29. mars 2023

Benjamin Berton: Dreamworld (2022)

Dette er soga om Daniel Treacy. Han var den einaste som heile tida var med i det fabelaktige bandet Television Personalities, der han skreiv så godt som alle songane. Dei låg i grenselandet mellom pop og psykedelia, og dei trefte midt i blinken svært ofte. Debut-LPen deira, And Don't the Kids Just Love It, er full av perfekte songar. 

Ein av dei songane, "I Know Where Syd Barrett Lives", fekk litt anna meining etter å ha lese denne boka. I utgangspunktet handlar songen om at eg-personen i songen av og til vitjar Barret, og at dei går godt overeins. Boka fortel om rusmisbruket, depresjonane og dei psykiske problema til Treacy, og det er lett å dra parallellar til Barrett. Treacy brukte altfor mykje dop, og han var tidvis så ustabil at bandet gjekk glipp av det som kunne ha vorte noko stort.

Så det er trist soge, men her er òg mykje å smila av. Midt i 1980-åra vert TVP inviterte til å varma opp for David Gilmour, som jo erstatta Barrett i Pink Floyd. Sjølvsagt spelar TVP songen om Barrett, men akkurat her dreg dei han litt lengre: Framfor ein konsertsal full av Pink Floyd-fans legg Treacy like godt inn ei ekstra tekstline i songen, der han nemner den verkelege adressa Barrett bur på.

Slike impulsive påfunn måtte dei andre i bandet finna seg i. Det var Treacy sitt band. Han laga aldri spelelister før konsertar, han begynte berre på ein song, og så fekk dei andre koma inn når dei var klare. Bassisten som var med lengst, Jowe Head, sa seinare at i dei ti åra han var med øvde bandet berre to gonger.

Forfattaren av boka er fransk. Omsetjinga til engelsk er ikkje god i det heile - språket er litt stivt, pluss at mange sitat (både frå TVP og frå songar av andre artistar) er heilt feil. Likevel var dette verdt bryet.

Guffen tilrår. 

Meir TVP på kulturguffebloggen
Christina Crimari: Jowe's House (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar