18. oktober 2010

Helge Ingstad: Vesterveg til Vinland (1965)

Marit var på loppemarknad for nokre veker sidan. Som vanleg var eg berre interessert i at ho skulle kjøpa bøker til meg, og som vanleg kom ho heim med nokre godbitar. Det er ikkje rare loppemarknaden viss der ikkje er bøker av Ingstad, det einaste som er sikrare er at boka Munnspill under åpen himmel av Erik Bye er til sals der.

Eg las nyleg del to av biografien Benedicte Ingstad skreiv om foreldra sine, og sidan denne boka stod lagleg til, freste eg like godt gjennom denne òg. Det er ei god og velskriven bok, men eg juksa likevel litt av og til.

Ingstad skriv godt om bakgrunnen for kvifor han meinte at Vinland låg heilt på Newfoundland, han går inn i originaltekstane, og avkreftar nokre myter som er henta frå heilt andre kjelder. Det har tidvis vore stor debatt om namnet Vinland - handlar det om vin, eller handlar det om vin i tydinga slette? I nokre kjelder står det at folk i Vinland hausta vindruer, og viss det skulle vera tilfelle, må Vinland ha lege lenger sør. Så langt nord som Newfoundland veks det ikkje vindruer. Dette med vindruene er henta frå seinare, tyske kjelder, og har såleis ingenting med røynda å gjera. Ingstad meiner heller at det må forklarast som slette eller eng, og at det samsvarar langt betre med namna dei gav to andre område langs kysten av Canada, Helluland og Markland.

Dette er populærversjonen av rapporten etter utgravingane ved L'Ance aux Meadows. Ingstad er best når han skriv om korleis han leitte etter høvelege stader å grava, og når han skriv om korleis dei gradvis fann meir og meir. Innimellom alt dette kjem det litt for mykje om andre turar han gjorde i området. Ingstad var utdanna jurist, men søkte heile tida kunnskap om dei innfødde i områda han vitja. Det er tydeleg her òg, og det er òg tydeleg at han veit kva han snakkar om. I biografien skriv dottera at då Ingstad engasjerte seg i kampen mot EU i 1994, brukte han lang tid på å setja seg inn i sakene, han ville ikkje verta teken i faktafeil. Slik verkar det òg å vera her, der han viser solide kunnskapar langt utanfor eige fagfelt.

Guffen tilrår.

Meir Ingstad på kulturguffebloggen
Helge Ingstad: Pelsjegerliv (1931)
Helge Ingstad: Øst for den store bre (1935)
Helge Ingstad: Klondyke Bill (1941)
Helge Ingstad: Nunamiut (1951)
Helge Ingstad: Landet under leidarstjernen (1959)
Benedicte Ingstad: Eventyret (2009)
Benedicte Ingstad: Oppdagelsen (2010)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar