1. mai 2010

Brad Gooch: Flannery (2009)

Flannery O'Connor er ein av desse (relativt) unge døde kunstnarane som vert meir og meir omtykt etter kvart som tida går. Ho døydde i 1964, 39 år gamal, og hadde då gitt ut to romanar og éi novellesamling. Det kom ei ny novellesamling året etter at ho døydde. Omdømet hennar veks og veks, så langt er det i USA skrive nær 200 doktoravhandlingar om bøkene hennar.

Då eg tok engelsk grunnfag, las me novella "Good Country People", og på mellomfag tok eg eit seminar om heile forfattarskapen hennar. Eg likte det eg las. Det var mykje humor, det var mykje svart humor, men det var mykje meir enn det. I novellene, som var det eg likte best, var det mange fine portrett av vanlege folk, og det aula av gode setningar og formuleringar. Også privat var ho glitrande verbalt. Ho fekk ein gong eit brev frå ein av lesarane sine, som skreiv at den siste boka hennar "left me with a strange taste in my mouth". O'Connor svara "You weren't supposed to eat it"

Mange av lesarane hennar reagerte på liknande vis. O'Connor var katolikk, og tok religionen sin seriøst. Så lenge ho hadde helse til det, gjekk ho til messe kvar morgon. Ho var einebarn, miste far sin tidleg, og etter at ho fekk sjukdomen lupus som 25-åring, budde ho heime hjå mor si utanfor Milledgeville i Georgia, der store delar av omgangskrinsen var katolikkar. Og dei likte altså ikkje bøkene hennar spesielt godt.

Boka til Gooch er den fyrste biografien om O'Connor. Det er ei flott bok. O'Connor var ein ivrig brevskrivar, og han har hatt tilgang til fleire brevsamlingar etter ho. Han følgjer O'Connor tett gjennom livet, men har såpass respekt for ho at han ikkje lagar sensasjonar der andre kunne gjort det. Han går ikkje altfor langt inn i litteraturen hennar, men hentar fram døme der det passar seg slik. Han viser korleis fleire av novellene er baserte på eigne opplevingar, og korleis ein kan lesa heile forfattarskapen som den religiøse utviklinga til O'Connor.

Religion dominerer i det ho har skrive, men der er altså mykje meir. Denne biografien gjev meg lyst til å henta fram att bøkene hennar, for å lesa dei opp att. Det bør fleire gjera - O'Connor er av dei fremste amerikanske novelleforfattarane.

Guffen tilrår.

Meir O'Connor på guffekulturbloggen
Wise Blood (1952)
A Good Man is Hard to Find (1955)
The Violent Bear It Away (1960)
Everything That Rises Must Converge (1965)
The Complete Stories (1971)
Mystery and Manners (1972)
Wise Blood (film, 1979)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar