28. april 2018

Rasmus Løland: Hundre år (1910)

Rasmus Løland var fyrst og fremst kjend for barnebøkene sine. Han var òg ein strålande redaktør av Norsk Barneblad dei siste fire-fem åra han levde. Han skreiv likevel meir, mykje meir, mellom anna denne boka. Han leverte inn manuskriptet i 1903, men fekk det i retur frå forlaget, som meinte at dette "ikkje var høveleg lesnad for ungdomen". Det er ei bok som handlar om andre tema enn barnebøkene hans, det er rett, men det er likevel vanskeleg å sjå at ungdommen bør skjermast frå dette. Boka kom ut i 1910, tre år etter at Løland var død.

Forteljinga opnar med ein fest i ein liten by i Alpane. Det er inngangen til eit nytt hundreår, og nokre kunstnarar er samla til lystig lag. Dei vert samde om å møtast igjen om hundre år, for å fortelja kvarandre kva dei har fått gjort i mellomtida. Så går dei kvar til sitt. Løland følgjer så kunstnarane gjennom livet. Nokre få gjer det godt, nokre gjer det mindre godt, andre igjen gjer ingenting.

Det kapitlet som kan ha påverka forlaget til å refusera boka handlar om ei kvinne som flyttar frå Oslo til Nord-Noreg. Der døyr ho, og der vert ho gravlagd. Så tek eit jordras gravplassen, og både likkister og skjelett kjem fram att i dagen. Skjelettet til kvinna vert flytta til eit museum, der det vert utstilt - ho var ikkje med på laget i Alpane, men er den personen i boka som vert synleg for dei komande generasjonane.

Boka sluttar så med eit nytt lag i Alpane, hundre år seinare. Nye kunstnarar er samla, eit nytt hundreår står for døra. Dei snakkar om at det kanskje sat nokre her for hundre år sidan, og at det vil sitja andre her om nye hundre år.

Det er ei lita bok, på litt over hundre sider. Boka skulle gjerne vore lengre, for det er ein fryd å lesa ho. Dei fleste portretta er glimrande skildra, og samla vert det ei finfin forteljing. Då eg var ferdig med boka tenkte eg at dette er ei bok eg skal henta fram att ein gong, og det er jo alltid eit godt teikn.

Guffen tilrår.

Meir Løland på kulturguffebloggen
Olav Midttun: Rasmus Løland (1961)
Noveller (1972)
Sjølvbiografi (1988)
Austigard og Austigard; Jakten på Bjednekniven (2009)

1 kommentar:

  1. Ja, det er ei forteljing ein aldri gløymer når ein først har lese hnne. "Hundre år" vil alltid stå som ei av mine største leseopplevingar. Takk for ditt fin samandrag!

    SvarSlett