Denne fjernsynsserien, som eg trur eg såg litt av midt i 80-åra, handlar om kappløpet mot Sydpolen. Dei to hovudaktørane, britiske Robert Falcon Scott og norske Roald Amundsen, kom inn i kappløpet på heile ulikt vis. Scott var heile tida open om kva han ville, medan Amundsen ikkje gjorde det kjent at Sydpolen var målet hans før etter at han hadde reist frå Noreg. Scott hadde vore langt inne i Antarktis før, for Amundsen var dette nytt land. Scott trudde på dei engelske metodane, som stort sett var å gå til fots; Amundsen samla kunnskap hjå eskimoar på Grønland. Scott la planar undervegs; ekspedisjonen til Amundsen var planlagt i detalj.
Serien handlar mykje om dette, altså om motsetnadene mellom dei to. Av og til vert det for tydeleg. Scenene frå overvintringa i Antarktis, altså perioden før sjølve turen mot Sydpolen tok til, viser dette godt. I den britiske leiren spelar dei fotball og leikar seg; i den norske leiren arbeider dei heile tida for å gjera utstyret betre. Under turen til Sydpolen går det gradvis opp for Scott at det hadde vore lurare å lært seg betre skiteknikk, å bruka hundar i staden for hestar, og å leggja inn langt større marginar. Amundsen hadde skjønt dette - han brukte hundar, hadde med seg fire kompetente skiløparar, og hadde store marginar i matrasjonane. Legg til at han hadde langt lettare sledar, langt betre utstyr, og det vert heller tydeleg kvifor det gjekk som det gjekk. Amundsen kom fram ein månad før Scott, og overlevde turen. Scott kom fram, men alle fem i polpartuet hans døydde på heimvegen.
I etterkant presenterte Amundsen turen som ein grei ekspedisjon. Den siste veka Scott levde låg han verfast i teltet, og han brukte denne tida på å skriva brev til familie og hjelparar. Han skreiv òg eit brev til ålmenta, der han streka under at grunnen til at alt gjekk gale var det dårlege veret. Han la til at alle på ekspedisjonen hadde oppført seg eksemplarisk, og hadde, som gode patriotar, gitt alt for at det britiske flagget skulle plantast på Sydpolen. Denne teksten var med å gjera Scott til ein britisk nasjonalhelt, medan Amundsen til dels vart sett på som ein inntrengar og ein juksemakar - han hadde omtrent stole Sydpolen frå Scott, ved hjelp av hundar.
Serien byggjer på ein dobbeltbiografi Roland Huntford skreiv om Scott og Amundsen. Han er langt meir kritisk til Scott enn det andre hadde vore, og slik er det òg i serien. Scott framstår som blind - han er i Noreg og ser kor fort folk kan gå på ski, men ser ikkje at han bør læra seg dette. Han får beskjed om at hestane som er kjøpte i Sibir er gamle, dårleg og ubrukelege, men høyrer ikkje på det. Han ser at det går langt raskare med hundespann, men vil ikkje bruka det sjølv. Han har planlagt det siste stykket mot Sydpolen med matrasjonar og telt for fire personar, men finn i siste augneblink ut at han vil ha med ein femtemann. På veg attende slit dei seg ut - dei et for lite mat kvar dag, men likevel insisterer han på å stoppa for å samla inn steinprøver, og på at dei skal ha med seg desse steinane heile vegen. Saman med dei to andre overlevande døyr han altså i teltet sitt, atten kilometer frå det neste depotet.
Det er ein god serie. Alle nordmenn vert spelt av norske skodespelarar, og dei fleste av desse snakkar Thor Heyerdahl-engelsk, slik at det aldri er vanskeleg å sjå kva leir det vert filma frå. Sverre Anker Ousdal er god som den litt innestengde Amundsen, Martin Shaw er betre som den falske, usikre og til dels feige Scott, og Toralv Maurstad er endå betre som Hjalmar Johansen - den røynde polfararen som fortalde Amundsen at han var ein dårleg leiar, og som difor vart vraka frå firemannslaget som skulle følgja Amundsen til Sydpolen.
Guffen tilrår.
Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)
Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)
Viser innlegg med etiketten Scott. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Scott. Vis alle innlegg
8. desember 2011
17. februar 2010
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Eg skulle på dagstur til Oslo, og hadde bruk for litt lesestoff. Denne boka stod lagleg til, og vart lesen på ut- og heimvegen. Eg kjenner livssoga til Scott godt frå før, mest frå den glimrande dobbeltbiografien Ronald Huntford skreiv om Scott og Amundsen. Huntford, som er britisk, kvir seg ikkje for å skriva at Scott kunne overlevd turen, viss han hadde hatt vit til å førebu seg skikkeleg. Boka til Huntford låg til grunn for ein flott fjernsynsserie frå 1980-talet - viss det er noko tak i NRK viser dei serien om att neste år, i samband med hundreårsjubileet.Huntford pirka såleis litt i ein nasjonal helt. Pound gjer sitt for å leggja grunnlaget for meir heltedyrking. Han vert litt for mild - han fortel sjølvsagt kva som går gale, men er ikkje like streng som Huntford. På vegen mot Sydpolen hadde Scott med seg mange menn, for å leggja att depot til heimturen. Rett før dei siste snudde nordover att, fann Scott ut at han skulle ha med seg fire menn vidare, ikkje tre, slik planane hadde vore. Huntford skriv at det Scott burde ha skjønt at det skipla alle planar, og ikkje berre av di alle matrasjonar no vart mindre. Dei hadde berre fire par ski, slik at ein av dei måtte vabba til fots i snøen. Pound skriv berre at Scott tok med seg ein ekstra mann, og let lesaren sjølv dra sine konklusjonar.
Pound skriv veldig formelt og stivt, og skrivestilen passar bra til ein biografi om Scott, som var marineoffiser. Han bruker mykje tid på å skriva om forholdet til kona og mora, kanskje av di han som fyrstemann fekk tilgang til dagbøkene kona skreiv medan Scott var i Antarktis. Boka er lettlesen (viss du kan engelsk), og gjev eit greitt innsyn i livet til Scott. Det vert likevel for ukritisk. Det finst betre Scott-biografiar.
Guffen kan ikkje tilrå dette.
Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)
Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)
Etikettar:
biografi,
litteratur,
polar,
Scott,
Storbritannia
Abonner på:
Innlegg (Atom)
