14. juli 2010

Odd Iversen / Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)

Sommarlesinga tok ei uventa vending etter ei vitjing på Farsund bibliotek. Der var det boksal, dei tømde hyllene for bøker ingen les lenger. To område var særs godt dekte, biografiar om fotballspelarar, og bøker på nynorsk. Fotballbiografiane er lettlesne og vel så det, så etter å ha vore gjennom ei på alle måtar tynn bok om Mini Jakobsen, brukte eg nokre timar på ei bok om Odd Iversen.

Odd Iversen var ein av dei fyrste norske spelarane eg visste namnet på, og kan godt vera ein av dei viktigaste grunnane til at Rosenborg vart favorittlaget mitt. Av og til var eg med far min til kontoret hans på folkehøgskulen, og medan han pusla med sitt, bladde eg i bøker eg fann på biblioteket der. Sportsboken frå åra rundt 1970 var blant favorittane, og det var på den tida at Ivers herja som verst.

Då ante eg sjølvsagt ingenting om korleis han var utanfor bana, og visste heller ikkje mykje om det ekstreme temperamentet hans. Han var ikkje akkurat nokon festbrems, og var støtt og stadig på kant med dommarar, og med representantar for styre og stell. I boka legg han ikkje skjul på dette, han skriv at han røykjer og drikk, og fortel sin versjon av dei mest vidgjetne episodane der han kom på kant med autoritetane. I 1973 kom han innpå som reserve i cupfinala nokre minutt før slutt, og vart utvist eit halvt minutt seinare.

Han fekk òg karantene frå landslaget ved to ulike høve. I 1969 var landslaget på tur til Mellom-Amerika, og her skulle Iversen få gullklokka. I kjølvatnet av ein runde på byen kom han på kant med Nicken Johansen, generalsekretær i fotballforbundet, og han fekk ikkje spela kampen. Nokre veker seinare fekk han vita at forbundet hadde gjeve han karantene på åtte månader. Han skriv at då han endeleg fekk gullklokka, for sin landskamp nummer tjuefem, var garantien på klokka gått ut.

Biografien handlar berre om fotballkarriera. Tida fram til junioralder vert fort fortalt, og det vert ikkje brukt mykje tid på anna enn fotball. Det står litt om korleis det er vanskeleg å vera gift med ein fotballspelar, og korleis dette førte til at han og kona tok ut separasjon. Namnet hennar vert ikkje nemnt, heller ikkje namna på ungane hans.

Iversen står fram som ein god sosialdemokrat. Han veit at han, til liks med mange andre storskårarar, vert framstilt som den viktigaste på laget, men han passar heile tida på å framheva resten av laget.

Boka er skriven nokre år før Iversen la opp. Han skriv om skadar og problem med familien, men det var fyrst etter at han la opp at han verkeleg fekk problem. Med den rette forfattaren kunne det ha vorte ei god bok, denne fengar berre sånn nokolunde. Den siste delen, der han har ein liten fotballskule, hoppa eg forbi.

Guffen er lunken.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar