19. oktober 2010

Helge Ingstad: Klondyke Bill (1941)

Ingstad igjen! Rar utvikling akkurat no. Til liks med Vesterveg til Vinland var dette ei bok Marit kjøpte med seg frå loppemarknaden i Ulvik. Og til liks med Vesterveg ... var dette ei rimeleg lettlesen bok.

Det er ein roman, den einaste Ingstad gav ut. Handlinga er lagt til Kanada, og handlar om jakt og fiske, og tilhøva mellom folk som heldt til der. Ei slags skjønnlitterær utgåve av Pelsjegerliv, altså. Boka er velskriven, ho vert aldri retteleg spanande, men der er mange fine skildringar av natur og einsemd.

Greier eg å referera handlinga kort? Eg prøver. Bill er ein pelsjegar, som kjem attende til sivilisasjonen etter ein hard vinter i villmarka. Han dreg nordover igjen, for å varsla pelshandlarar om at prisen på pels har stige. Etter å ha fullført den jobben, jaktar han litt i området, og kjem i kontakt med nokre isolerte indianarar som fortel at langt ute på tundraen er det eit skogholt, der han kan byggja seg hus og bu heile vinteren. For ein pelsjegar er det ein drøymesituasjon. Han finn det vesle skogholtet, har eit drøymeår med god fangst, og kjem attende til handelsstaden med mange pelsar han kan selja. Til neste vinter har ein annan jeger greidd å spora opp kvar skogholtet ligg, og det likar Bill dårleg, sidan han vil ha området for seg sjølv. Dei vert uvener, han skyt den andre i foten. Det er dårleg fangst den vinteren, og på veg attende til handelsstaden kjem Bill over han med skotsår i foten. Han prøver på berga han, men dei har lite mat og lite varme, slik at han andre døyr før han kjem fram.

Innimellom alt dette er det mykje snakk om hundar, litt om damer, litt draumar om det gode liv som ventar etter at livet som jeger er over. Det er likevel naturskildringane som har festa seg.

Guffen tilrår.

Meir Ingstad på kulturguffebloggen
Landet under Leidarstjernen (1959)
Vesterveg til Vinland (1965)
Benedicte Ingstad: Eventyret (2009)
Benedicte Ingstad: Oppdagelsen (2010)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar