Denne filmen handlar om livet og skrivinga til Siri Hustvedt. Her er ei rekkje intervju med Hustvedt, med ektemannen Paul Auster, med dei tre systrene hennar, og med andre som står ho nær. Det er ein fabelaktig fin film, og halvveges i filmen slo det meg at denne filmen må eg sjå fleire gonger. Her er så mykje å fordøya, så mykje å ta inn over seg.
Hustvedt vaks opp i Northfield, Minnesota. Mora var norsk; faren var norskamerikansk. Familien budde eit år i Bergen då Siri var tolv; seinare gjekk ho eit år på gymnas same stad. Ho flytta til New York for å studera og å skriva, og skrivinga held ho heldigvis på med framleis. Foreldra var begge glade i litteratur, men dei kan neppe ha hatt like mange bøker som Hustvedt og Auster - mange av opptaka er frå heimen deira, og der er bokhyller overalt. Det verkar nesten som eit brooklynsk Midtbø, der to store forfattarar skapar ein heim der bøkene er det sentrale.
Hustvedt er reflektert, og av og til snakkar ho så fort og innhaldsrikt at det vert vanskeleg å halda fylgje. Det er lettare når dei andre snakkar, og spesielt Auster er klar og tydeleg. Filmen har mange arkivklipp frå oppveksten hennar i Northfield, og her er mange animerte snuttar, basert på teikningane hennar. I tillegg er der dramatiserte scener som skal illudera dei tidlege åra hennar i New York. Eg sat fengsla heile tida, og det er fint at ein så stor forfattar får eit kino-portrett som òg held veldig, veldig høg klasse.
Guffen tilrår.
Meir Hustvedt på kulturguffebloggen
The Blindfold (1992)
The Enchantment of Lily Dahl (1996)
Yonder (1998)
What I Loved (2003)
The Sorrows of an American (2008)
The Summer Without Men (2011)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen, 2.2.13)
The Blazing World (2014)
Memories of the Future (2019)
Ghost Stories. A Memoir (2026)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar