4. juni 2017

Olav Midttun: A. O. Vinje (1960)

Det burde kome fleire bøker som denne. I dag er det oftast slik at biografiar er omfangsrike, og dei kjem gjerne i fleire band. Slike biografiar har absolutt sin verdi, men dei mange detaljane kan føra til at mange lesarar trekkjer seg unna. I denne boka er det heilt annleis, Midttun avgrensar seg til 150 sider. Og, som alle veit, poenget er ikkje kor mange sider ein skriv, det er viktigare kva ein skriv på dei sidene ein fyller. Og her er Midttun eksemplarisk.

Han går biografisk til verks, og følgjer Vinje gjennom oppvekst, skulegang, yrkesliv, bladliv, reising og privatliv. Han tolkar, fortel og forklarar, og i det avsluttande kapitlet flettar han saman trådane. Der skriv han òg kort om korleis Vinje er omtala i litteraturhistorier, og sluttar med to sider med tilrådd lesnad. Der står han sjølv med om lag ein tredel av dei tilrådde bøkene/artiklane, men det kan han godt gjera.

I boka bruker Midttun mykje plass på diktaren Vinje. Sjølv kunne eg like gjerne lese meir om bladmannen Vinje. Det sprutar meir av sakprosaen til Vinje, og der var han langt viktigare enn i poesien. Mange av dikta hans lever godt, og det er vel og bra, men når ein jamfører Dølen med andre aviser frå den tida, er det tydeleg kor friskt Vinje skreiv.

Guffen tilrår.

Meir Midttun på kulturguffebloggen
Rasmus Løland (1961)
Mål og menn (1968)
Livsminne (1971)

Meir Vinje på kulturguffebloggen
Ferdaminne frå sumaren 1860 (1861)
Vetle Vislie: Aasmund Vinje (1906)
Idar Handagard: Aasmund Vinje i Staalediktet (1909)
Lyriske dikt (1910)
Langslet og Rydne: Villmann, vismann og veiviser (1993)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar