3. august 2010

Sparre Olsen: Tor Jonsson-minne (1968)

I 1999 gav Ingar Sletten Kolloen ut ein fin biografi om diktaren Tor Jonsson (1916-1951). Boka er grundig og god, og vil verta ståande, som det heiter. Eitt av hovudinntrykka eg sat att med etter å ha lese den boka var at Jonsson hadde det tøft. Han sleit på fleire område.

Hadde denne boka koma ut etter Kolloen-biografien, kunne det vore nærliggjande å kalla dette eit svar. Komponisten Sparre Olsen hadde nær omgang med Jonsson, og i boka fortel han om møte og samvere med Jonsson, og tek med mange kort og brev Jonsson sende han. Her er Jonsson lystig, i godt humør, og skriv brev der det støtt kjem humoristiske vendingar. "Eg skulle saga ved i dag, men så var eg så heldig at saga sund saga og da fann eg på å skrive nokre ord i staden." Boka inneheld òg dikt som ikkje var med i dei samlingane Jonsson gav ut, og her er fleire foto og teikningar.

Det er ei kort og lett bok, som fyrst og fremst er ei minnesamling. Det handlar om mennesket Jonsson; mindre om diktaren og dikta. Eg likte boka, og vart ørlite nostalgisk. Det er jo heilt utenkjeleg at norske forlag ville gitt ut liknande småskrifter i dag.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Ingar Sletten Kolloen: Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson (1999)
Håvard Teigen og Svein Johs Ottesen (red.): Meg kan ingen grava ned. Artiklar om Tor Jonsson (2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar