19. mars 2023

Garrett N. Graff: Watergate. A New History (2022)

Under den amerikanske valkampen i 1972 braut nokon seg inn i hovudkvarteret til demokratane. Dei vart tekne på fersken, og gradvis viste det seg at dei som braut seg inn var betalte av folk i Det Kvite Hus. Presidenten, Richard M. Nixon, nekta for at han hadde kjennskap til dette, men det var blank løgn. Han avslørte seg like godt sjølv - nokre år før hadde han funne ut at han ville gjera (hemmelege) opptak av alle samtalar på kontoret sitt, og då dei opptaka vart kjende, viste det seg at han var djupt involvert. Det var på nippet til at han vart stilt for riksrett, men han valde å gå av rett før det ville ha skjedd. 

Eg kjende litt til Watergate, men denne boka gjorde meg langt klokare. Boka kom ut til femtiårsjubileet for innbrotet, og Graff har brukt ei lang, lang rekkje kjelder. Han fortel historia ekstremt grundig og detaljert, og biletet mitt vart altså endra.

Det biletet var nok mykje prega av filmen All The President's Men. Den fortel om korleis dei to journalistane Bod Woodward og Carl Bernstein grev seg fram til at Nixon var ein banditt. Boka til Graff viser at dei slettes ikkje var dei einaste journalistane som fann nye opplysningar, og boka femner òg vidare. Graff viser at det gradvis kom fram meir og meir grums, både knytt til Nixon og til dei rundt han. Nixon snylta på skatten, visepresident Spiro Agnew var korrupt, osb. 

Det er ei glitrande bok. Det einaste som gjer lesinga vanskeleg er detaljrikdommen og persongalleriet. Det er ikkje alltid like lett å hugsa kva lag han eller han advokaten var på. 

Då Nixon gjekk av, sommaren 1974, sa nokre senatorar at dette var ein svart dag for amerikansk politikk. Det var det sjølvsagt, men det er lettare å vera samd med dei senatorane som sa at dette var ein god dag for amerikansk politikk - at Nixon gjekk av viste jo at systemet deira fungerte. Ingen veit sikkert kor mange senatorar som ville røysta for at han skulle gå av, men det ser ut til å vera vanleg å tru at det var under ti (av hundre). Dei som var senatorar for femti år sidan heva seg altså over partigrensene - viss presidenten var ein banditt, måtte han avsetjast. Spol femti år fram - då sat det òg ein banditt i Det Kvite Hus. Han gjekk ikkje av før riksrettsakene mot han, men der var senatorane lojale mot eige parti, sjølv om det må ha vore minst like opplagt at han ikkje høvde til jobben.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar