21. mai 2026

Patti Smith: Bread of Angels (2025)

Her fortel Smith om livet sitt. Eller, ho fortel litt om livet sitt. Ho snakkar sjølvsagt ikkje om alt, men det handlar om livsglede og kunst, det handlar om venskap og kjærleik, og det handlar om tap og død.

Ho skriv om ein oppvekst utan ein stor materiell rikdom. Familien flytta litt rundt. Det kjem eit brot då ho, atten år gamal, fortel at ho er gravid og at ho har funne ein familie som vil ta seg av barnet. Ho har bestemt seg for å flytta, men før ho får den overhøvlinga ho var redd for å få, reiser bror hennar seg og fortel at han er trans.

Ho flyttar til New York, der ho etter kvart vert kjend som poet og musikar. Etter nokre år flyttar ho til Detroit, der ho giftar seg med Fred Smith (frå MC5) og vert husmor nokre år. Her kjem kanskje dei finaste skildringane i boka - både når ho fortel om samlivet deira, og når ho fortel om saknet etter at han er død.

Eg skriv "kanskje", av di boka er full av fine skildringar. Smith er poet, ho har ei finfin språkkjensle, og det var stas å lesa denne boka. 

Guffen tilrår.

Meir Patti Smith på kulturguffebloggen
Just Kids (2010)
Woolgathering (2011)
M Train (2015)
Devotion (2017)
Year of the Monkey (2020)
Caryn Rose: Why Patti Smith Matters (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar