10. januar 2013

Patti Smith: Woolgathering (2011)

Eg har sagt det før: Eg har ikkje noko forhold til musikken til Patti Smith, men eg likar skrivinga hennar. Just Kids, boka ho skreiv om venen Robert Mapplethorpe (og seg sjølv) er ei finfin bok. Denne boka er òg ei minnebok, men no går ho endå lengre tilbake i tid, og skriv om barndommen sin.

Det er ei kort bok, med rundt femten korte stykke. Ho opnar med å fortelja korleis ho hadde lett for å reisa inn i ei drøymeverd, og fleire av stykka ser ut til å handla om denne drøymeverda. Ein sjeldan gong er ho vaksen, men oftast fortel ho om hendingar frå oppveksten. Nokre er daglegdagse, som når ho sit barnevakt for den ti år yngre syster si, andre gonger er det meir spesielle hendingar, som då hunden hennar vert overkøyrd av ein bil.

Det er omtrent det same kva ho skriv om. Språket hennar er så presist, så varmt og poetisk, så nært og ærleg, at det er ein fryd å lesa dette. Av og til dukkar det òg opp aforismar; av og til kjem det dikt, og i boka er det òg funne plass til ti-femten foto, dei fleste tekne av Smith sjølv.

Guffen tilrår.

Meir Patti Smith på kulturguffebloggen
Just Kids (2010)
M Train (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar