7. september 2026

Harila - nådeløse fjell (2026)

Det er fascinerande med folk som reiser til dei mest ekstreme delane av kloden for å setja rekordar. Det er òg ofte noko egoistisk over det, men det fascinerer likevel. For Kristin Harila handla det ikkje berre om å koma seg til topps på dei 14 fjella som er høgare enn 8000 meter - ho ville gjera det raskare enn nokon annan. Det fyrste forsøket, i 2022, måtte avlysast av di ho ikkje fekk visum til Tibet, der dei to fjella ho mangla ligg. Ho prøvde igjen året etter, og no gjekk det betre: På berre 92 dagar greidde ho alle 14 toppane, saman med sherpaen Tenjen "Lama" Sherpa. Det var ein fabelaktig prestasjon.

Filmen om denne prestasjonen er ikkje like fabelaktig. Her er nok av flotte bilete, sjølvsagt, men filmen manglar dramatikken som gjer det verkeleg fengslande. Det vert noko oppramsande over det heile - nokre av toppturane vert presentert omtrent likt; andre toppturar vert så vidt nemnde i det heile. Det er ikkje før ho kjem til den fjortande toppen, K2, at det verkeleg skjer noko: Her fekk Harila i ettertid kritikk for å ha gått over lik for å ta rekorden sin. Ho vart reinvaska i ettertid, men ei stund var det ho (av dei mange, mange som gjekk til topps den dagen) som fekk kritikk.

Naturbileta frå flaksehalsen på K2 er noko av det mest fantastiske i filmen. Eg har lese nokre bøker om K2, men ikkje forstått kor skummelt det partiet er før no. 

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar