Denne boka kan minna litt om Pelsjegerliv. Også denne boka fortel eit lengre opphald Ingstad hadde i det nordlegaste Nord-Amerika, men utgangspunktet er litt annleis. I Pelsjegerliv reiste han ut for å leva fleire år som jeger; her var målet å verta kjent med eskimoar som levde langt nord i Alaska. Han er meir sosialantropolog enn jeger.
Det er naturskildringane som er dei beste. Ingstad skriv godt, og han får godt fram korleis han vert dregen mot naturen. Han er med eskimoane overalt - dei flyttar jamleg, dei dreg dit dei vonar at reinsdyra er. Dei er likevel ikkje lengre unna sivilisasjonen enn at dei av og til får besøk av fly - det kan vera av di nokon av dei treng dokter, det kan vera av di nokon kjem for å kjøpa skinn hjå dei. Ingstad vert ein del av samfunnet deira, han snakkar språket deira, han lærer songane deira, og dokumenterer det heile på film.
Det svingar ikkje like som av Pelsjegerliv. Det er kanskje urettvist å samanlikna dei to bøkene, men likevel. Mot slutten kjem det eit langt kapittel om songar, komplett med noteliner og tekstar, og det bryt for mykje med resten av boka. Slik er det gjerne ved andre høve òg, i kortare eller lengre avsnitt.
Guffen er lunken.
Meir Ingstad på kulturguffebloggen
Helge Ingstad: Pelsjegerliv (1931)
Helge Ingstad: Øst for den store bre (1935)
Helge Ingstad: Klondyke Bill (1941)
Helge Ingstad: Landet under leidarstjernen (1959)
Helge Ingstad: Vesterveg til Vinland (1965)
Benedicte Ingstad: Eventyret (2009)
Benedicte Ingstad: Oppdagelsen (2010)
Viser innlegg med etiketten Ingstad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ingstad. Vis alle innlegg
11. juni 2019
10. oktober 2018
Helge Ingstad: Øst for den store bre (1935)
I 1931 okkuperte Noreg eit område på Aust-Grønland. Regjeringa bad Helge Ingstad vera sysselmann for dette området, og saman med nokre få andre overvintra han i det okkuperte området 1932-33. Saka var klaga inn for den internasjonale domstolen i Haag, og der tapte Noreg med glans. I april 1933 reiste Ingstad frå Grønland.
Denne boka fortel om opphaldet hans. Det er ei fin bok, men ho tek liksom ikkje heilt av. Av og til vert det noko halvhjarta over det heile, slik det kanskje var med heile okkupasjonen. Han skriv om jakt, han skriv om mat, han skriv om hus og snøholer, han er på turar for å gjera seg kjend, osb. Han skriv godt, her er mange fine naturskildringar, men eg kan ikkje fri meg heilt for ei kjensle av at han her ville surfa litt på suksessen frå den fyrste boka si, Pelsjegerliv, som jo vart ein bestseljar.
Det er òg påfallande at han i innleiinga ikkje skriv noko om sjølv okkupasjonen, og om si eiga rolle i den. Mot slutten skriv han at dei ventar svar frå Haag, og når svaret kjem vert alle nedtrykte, men det er alt. Det kjem ikkje fram kvifor Ingstad var på Grønland, og når ein les denne boka kan ein få inntrykk av at naturopplevinga var den einaste grunnen til at han var der. Kva han meinte om sjølve okkupasjonen skriv han ikkje noko om.
Guffen er lunken.
Meir Ingstad på kulturguffebloggen
Helge Ingstad: Pelsjegerliv (1931)
Helge Ingstad: Klondyke Bill (1941)
Helge Ingstad: Nunamiut (1951)
Helge Ingstad: Landet under leidarstjernen (1959)
Helge Ingstad: Vesterveg til Vinland (1965)
Benedicte Ingstad: Eventyret (2009)
Benedicte Ingstad: Oppdagelsen (2010)
Denne boka fortel om opphaldet hans. Det er ei fin bok, men ho tek liksom ikkje heilt av. Av og til vert det noko halvhjarta over det heile, slik det kanskje var med heile okkupasjonen. Han skriv om jakt, han skriv om mat, han skriv om hus og snøholer, han er på turar for å gjera seg kjend, osb. Han skriv godt, her er mange fine naturskildringar, men eg kan ikkje fri meg heilt for ei kjensle av at han her ville surfa litt på suksessen frå den fyrste boka si, Pelsjegerliv, som jo vart ein bestseljar.
Det er òg påfallande at han i innleiinga ikkje skriv noko om sjølv okkupasjonen, og om si eiga rolle i den. Mot slutten skriv han at dei ventar svar frå Haag, og når svaret kjem vert alle nedtrykte, men det er alt. Det kjem ikkje fram kvifor Ingstad var på Grønland, og når ein les denne boka kan ein få inntrykk av at naturopplevinga var den einaste grunnen til at han var der. Kva han meinte om sjølve okkupasjonen skriv han ikkje noko om.
Guffen er lunken.
Meir Ingstad på kulturguffebloggen
Helge Ingstad: Pelsjegerliv (1931)
Helge Ingstad: Klondyke Bill (1941)
Helge Ingstad: Nunamiut (1951)
Helge Ingstad: Landet under leidarstjernen (1959)
Helge Ingstad: Vesterveg til Vinland (1965)
Benedicte Ingstad: Eventyret (2009)
Benedicte Ingstad: Oppdagelsen (2010)
Etikettar:
Ingstad,
litteratur,
Norge
18. august 2018
Helge Ingstad: Pelsjegerliv (1931)
Eg såg nyleg fjernsynsserien der Lars Monsen kryssar Canada. Det var ein eller to referansar til Helge Ingstad der, og det fekk meg til å henta denne fram frå bokhylla. Eg er jo vorten så pass gamal at eg les bøker om att. Det er sikkert tretti år sidan eg las denne fyrste gongen, og ho held seg godt.
Helge Ingstad var utdanna advokat, og dreiv eige kontor i Levanger frå 1922. Fire år seinare selde han det, og reiste til Canada for å gjera det han drøymde om - å leva som pelsjeger i øydemarka. Det gjorde han, og han gjorde det godt nok til at han vart der i fire år. Kvar sommar var han, slik dei fleste jegrane var, i den vesle byen Snowdrift, men resten av året var han jeger.
Det er ikkje jaktinga hans som gjer dette til ei så fin bok. Ingstad er ein svært habil skribent, og flotte naturskildringar og flotte formuleringar kjem strøymande heile tida. Han legg for dagen ein stor respekt for naturen og for dei som lever der, og det er heller ikkje vanskeleg å sjå at han trivst i naturen. Han prøver heile tida noko nytt - han jaktar saman med ein norskamerikanar, han jaktar og lever saman med indianarar, han prøver å greia seg heilt åleine, osb.
Guffen tilrår.
Meir Ingstad på kulturguffebloggen
Helge Ingstad: Øst for den store bre (1935)
Helge Ingstad: Klondyke Bill (1941)
Helge Ingstad: Nunamiut (1951)
Helge Ingstad: Landet under leidarstjernen (1959)
Helge Ingstad: Vesterveg til Vinland (1965)
Benedicte Ingstad: Eventyret (2009)
Benedicte Ingstad: Oppdagelsen (2010)
Helge Ingstad var utdanna advokat, og dreiv eige kontor i Levanger frå 1922. Fire år seinare selde han det, og reiste til Canada for å gjera det han drøymde om - å leva som pelsjeger i øydemarka. Det gjorde han, og han gjorde det godt nok til at han vart der i fire år. Kvar sommar var han, slik dei fleste jegrane var, i den vesle byen Snowdrift, men resten av året var han jeger.
Det er ikkje jaktinga hans som gjer dette til ei så fin bok. Ingstad er ein svært habil skribent, og flotte naturskildringar og flotte formuleringar kjem strøymande heile tida. Han legg for dagen ein stor respekt for naturen og for dei som lever der, og det er heller ikkje vanskeleg å sjå at han trivst i naturen. Han prøver heile tida noko nytt - han jaktar saman med ein norskamerikanar, han jaktar og lever saman med indianarar, han prøver å greia seg heilt åleine, osb.
Guffen tilrår.
Meir Ingstad på kulturguffebloggen
Helge Ingstad: Øst for den store bre (1935)
Helge Ingstad: Klondyke Bill (1941)
Helge Ingstad: Nunamiut (1951)
Helge Ingstad: Landet under leidarstjernen (1959)
Helge Ingstad: Vesterveg til Vinland (1965)
Benedicte Ingstad: Eventyret (2009)
Benedicte Ingstad: Oppdagelsen (2010)
7. juni 2016
Helge Ingstad: Landet under leidarstjernen (1959)
Dei norrøne busetnadene på Grønland, igjen. Dei siste månadene har eg lese to andre bøker om dette emnet. Dette er den suverent beste. Begge dei to andre (George W. Sejersted og Heyerdahl/Lillieström) hadde klare og rare målsetjingar med bøkene sine: Dei ville prova at nordmenn var store og viktige og modige oppdagarar. Sejersted analyserte og tolka lite; dei to andre prøvde på det, men fekk fyrst og fremst vist at dei ikkje forstod seg på å bruka kjeldene rett.
Ingstad går langt grundigare til verks. Rammeforteljinga er ein båttur på Grønland i 1950, der han, saman med kona Anne-Stine og ein sunnmørsk skipper, siglar opp og ned langs vestkysten av Grønland. (Båten deira er kalla opp etter dottera Benedicte, som på den tida var sju år gamal.) Dei går i land mange stader, vandrar på tun og gardar som er kjende frå litteraturen, og fortel om det som er kjent frå dei ulike områda. Han skriv om dei mange turane grønlendingane tok til det amerikanske kontinentet, men vågar ikkje å vera sikker på kvar Vinland faktisk låg: "Helt sikre spor etter vinlandsfarerne er således ennå ikke funnet i Nord-Amerika, men så er det heller ikke foretatt systematiske undersøkelser. Det er nå på tide at de blir gjort". Boka kom ut i 1959; året etter var ekteparet i gang med systematiske utgravingar på L'Anse aux Meadows.
Ingstad skriv òg godt om det store mysteriet kring busetnadene på Grønland: Kvar vart det av folket? Ingstad konkluderer ikkje, han er altfor ryddig til det, men han argumenterer likevel godt for at folket i Vestbygda flykta, kanskje til Amerika, kanskje til Island, medan folket i Austbygda vart plaga av røvarar og bandittar frå andre land at dei òg flykta. Kanskje, skriv Ingstad, flykta folket frå Austbygda nordover til Vestbygda, og forteljingane deira om bandittar kan, saman med dårlege år, ha ført til at folket valde å flykta/flytta,
Guffen tilrår.
Meir Ingstad på kulturguffebloggen
Helge Ingstad: Pelsjegerliv (1931)
Helge Ingstad: Øst for den store bre (1935)
Helge Ingstad: Klondyke Bill (1941)
Helge Ingstad: Nunamiut (1951)
Helge Ingstad: Vesterveg til Vinland (1965)
Benedicte Ingstad: Eventyret (2009)
Benedicte Ingstad: Oppdagelsen (2010)
Ingstad går langt grundigare til verks. Rammeforteljinga er ein båttur på Grønland i 1950, der han, saman med kona Anne-Stine og ein sunnmørsk skipper, siglar opp og ned langs vestkysten av Grønland. (Båten deira er kalla opp etter dottera Benedicte, som på den tida var sju år gamal.) Dei går i land mange stader, vandrar på tun og gardar som er kjende frå litteraturen, og fortel om det som er kjent frå dei ulike områda. Han skriv om dei mange turane grønlendingane tok til det amerikanske kontinentet, men vågar ikkje å vera sikker på kvar Vinland faktisk låg: "Helt sikre spor etter vinlandsfarerne er således ennå ikke funnet i Nord-Amerika, men så er det heller ikke foretatt systematiske undersøkelser. Det er nå på tide at de blir gjort". Boka kom ut i 1959; året etter var ekteparet i gang med systematiske utgravingar på L'Anse aux Meadows.
Ingstad skriv òg godt om det store mysteriet kring busetnadene på Grønland: Kvar vart det av folket? Ingstad konkluderer ikkje, han er altfor ryddig til det, men han argumenterer likevel godt for at folket i Vestbygda flykta, kanskje til Amerika, kanskje til Island, medan folket i Austbygda vart plaga av røvarar og bandittar frå andre land at dei òg flykta. Kanskje, skriv Ingstad, flykta folket frå Austbygda nordover til Vestbygda, og forteljingane deira om bandittar kan, saman med dårlege år, ha ført til at folket valde å flykta/flytta,
Guffen tilrår.
Meir Ingstad på kulturguffebloggen
Helge Ingstad: Pelsjegerliv (1931)
Helge Ingstad: Øst for den store bre (1935)
Helge Ingstad: Klondyke Bill (1941)
Helge Ingstad: Nunamiut (1951)
Helge Ingstad: Vesterveg til Vinland (1965)
Benedicte Ingstad: Eventyret (2009)
Benedicte Ingstad: Oppdagelsen (2010)
Etikettar:
Ingstad,
litteratur,
Norge
19. oktober 2010
Helge Ingstad: Klondyke Bill (1941)
Ingstad igjen! Rar utvikling akkurat no. Til liks med Vesterveg til Vinland var dette ei bok Marit kjøpte med seg frå loppemarknaden i Ulvik. Og til liks med Vesterveg ... var dette ei rimeleg lettlesen bok.Det er ein roman, den einaste Ingstad gav ut. Handlinga er lagt til Canada, og handlar om jakt og fiske, og tilhøva mellom folk som heldt til der. Ei slags skjønnlitterær utgåve av Pelsjegerliv, altså. Boka er velskriven, ho vert aldri retteleg spanande, men der er mange fine skildringar av natur og einsemd.
Greier eg å referera handlinga kort? Eg prøver. Bill er ein pelsjegar, som kjem attende til sivilisasjonen etter ein hard vinter i villmarka. Han dreg nordover igjen, for å varsla pelshandlarar om at prisen på pels har stige. Etter å ha fullført den jobben, jaktar han litt i området, og kjem i kontakt med nokre isolerte indianarar som fortel at langt ute på tundraen er det eit skogholt, der han kan byggja seg hus og bu heile vinteren. For ein pelsjegar er det ein drøymesituasjon. Han finn det vesle skogholtet, har eit drøymeår med god fangst, og kjem attende til handelsstaden med mange pelsar han kan selja. Til neste vinter har ein annan jeger greidd å spora opp kvar skogholtet ligg, og det likar Bill dårleg, sidan han vil ha området for seg sjølv. Dei vert uvener, han skyt den andre i foten. Det er dårleg fangst den vinteren, og på veg attende til handelsstaden kjem Bill over han med skotsår i foten. Han prøver på berga han, men dei har lite mat og lite varme, slik at han andre døyr før han kjem fram.
Innimellom alt dette er det mykje snakk om hundar, litt om damer, litt draumar om det gode liv som ventar etter at livet som jeger er over. Det er likevel naturskildringane som har festa seg.
Guffen tilrår.
Meir Ingstad på kulturguffebloggen
Helge Ingstad: Pelsjegerliv (1931)
Helge Ingstad: Øst for den store bre (1935)
Helge Ingstad: Nunamiut (1951)
Helge Ingstad: Landet under leidarstjernen (1959)
Helge Ingstad: Vesterveg til Vinland (1965)
Benedicte Ingstad: Eventyret (2009)
Benedicte Ingstad: Oppdagelsen (2010)
Etikettar:
Ingstad,
litteratur,
Norge
18. oktober 2010
Helge Ingstad: Vesterveg til Vinland (1965)
Marit var på loppemarknad for nokre veker sidan. Som vanleg var eg berre interessert i at ho skulle kjøpa bøker til meg, og som vanleg kom ho heim med nokre godbitar. Det er ikkje rare loppemarknaden viss der ikkje er bøker av Ingstad, det einaste som er sikrare er at boka Munnspill under åpen himmel av Erik Bye er til sals der.Eg las nyleg del to av biografien Benedicte Ingstad skreiv om foreldra sine, og sidan denne boka stod lagleg til, freste eg like godt gjennom denne òg. Det er ei god og velskriven bok, men eg juksa likevel litt av og til.
Ingstad skriv godt om bakgrunnen for kvifor han meinte at Vinland låg heilt på Newfoundland, han går inn i originaltekstane, og avkreftar nokre myter som er henta frå heilt andre kjelder. Det har tidvis vore stor debatt om namnet Vinland - handlar det om vin, eller handlar det om vin i tydinga slette? I nokre kjelder står det at folk i Vinland hausta vindruer, og viss det skulle vera tilfelle, må Vinland ha lege lenger sør. Så langt nord som Newfoundland veks det ikkje vindruer. Dette med vindruene er henta frå seinare, tyske kjelder, og har såleis ingenting med røynda å gjera. Ingstad meiner heller at det må forklarast som slette eller eng, og at det samsvarar langt betre med namna dei gav to andre område langs kysten av Canada, Helluland og Markland.
Dette er populærversjonen av rapporten etter utgravingane ved L'Ance aux Meadows. Ingstad er best når han skriv om korleis han leitte etter høvelege stader å grava, og når han skriv om korleis dei gradvis fann meir og meir. Innimellom alt dette kjem det litt for mykje om andre turar han gjorde i området. Ingstad var utdanna jurist, men søkte heile tida kunnskap om dei innfødde i områda han vitja. Det er tydeleg her òg, og det er òg tydeleg at han veit kva han snakkar om. I biografien skriv dottera at då Ingstad engasjerte seg i kampen mot EU i 1994, brukte han lang tid på å setja seg inn i sakene, han ville ikkje verta teken i faktafeil. Slik verkar det òg å vera her, der han viser solide kunnskapar langt utanfor eige fagfelt.
Guffen tilrår.
Meir Ingstad på kulturguffebloggen
Helge Ingstad: Pelsjegerliv (1931)
Helge Ingstad: Øst for den store bre (1935)
Helge Ingstad: Klondyke Bill (1941)
Helge Ingstad: Nunamiut (1951)
Helge Ingstad: Landet under leidarstjernen (1959)
Benedicte Ingstad: Eventyret (2009)
Benedicte Ingstad: Oppdagelsen (2010)
17. oktober 2010
Benedicte Ingstad: Oppdagelsen (2010)
Det er ikkje mange dagane sidan eg las ein artikkel om korleis norske biografiar vert meir og meir omfangsrike. Nokre er så tjukke at dei like godt kjem i to band, nokre få treng endå meir plass. Dette er del to av ein biografi, del ein las eg i fjor. Forfattaren har hatt tilgang til private arkiv, og kjenner sjølvsagt godt til foreldra sine, men det hadde likevel vore råd å teikna eit godt bilete av dei i berre eitt band.Sjølv om det ikkje berre er velstand i denne boka, er her òg mykje bra. Det som dominerer er oppdaginga av busetnadene i Vinland, og ei halvgod drøfting av kontroversane som dukka opp etter at funna vart gjort kjende. Problemet frå del ein, altså at forfattaren er dotter til dei ho skriv om, vert endå tydelegare her. Av og til hadde eg kjensla av å lesa eit forsvarsskrift for Ingstad-paret.
Det kan henda at eg er farga av at eg omtrent berre har lese om dette i norske kjelder, men eg har likevel eit inntrykk av at det er allment akseptert at det var Ingstad og Ingstad som fann desse bustadene. Fleire hadde leita etter dei, nokre hadde òg kome fram til at det måtte vera ved L'Ance Aux Meadows, men det var altså Ingstad og Ingstad som gjorde konkrete funn fyrst. Frå Danmark kom det kritikk omtrent med ein gong, det vart hevda at Helge Ingstad hadde fått vita av andre at det var der han skulle leita, og det vart sagt at Anne Stine Ingstad ikkje var god nok arkeolog til å vita kva ho dreiv med. Ho hadde ikkje mykje røynsle, men ut frå denne boka ser det ut til at ho var fagleg god nok.
Seinare kom det påstandar om at dei to hadde teke med seg gjenstandar frå Noreg, og at dei seinare "fann" desse gjenstandane i utgravingane, og dei to vart òg ignorerte i store delar av litteraturen om funnet. Dette endra seg mot resten av livet. Igjen - problemet kan vera kven som skriv dette. Det kan godt vera sant og visst, men då er ikkje dotter deira, som ikkje overtyder som biograf, den rette til å konkludera. Det kom ein kortare biografi om Ingstad no i haust, og det kan henda at eg tek ein tur innom den, for å sjå korleis desse emna vert drøfta der.
