Viser innlegg med etiketten politikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten politikk. Vis alle innlegg

7. januar 2011

George W. Bush: Decision Points (2010)

George W. Bush var den suverent beste presidenten USA har hatt. Han var klok, innsiktsfull, myndig, handlekraftig, respektert, læreviljug og effektiv. Dukka det opp eit problem, tok det ikkje lang tid før han sette seg inn i det, og fann ei løysing på det. Han var president i åtte år, og i løpet av dei åtte åra vart USA eit langt betre land å bu i. Han avgrensa seg likevel ikkje til heimlandet, han var stadig på farten i utlandet, der han òg hadde svære kunnskapar, og der han sette i gang fleire prosessar til det beste for alle fridomssøkjande og demokrativennlege personar i heile verda.

Det inntrykket får ein etter å ha lese denne boka. Det var kanskje ikkje så uventa, sjølvbiografiar er jo ein fascinerande sjanger. Med den massive og verdsomfamnande kritikken Bush fekk då han var president, er det ikkje rart at han prøver å framstilla seg sjølv i eit godt lys. Biletet er truleg meir nyansert enn det inntrykket ein fekk av Bush då han var president, men eg trur likevel ikkje på det han skriv her. Det er ein grunn til at det florerer av Bush-blemmer på Youtube. Av og til minte Bush mest om ein person som hadde vunne ein konkurranse der premien var å vera president i USA. Plakaten ein demonstrant viste fram ein gong Bush vitja Storbritannia seier det meste: "Mad Cowboy Disease".

Når eg skriv at Bush har skrive boka sjølv, legg eg godviljen til. Ingen medforfattar er kreditert, men i takkelista til sist i boka vert det hinta om at ein av taleskrivarane hans, Chris Michel, har vore god å ha i arbeidet med boka. Boka er såpass velskriven, og dei ulike kapitla er så godt komponerte, at eg slit med å sjå at det er Bush som har skrive dei. Kanskje er det berre fordommar, Bush viser ofte til bøker han har lese, og skriv ein stad at han ein gong utfordra Karl Rove til ei lesetevling. Bush tapte, men las likevel 95 bøker i løpet av eit år, og det er eit respektabelt tal. Det går ikkje klart fram om dette var medan han var president, men han fann tid til mykje lesing då òg - han skriv at han las fjorten ulike biografiar om Abraham Lincoln medan han var president.

Bush framstår som folkeleg. Også i formelle samanhengar løyser han opp stemninga med middels gode replikkar, og han var ein utypisk politikar, som dei meir røynde politikarane må ha slite med å samarbeida med. Han hadde god kontakt med mannen i gata, han refererer stadig til brev og helsingar han har fått frå desse. Boka er bygd opp rundt dei viktigaste sakene han arbeidde med, og krigen mot terror og krigen i Irak får sjølvsagt god plass. I den andre presidentperioden sin auka han talet på soldatar i Irak, og fekk massiv kritikk for dette, også frå eigne partirekkjer. I boka vert denne kritikken møtt med at Bush siterer brev frå foreldre til ein soldat som har mist livet i Irak - desse skriv at dei er stolte av at sonen gav livet for landet sitt, og for Bush verkar det som om slike brev rettferdiggjer det han gjorde.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

30. desember 2009

Hans Olav Lahlum: Haakon Lie. Historien, mytene og mennesket (2009)

Eg les mange biografiar. Dei fleste handlar om musikarar, nokre handlar om skodespelarar, nokre handlar om målfolk, og nokre handlar om heilt andre folk. Politiske biografiar har eg lese få av, i farten kjem eg berre på den fine biografien Frank Rossavik skreiv om Einar Førde, Stikk i strid. Om denne Haakon Lie-biografien er starten på ei ny lei, veit eg ikkje, men det er i tilfelle ein grei plass å ta til.

Boka er grundig og informativ, og Lahlum har gjort god bruk av ei rekkje kjelder, munnlege som skriftlege. Han har gjort ei mengd intervju med folk som stod Lie nær, og ei mengd andre folk; han har brukt mange bøker, og har òg hatt tilgang til fleire personarkiv, fyrst og fremst arkivet etter Lie. Lahlum var den fyrste forskaren som fekk tilgang til akkurat dette arkivet.

Haakon Lie var aktiv i norsk arbeidarrørsle frå 1920-åra til han døydde tidlegare i år, godt og vel 103 år gamal. Han var partisekretær i Arbeidarpartiet i 24 år, frå 1945 til 1969, og var såleis svært sentral i norsk politikk i etterkrigstida. Som partisekretær var han strategen bak dei gode valkampane til partiet, som i denne perioden hadde sterk kontinuitet på leiarsida. Einar Gerhardsen var partiformann 1945-65 og statsminister i den same perioden, med unntak av 1951-55, og nokre veker i 1963; Trygve Bratteli var partinestformann 1945-65; og Konrad Nordahl var formann i LO 1939-65. Også redaktørane i partiavisa Arbeiderbladet sat lenge, mellom 1923 og 1974 hadde avisa berre tre redaktørar. Lie stod såleis sentralt då Noreg gradvis vart ein velferdsstat, og Arbeidarpartiet hadde fleire gonger i denne perioden reint fleirtal på Stortinget.

Sett frå utsida var det altså ei harmonisk og samstemd partileiing. På innsida var motsetnadene større. Lie og Gerhardsen stod på kvar sin fløy i partiet, og gradvis vart det større avgrunn mellom dei. Lie sokna til høgresida i Arbeidarpartiet. Han var ein nær ven av USA og av Israel; og Lahlum sporar begge desse venskapane attende til andre verdskrigen. Då var Lie lenge i USA, og fekk sansen for landet, for å seia det mildt. Han fekk òg sterk sympati for jødane under andre verdskrigen, og den nære venskapen med Israel heng saman med dette. Mot slutten av livet nyanserte han oppfatningane sine av desse to landa. Tidlegare var dette ein av måtane han kategoriserte andre personar på - var dei usamde med han i synet på Israel, var dei ikkje noko å samla på.

Lie hadde ein brysk og lite sympatisk veremåte. Han hadde eit heftig temperament, og brukte ofte ord som ikkje passa i samanhengen. Han var likevel stor nok til å be om orsaking, der det var behov for det, og han kunne òg skifta syn på personar, i alle fall der dei ikkje hadde kritisert han offentleg.

Lahlum har arbeidd lenge med biografien, og har ikkje greidd å styra unna ei felle som er vanleg for biografar. Han får eit litt for nært forhold til personen som vert biografert, og har lett for å forsvara han, der andre kunne drege andre konklusjonar. Han skriv fleire stader at Lie mot slutten av livet vart eit nasjonalt ikon, og det slit eg med å akseptera. Ein slik tittel kan ikkje delast ut i tide og utide, og kan ikkje brukast om ein person som vert ikonifisert av berre delar av landet. For arbeidarrørsla heng Lie høgt, men det er ikkje nok. For dei politisk interesserte - kanskje. For dei generelt interesserte - neppe. Alle dei andre, som jo er i stort fleirtal, anar truleg ikkje kven Haakon Lie var, og veit i alle fall ikkje nok om han til å omtala han som eit nasjonalikon.

Språket i boka er ikkje alltid like godt. Ein ting er at han heile tida omtalar både Lie og Gerhardsen med både førenamn og etternamn, ofte hektar han òg på titlane deira. Ein annan ting er at mange setningar og avsnitt ikkje er gode. Han skriv til dømes "Den 48 år gamle Einar Gerhardsen var oligarkiets mektigste medlem. Trygve Bratteli var med sine 35 år yngst, og Haakon Lie med sine 40 år nest yngst. Med sine 66 år var Martin Tranmæl den klart eldste. De to skulle da også bli sittende lengst." Kven er "de to"? Og han skriv "Var det en realitet eller myte? Bruker man en snever definisjon etter tysk modell, ... er svaret etter alt å dømme nei".

Han bruker òg det han omtalar som totempometoden, der boka har eit annotert notesystem. Det irriterer. At alle reine referansar er plasserte til slutt, er sjølvsagt greitt, men at så mykje viktig informasjon er samla i sluttnotar, er berre tull. Han meiner at allmennlesaren vil finne det ho/han treng i basisteksten, medan ekspertlesaren finn mykje av nytte i dei rundt hundre sidene med notar. Finst det allmennlesarar på ein 780 sider lang biografi, sluttnotane medrekna? Dei som les denne boka, vil heile tida bla fram og attende, for å sjå kva som står i notane, og då hadde det vore betre å ha alt samla. Eventuelt å samla reine referansar til slutt, og å ha informative fotnotar fortløpande gjennom boka. Nokre stader kjem vurderingane til Lahlum i sluttnotane. I basisteksten skriv han at Lie i 1991 fekk Eilert Sundts forskingspris. I ein sluttnote står det "prisutdelingen må ut fra tidligere nevnte innvendinger mot Haakon Lies bøker som forskningsarbeider sies å være høyst diskutabel". Kvifor allmennlesaren skal sparast for denne vurderinga, er ikkje godt å seia.

Guffen tilrår.

Meir Lahlum på kulturguffebloggen
Noen av oss har snakket sammen ... (2010)
Reiulf Steen (2019)