Denne boka kan minna litt om Pelsjegerliv. Også denne boka fortel eit lengre opphald Ingstad hadde i det nordlegaste Nord-Amerika, men utgangspunktet er litt annleis. I Pelsjegerliv reiste han ut for å leva fleire år som jeger; her var målet å verta kjent med eskimoar som levde langt nord i Alaska. Han er meir sosialantropolog enn jeger.
Det er naturskildringane som er dei beste. Ingstad skriv godt, og han får godt fram korleis han vert dregen mot naturen. Han er med eskimoane overalt - dei flyttar jamleg, dei dreg dit dei vonar at reinsdyra er. Dei er likevel ikkje lengre unna sivilisasjonen enn at dei av og til får besøk av fly - det kan vera av di nokon av dei treng dokter, det kan vera av di nokon kjem for å kjøpa skinn hjå dei. Ingstad vert ein del av samfunnet deira, han snakkar språket deira, han lærer songane deira, og dokumenterer det heile på film.
Det svingar ikkje like som av Pelsjegerliv. Det er kanskje urettvist å samanlikna dei to bøkene, men likevel. Mot slutten kjem det eit langt kapittel om songar, komplett med noteliner og tekstar, og det bryt for mykje med resten av boka. Slik er det gjerne ved andre høve òg, i kortare eller lengre avsnitt.
Guffen er lunken.
Meir Ingstad på kulturguffebloggen
Helge Ingstad: Pelsjegerliv (1931)
Helge Ingstad: Øst for den store bre (1935)
Helge Ingstad: Klondyke Bill (1941)
Helge Ingstad: Landet under leidarstjernen (1959)
Helge Ingstad: Vesterveg til Vinland (1965)
Benedicte Ingstad: Eventyret (2009)
Benedicte Ingstad: Oppdagelsen (2010)
11. juni 2019
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar