23. november 2022

Rasmus Løland: Noveller (1972)

Rasmus Løland (1861-1907) er vel best kjend for barnebøkene sine. Han var den fyrste norske forfattaren som konsekvent skreiv frå borna sin synsvinkel. Seinare vart han redaktør for Norsk Barneblad, og fekk omsett fleire solide barnebøker til norsk. Han ville gje borna gode leseopplevingar, utan det sentimentale innhaldet han fann i mange av dei mindre gode bøkene.

Han skreiv òg for vaksne, og i denne boka er sju noveller samla. Sjølv brukte han ikkje det ordet om desse forteljingane, og éi av dei, "Automaten", fell ikkje inn under det vanlege novelle-omgrepet. Det er ikkje så viktig - med unntak av den novella er dette ei finfin bok. 

Løland skriv godt, og med få unntak er novellene godt oppbygde. Det er kompakte, dramatiske handlingar, der eit fellestrekk kan vera at det gjerne handlar om sjukdom og/eller død. Fleire av hovudpersonane har det vondt, gjerne fysisk, av og til psykisk, ein sjeldan gong av di dei slit økonomisk. I den lange opningsnovella "Skuld" byggjer han det heile opp nesten hitchcocksk. Han luringen som kjem på besøk til ein fattig familie er der eigentleg for å krevja inn gjeld, men det tek lang, lang tid før han kjem til det poenget. På vegen dit får Løland òg vist at han kan skriva humoristisk.

Guffen tilrår. 

Meir Løland på kulturguffebloggen
Hundre år (1910)
Olav Midttun: Rasmus Løland (1961)
Sjølvbiografi (1988)
Austigard og Austigard; Jakten på Bjednekniven (2009)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar