og kunne nok ha tent på ei tematisk inndeling i staden. Mange av kapitla sluttar med nokre sider med anekdotar, og mange av desse er ikkje gode nok. Teichmann tek òg altfor ofte for gitt at alle veit kven han skriv om. Nokre personar får brei omtale, andre får ikkje noko i det heile. Eg saknar altså eit strammare grep, eg saknar ein meir myndig forfattar.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

14. juli 2010

Odd Iversen / Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)

Sommarlesinga tok ei uventa vending etter ei vitjing på Farsund bibliotek. Der var det boksal, dei tømde hyllene for bøker ingen les lenger. To område var særs godt dekte, biografiar om fotballspelarar, og bøker på nynorsk. Fotballbiografiane er lettlesne og vel så det, så etter å ha vore gjennom ei på alle måtar tynn bok om Mini Jakobsen, brukte eg nokre timar på ei bok om Odd Iversen.

Odd Iversen var ein av dei fyrste norske spelarane eg visste namnet på, og kan godt vera ein av dei viktigaste grunnane til at Rosenborg vart favorittlaget mitt. Av og til var eg med far min til kontoret hans på folkehøgskulen, og medan han pusla med sitt, bladde eg i bøker eg fann på biblioteket der. Sportsboken frå åra rundt 1970 var blant favorittane, og det var på den tida at Ivers herja som verst.

Då ante eg sjølvsagt ingenting om korleis han var utanfor bana, og visste heller ikkje mykje om det ekstreme temperamentet hans. Han var ikkje akkurat nokon festbrems, og var støtt og stadig på kant med dommarar, og med representantar for styre og stell. I boka legg han ikkje skjul på dette, han skriv at han røykjer og drikk, og fortel sin versjon av dei mest vidgjetne episodane der han kom på kant med autoritetane. I 1973 kom han innpå som reserve i cupfinala nokre minutt før slutt, og vart utvist eit halvt minutt seinare.

Han fekk òg karantene frå landslaget ved to ulike høve. I 1969 var landslaget på tur til Mellom-Amerika, og her skulle Iversen få gullklokka. I kjølvatnet av ein runde på byen kom han på kant med Nicken Johansen, generalsekretær i fotballforbundet, og han fekk ikkje spela kampen. Nokre veker seinare fekk han vita at forbundet hadde gjeve han karantene på åtte månader. Han skriv at då han endeleg fekk gullklokka, for sin landskamp nummer tjuefem, var garantien på klokka gått ut.

Biografien handlar berre om fotballkarriera. Tida fram til junioralder vert fort fortalt, og det vert ikkje brukt mykje tid på anna enn fotball. Det står litt om korleis det er vanskeleg å vera gift med ein fotballspelar, og korleis dette førte til at han og kona tok ut separasjon. Namnet hennar vert ikkje nemnt, heller ikkje namna på ungane hans.

Iversen står fram som ein god sosialdemokrat. Han veit at han, til liks med mange andre storskårarar, vert framstilt som den viktigaste på laget, men han passar heile tida på å framheva resten av laget.

Boka er skriven nokre år før Iversen la opp. Han skriv om skadar og problem med familien, men det var fyrst etter at han la opp at han verkeleg fekk problem. Med den rette forfattaren kunne det ha vorte ei god bok, denne fengar berre sånn nokolunde. Den siste delen, der han har ein liten fotballskule, hoppa eg forbi.

Guffen er lunken.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
Paul McGuigan og Paolo Hewitt: The Greatest Footballer You Never Saw (1997)
John Aizlewood: Playing At Home (1998)
Uli Hesse: Tor! (2003)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

11. juli 2010

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)

Eg er berre sånn middels interessert i norsk fotball. Eg har sånn passeleg oversikt over kva som skjer, men det heilt store engasjementet er ikkje der. Rosenborg har vore det norske favorittlaget mitt sidan tidleg i syttiåra, og paradoksalt nok var det det laget som tok knekken på den største interessa mi. Den totale dominansen deira på nittiåra gjorde at all spaninga var vekke, dei einaste gongene eg var engasjert var dei gongene dei spelte Meisterliga.

Det var ikkje berre fotballen deira som var lett å lika, dei hadde òg mange spelarar det var stas å sjå på, og som tidvis kunne verka sympatiske i intervju og slikt. Ein av dei som drog det samla inntrykket ned, var Mini Jacobsen. Då han vart selt til sveitsiske Young Boys i 1991 (omtrent), hugsar eg at eg sa til Brynjulv at no vart det lettare å vera Rosenborgfan.

Den viktigaste grunnen til at Mini var plagsam, var veremåten hans. Breial, stor i kjeften, sjølvsikker, kanskje litt arrogant - alt i alt var det ikkje mykje å skryta av. Som fotballspelar var han heldigvis betre. Han var svært populær, mest i dei yngre aldersgruppene. Denne boka er heilt klart skriven med denne lesargruppa i tankane.

Boka opnar slik idrettsbiografiar skal: Med høgdepunktet i karriera. Her er det den kampen der Mini skåra mot Italia, på bortebane. Deretter går ein tilbake til utgangspunktet, og skriv om korleis foreldra (i dette tilfellet mora), trenarar og medspelarar har vore gode medhjelparar. Det er ein total mangel på djupe analysar, og dei gongene Mini slepp til med direkte sitat er det heller ikkje djupe tankar som kjem.

Men vent litt? Var ei skåring på bortebane mot Italia høgdepunktet for Mini? Nja. Boka kom ut då Mini var 27 år, og han gjorde mykje etterpå. Han var med i to VM-sluttspel, han spelte mange kampar i Meisterligaen, han vann ei rekkje seriegull med Rosenborg, men dette vert ikkje nemnt her. Skal ein vurdera Mini ut frå denne boka, har han ikkje gjort noko sportsleg som rettferdiggjer at han har fått ein biografi.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Paul McGuigan og Paolo Hewitt: The Greatest Footballer You Never Saw (1997)
John Aizlewood: Playing At Home (1998)
Uli Hesse: Tor! (2003)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

13. mai 2010

Patti Smith: Just Kids (2010)

Eg har aldri hatt noko forhold til Patti Smith. Songen "Because the Night" var med på nokre samleplater me høyrde på i 70-åra, men den gjorde ikkje større inntrykk. Eg har ikkje høyrt mykje anna av musikken hennar, men det eg har høyrt, har vore sånn midt på treet.

Ein som hadde eit forhold til Smith var fotografen Robert Mapplethorpe, og han har eg meir sans for. Eg såg ei utstilling av bileta hans i Wien for nokre år sidan, og las i etterkant biografien Patricia Morrisroe skreiv om han. Der las eg om tida han budde saman med Smith, og det er det som er utgangspunktet for denne boka.

Smith fortel om korleis ho flyttar til New York i tjueårsalderen, og korleis ho litt tilfeldig vert kjent med Mapplethorpe. Dei flyttar i lag, fyrst i Brooklyn, deretter på legendariske hotell Chelsea. Begge vil driva med kunst - ho skriv dikt, medan han lagar bilete. Etter kvart vert ho musikar og han fotograf, men det er etter at dei har flytta frå kvarandre. Han gleid gradvis inn i homomiljøet, og brukte det aktivt i kunsten sin. Han fekk ein sponsor, slik at han vart kvitt alle økonomiske problem. Og dei var det mange av - dei levde lenge på sveltegrensa.

Mot slutten av boka er begge etablerte kunstnarar, men Smith lagar ikkje noko nummer av det. Å vera kjent var ikkje viktig, det var viktigare å laga noko som var bra. Det er i det heile ein flott tone i denne boka, som heilt tilfeldig er den tredje sjølvbiografiske boka eg les på kort tid. Som kunstnar heng Smith lang høgare enn Kent og Hovden, men ho er langt meir nøktern enn dei når det gjeld eigne kvalitetar.

Det er altså ei bok om å verta kunstnar, og om å ta kunsten på alvor. Men det er òg ei bok om å vera glad i nokon. Etter at dei to flytta frå kvarandre hadde dei framleis svært mykje kontakt; fleire av omslaga på platene til Smith er Mapplethorpe-foto. Boka handlar om perioden 1967-76, omtrent, pluss ein siste del om dei siste åra Mapplethorpe levde. Han fekk diagnosen AIDS i 1986. Smith budde då i Detroit, men ho var jamleg til New York for å snakka med han, fram til han døydde i 1989. Heile boka er velskriven, men i denne siste delen vert skrivinga endå betre. Ho skriv flott om korleis det er når ein svært god ven ligg for døden i ein annan by, noko eg diverre veit litt om.

Guffen tilrår.

Meir Patti Smith på kulturguffebloggen
Woolgathering (2011)
M Train (2015)
Devotion (2017)
Year of the Monkey (2020)
Caryn Rose: Why Patti Smith Matters (2022)
Bread of Angels (2025)

1. mai 2010

Brad Gooch: Flannery (2009)

Flannery O'Connor er ein av desse (relativt) unge døde kunstnarane som vert meir og meir omtykt etter kvart som tida går. Ho døydde i 1964, 39 år gamal, og hadde då gitt ut to romanar og éi novellesamling. Det kom ei ny novellesamling året etter at ho døydde. Omdømet hennar veks og veks, så langt er det i USA skrive nær 200 doktoravhandlingar om bøkene hennar.

Då eg tok engelsk grunnfag, las me novella "Good Country People", og på mellomfag tok eg eit seminar om heile forfattarskapen hennar. Eg likte det eg las. Det var mykje humor, det var mykje svart humor, men det var mykje meir enn det. I novellene, som var det eg likte best, var det mange fine portrett av vanlege folk, og det aula av gode setningar og formuleringar. Også privat var ho glitrande verbalt. Ho fekk ein gong eit brev frå ein av lesarane sine, som skreiv at den siste boka hennar "left me with a strange taste in my mouth". O'Connor svara "You weren't supposed to eat it"

Mange av lesarane hennar reagerte på liknande vis. O'Connor var katolikk, og tok religionen sin seriøst. Så lenge ho hadde helse til det, gjekk ho til messe kvar morgon. Ho var einebarn, miste far sin tidleg, og etter at ho fekk sjukdomen lupus som 25-åring, budde ho heime hjå mor si utanfor Milledgeville i Georgia, der store delar av omgangskrinsen var katolikkar. Og dei likte altså ikkje bøkene hennar spesielt godt.

Boka til Gooch er den fyrste biografien om O'Connor. Det er ei flott bok. O'Connor var ein ivrig brevskrivar, og han har hatt tilgang til fleire brevsamlingar etter ho. Han følgjer O'Connor tett gjennom livet, men har såpass respekt for ho at han ikkje lagar sensasjonar der andre kunne gjort det. Han går ikkje altfor langt inn i litteraturen hennar, men hentar fram døme der det passar seg slik. Han viser korleis fleire av novellene er baserte på eigne opplevingar, og korleis ein kan lesa heile forfattarskapen som den religiøse utviklinga til O'Connor.

Religion dominerer i det ho har skrive, men der er altså mykje meir. Denne biografien gjev meg lyst til å henta fram att bøkene hennar, for å lesa dei opp att. Det bør fleire gjera - O'Connor er av dei fremste amerikanske novelleforfattarane.

Guffen tilrår.

Meir O'Connor på guffekulturbloggen
Wise Blood (1952)
A Good Man is Hard to Find (1955)
The Violent Bear It Away (1960)
Everything That Rises Must Converge (1965)
The Complete Stories (1971)
Mystery and Manners (1972)
Wise Blood (film, 1979)

19. april 2010

Jan Inge Sørbø: Ørneflukt og ormegard. Ein biografi om Olav Aukrust (2009)

Samlaget skal ha mykje ros for satsinga på biografiar dei siste åra. Dei er ikkje åleine om det, det kjem ut mange biografiar kvart år, men fleire av biografiane Samlaget har gitt ut handlar om tidlege nynorskforfattar. Me har til dømes fått svært gode biografiar om Sivle og Blix, og litt mindre gode, men likevel informative og viktige biografiar om Sande, Vaage og Moren Vesaas. Alt er ikkje fryd og gaman, biografien om Løland kunne godt ha vore kutta ned til det halve.

Denne biografien om Olav Aukrust burde ikkje vore kortare. Sørbø presenterer livet til Aukrust, så godt det let seg gjera, og han går òg inn i dei viktigaste av dikta hans. Kortversjonen av livet hans er at han voks opp i Lom, arbeidde nokre år ved folkehøgskular, gav ut to diktsamlingar, og var ein religiøs grublar som døydde 46 år gamal. Sørbø skriv at han ikkje veit alt om Aukrust, det er til dømes uklart kvar han fekk inntekter nok. Truleg var antikvitetar den viktigaste inntektskjelda - han kjøpte og selde mange gamle ting. Ei stor samling vart kjøpt av Lom kommune, og den danna grunnlag for det som i dag er Lom bygdemuseum. Ei anna samling vart kjøpt av Jørgine Bloomer, som utvandra frå Bøverdalen og slo seg stort opp i USA. Det er kjent kva Aukrust fekk for å selja desse samlingane, men han må ha betalt litt for dei òg, og det kjem ikkje klart fram kor mykje han tente. Men han tente nok til å byggja eit eige hus på farsgarden, og til å (stort sett) leva av diktinga i 1920-åra.

Aukrust var ikkje av dei mest produktive diktarane. Det kom berre ut to samlingar medan han levde, Himmelvarden i 1916, og Hamar i Hellom i 1926. Det er mykje religion i dikta hans, og eg dett litt av i skildringa av dei ulike truene han vekslar mellom. Han skriv òg mykje om eige liv, der det mest dramatiske er at han heile det vaksne livet sitt vert dregen mellom to kvinner, som like godt er systre.

Sørbø har nytta kjeldene godt. Det har vore skrive godt om Aukrust tidlegare òg, og han bruker sjølvsagt desse bøkene, men han har hatt like mykje nytte av fleire samlingar med brev frå Aukrust. Boka fekk meg til å finna fram Dikt i samling, og det er alltid eit godt teikn. Eg skjønar ikkje alt Aukrust skriv om, langt derifrå, men eg vert riven med av språket hans, som er sterkt og godt.

Guffen tilrår.

Meir Sørbø på kulturguffebloggen
Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)
Fire store (2022)

17. februar 2010

Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)

Eg skulle på dagstur til Oslo, og hadde bruk for litt lesestoff. Denne boka stod lagleg til, og vart lesen på ut- og heimvegen. Eg kjenner livssoga til Scott godt frå før, mest frå den glimrande dobbeltbiografien Ronald Huntford skreiv om Scott og Amundsen. Huntford, som er britisk, kvir seg ikkje for å skriva at Scott kunne overlevd turen, viss han hadde hatt vit til å førebu seg skikkeleg. Boka til Huntford låg til grunn for ein flott fjernsynsserie frå 1980-talet - viss det er noko tak i NRK viser dei serien om att neste år, i samband med hundreårsjubileet.

Huntford pirka såleis litt i ein nasjonal helt. Pound gjer sitt for å leggja grunnlaget for meir heltedyrking. Han vert litt for mild - han fortel sjølvsagt kva som går gale, men er ikkje like streng som Huntford. På vegen mot Sydpolen hadde Scott med seg mange menn, for å leggja att depot til heimturen. Rett før dei siste snudde nordover att, fann Scott ut at han skulle ha med seg fire menn vidare, ikkje tre, slik planane hadde vore. Huntford skriv at det Scott burde ha skjønt at det skipla alle planar, og ikkje berre av di alle matrasjonar no vart mindre. Dei hadde berre fire par ski, slik at ein av dei måtte vabba til fots i snøen. Pound skriv berre at Scott tok med seg ein ekstra mann, og let lesaren sjølv dra sine konklusjonar.

Pound skriv veldig formelt og stivt, og skrivestilen passar bra til ein biografi om Scott, som var marineoffiser. Han bruker mykje tid på å skriva om forholdet til kona og mora, kanskje av di han som fyrstemann fekk tilgang til dagbøkene kona skreiv medan Scott var i Antarktis. Boka er lettlesen (viss du kan engelsk), og gjev eit greitt innsyn i livet til Scott. Det vert likevel for ukritisk. Det finst betre Scott-biografiar.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)

30. desember 2009

Hans Olav Lahlum: Haakon Lie. Historien, mytene og mennesket (2009)

Eg les mange biografiar. Dei fleste handlar om musikarar, nokre handlar om skodespelarar, nokre handlar om målfolk, og nokre handlar om heilt andre folk. Politiske biografiar har eg lese få av, i farten kjem eg berre på den fine biografien Frank Rossavik skreiv om Einar Førde, Stikk i strid. Om denne Haakon Lie-biografien er starten på ei ny lei, veit eg ikkje, men det er i tilfelle ein grei plass å ta til.

Boka er grundig og informativ, og Lahlum har gjort god bruk av ei rekkje kjelder, munnlege som skriftlege. Han har gjort ei mengd intervju med folk som stod Lie nær, og ei mengd andre folk; han har brukt mange bøker, og har òg hatt tilgang til fleire personarkiv, fyrst og fremst arkivet etter Lie. Lahlum var den fyrste forskaren som fekk tilgang til akkurat dette arkivet.

Haakon Lie var aktiv i norsk arbeidarrørsle frå 1920-åra til han døydde tidlegare i år, godt og vel 103 år gamal. Han var partisekretær i Arbeidarpartiet i 24 år, frå 1945 til 1969, og var såleis svært sentral i norsk politikk i etterkrigstida. Som partisekretær var han strategen bak dei gode valkampane til partiet, som i denne perioden hadde sterk kontinuitet på leiarsida. Einar Gerhardsen var partiformann 1945-65 og statsminister i den same perioden, med unntak av 1951-55, og nokre veker i 1963; Trygve Bratteli var partinestformann 1945-65; og Konrad Nordahl var formann i LO 1939-65. Også redaktørane i partiavisa Arbeiderbladet sat lenge, mellom 1923 og 1974 hadde avisa berre tre redaktørar. Lie stod såleis sentralt då Noreg gradvis vart ein velferdsstat, og Arbeidarpartiet hadde fleire gonger i denne perioden reint fleirtal på Stortinget.

Sett frå utsida var det altså ei harmonisk og samstemd partileiing. På innsida var motsetnadene større. Lie og Gerhardsen stod på kvar sin fløy i partiet, og gradvis vart det større avgrunn mellom dei. Lie sokna til høgresida i Arbeidarpartiet. Han var ein nær ven av USA og av Israel; og Lahlum sporar begge desse venskapane attende til andre verdskrigen. Då var Lie lenge i USA, og fekk sansen for landet, for å seia det mildt. Han fekk òg sterk sympati for jødane under andre verdskrigen, og den nære venskapen med Israel heng saman med dette. Mot slutten av livet nyanserte han oppfatningane sine av desse to landa. Tidlegare var dette ein av måtane han kategoriserte andre personar på - var dei usamde med han i synet på Israel, var dei ikkje noko å samla på.

Lie hadde ein brysk og lite sympatisk veremåte. Han hadde eit heftig temperament, og brukte ofte ord som ikkje passa i samanhengen. Han var likevel stor nok til å be om orsaking, der det var behov for det, og han kunne òg skifta syn på personar, i alle fall der dei ikkje hadde kritisert han offentleg.