Denne boka opnar med livet til Anne Stine fram til dei to gifta seg. Det var ein priviligert oppvekst, i ein møblert heim på Lillehammer. Etter at dei gifta seg hadde ho lyst til å vera likestilt med Helge, men slik vart det ikkje. Han var sjef, og informerte lite om kva planar han hadde. Under ein tur til USA, der dottera var heilt ung, fortalde han ein dag at han skulle vidare til Alaska, der han skulle vera nokre månader. Dei to andre kunne reisa heim att åleine. Også då Anne Stine fortalde at ho ville utdanna seg til arkeolog, var han lunken, i alle fall til å byrja med.
Boka er lettlest, sjølv om språket er uventa stivt. Det er noko Toppen Bechsk over språkføringa, og det dukkar rett som det er opp klisjear det er vondt for å tru at forfattaren medvite har teke med. Ordbruken er òg rar, det heiter til dømes at St. Olafs College ville "kreere" Ingstad til æresdoktor. Kreere? Get real.
Guffen er lunken.
Meir Ingstad på kulturguffebloggen
Helge Ingstad: Pelsjegerliv (1931)
Helge Ingstad: Øst for den store bre (1935)
Helge Ingstad: Klondyke Bill (1941)
Helge Ingstad: Nunamiut (1951)
Helge Ingstad: Landet under leidarstjernen (1959)
Helge Ingstad: Vesterveg til Vinland (1965)
Benedicte Ingstad: Eventyret (2009)
14. desember 2009
Benedicte Ingstad: Eventyret (2009)
Helge Ingstad er ein mann ein skal ha respekt for. Han følgde draumane sine, gjorde det han ville, var mykje på reisefot, men fekk likevel tid til å skriva fleire svært gode bøker, og til å skriva om historia.Han levde gjennom heile 1900-talet. Han var fødd 30. desember 1899, og døydde i mars 2001. Han kom frå ein møblert heim i Bergen, utdanna seg til jurist, og arbeidde nokre år i Levanger før han fann ut at nok var nok. Han pakka sekken og drog til Kanada, der han livnærte seg som pelsjegar i fire år. Boka Pelsjegerliv vart ein storseljar, og det kom bøker etter dei andre ekspedisjonane hans. Han var innom Grønland, der han var norsk sysselmann under den norske okkupasjonen. Han var innom Svalbard, der han fungerte som sysselmann, men ikkje fekk fast jobb då stillinga vart lyst ut. Han var ein snartur til Arizona, der han prøvde å finna dei få attlevande frie indianarane. Han fann dei ikkje, men dei fann truleg han.
Omtrent der sluttar band 1 av denne biografien. Boka er skriven av dotter til Ingstad, Benedicte, og sjølv om det ikkje treng vera noko minus at nokon med så god tilgang til Ingstad skriv biografi om han, er det heller ikkje nokon udelt pluss. Om ho utelet noko for å ikkje setja faren i eit dårleg lys, anar eg ikkje, men ein vil alltid lesa slike biografiar med ein liten skepsis.
Ho skriv ikkje like godt som faren, men det er det ikkje alle som gjer, så det skal eg ikkje bruka mot ho. Det som er verre, er at ho ikkje gjer stort anna enn å referera det som har skjedd. Ho nyttar mange kjelder - brev, aviser, bøker, samtalar (både med Ingstad og andre), men eg saknar meir analysar og forklaringar. Det heile er òg lagt opp strengt kronologisk.
Det mest interessante i livet til Ingstad kjem i neste band, som etter planen kjem i 2010. Her får me høyra om utgravingane i L'ance aux Meadows på Newfoundland. Det vil eg gjerne vita meir om, så det er slettes ikkje utenkjeleg at eg kjøper den boka ein gong. Sjølv om band ein var litt skuffande.
Guffen tilrår, under tvil.
Meir Ingstad på kulturguffebloggen
Helge Ingstad: Pelsjegerliv (1931)
Helge Ingstad: Øst for den store bre (1935)
Helge Ingstad: Klondyke Bill (1941)
Helge Ingstad: Nunamiut (1951)
Helge Ingstad: Landet under leidarstjernen (1959)
Helge Ingstad: Vesterveg til Vinland (1965)
Benedicte Ingstad: Oppdagelsen (2010)
Etikettar:
Ingstad,
litteratur,
Norge
Abonner på:
Innlegg (Atom)