Lahlum har arbeidd lenge med biografien, og har ikkje greidd å styra unna ei felle som er vanleg for biografar. Han får eit litt for nært forhold til personen som vert biografert, og har lett for å forsvara han, der andre kunne drege andre konklusjonar. Han skriv fleire stader at Lie mot slutten av livet vart eit nasjonalt ikon, og det slit eg med å akseptera. Ein slik tittel kan ikkje delast ut i tide og utide, og kan ikkje brukast om ein person som vert ikonifisert av berre delar av landet. For arbeidarrørsla heng Lie høgt, men det er ikkje nok. For dei politisk interesserte - kanskje. For dei generelt interesserte - neppe. Alle dei andre, som jo er i stort fleirtal, anar truleg ikkje kven Haakon Lie var, og veit i alle fall ikkje nok om han til å omtala han som eit nasjonalikon.

Språket i boka er ikkje alltid like godt. Ein ting er at han heile tida omtalar både Lie og Gerhardsen med både førenamn og etternamn, ofte hektar han òg på titlane deira. Ein annan ting er at mange setningar og avsnitt ikkje er gode. Han skriv til dømes "Den 48 år gamle Einar Gerhardsen var oligarkiets mektigste medlem. Trygve Bratteli var med sine 35 år yngst, og Haakon Lie med sine 40 år nest yngst. Med sine 66 år var Martin Tranmæl den klart eldste. De to skulle da også bli sittende lengst." Kven er "de to"? Og han skriv "Var det en realitet eller myte? Bruker man en snever definisjon etter tysk modell, ... er svaret etter alt å dømme nei".

Han bruker òg det han omtalar som totempometoden, der boka har eit annotert notesystem. Det irriterer. At alle reine referansar er plasserte til slutt, er sjølvsagt greitt, men at så mykje viktig informasjon er samla i sluttnotar, er berre tull. Han meiner at allmennlesaren vil finne det ho/han treng i basisteksten, medan ekspertlesaren finn mykje av nytte i dei rundt hundre sidene med notar. Finst det allmennlesarar på ein 780 sider lang biografi, sluttnotane medrekna? Dei som les denne boka, vil heile tida bla fram og attende, for å sjå kva som står i notane, og då hadde det vore betre å ha alt samla. Eventuelt å samla reine referansar til slutt, og å ha informative fotnotar fortløpande gjennom boka. Nokre stader kjem vurderingane til Lahlum i sluttnotane. I basisteksten skriv han at Lie i 1991 fekk Eilert Sundts forskingspris. I ein sluttnote står det "prisutdelingen må ut fra tidligere nevnte innvendinger mot Haakon Lies bøker som forskningsarbeider sies å være høyst diskutabel". Kvifor allmennlesaren skal sparast for denne vurderinga, er ikkje godt å seia.

Guffen tilrår.

Meir Lahlum på kulturguffebloggen
Noen av oss har snakket sammen ... (2010)
Reiulf Steen (2019)

8. november 2009

Idar Stegane: Mons Litlerés forlag (1983)

Eit lite hefte om ein av dei viktigaste nynorske forleggjarane.

Mons Litleré (1867-1895) fekk gjort mykje den korte tida han levde. Han dreiv bokhandel og forlag frå 1886 til han døydde, dei to fyrste åra i Naustdal, resten av tida i Bergen. Han var effektiv, og gav ut i alt rundt nitti bøker. Meir enn seksti av desse var på landsmål, og han gav ut bøker og skrifter av mange av dei best kjende forfattarane. Mellom dei var Arne Garborg, og han gav mellom anna ut Fred på Mons Litlerés forlag.

Litleré var òg journalist og redaktør, han redigerte Firda- og Sygnafylkets Avis, seinare Firda, 1887-93. Her vart mellom anna diktet "Aa liva" av Anders Vassbotn publisert fyrste gong. Litleré hadde eit stort nettverk, og var sentral i landsmålsmiljøet i 1890-åra.

I dette korte skriftet, som var jolehelsing frå Samlaget i 1983, viser Idar Stegane greitt korleis Litleré arbeidde for å få ut bøker på landsmål. Eg las det heile på rundt ein time, og etter lesinga var eg imponert over kva Litleré fekk gjort.

Guffen tilrår.

Meir Litleré på kulturguffebloggen
Jan Olav Gatland: Ein driftig djevel i Bergen. Historia om Mons Litleré (2018)