4. august 2021

Marte Michelet: Tilsvar (2021)

 

Ei kort oppsummering, igjen: I 2018 gav Marte Michelet ut boka Hva visste hjemmefronten?. Det vart litt rabalder, av di ho rokka ved gamle og etablerte sanningar. Tre historikarar som forskar og har forska på kva som skjedde med jødane i Noreg under krigen, Elsie Berggren, Bjarte Bruland og Mads Tangestuen, gav i 2020 ut ei bok, Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten?, der dei meinte å finna ei rekkje feil i boka til Michelet. Den grovaste, påstanden om at drivkrafta til dei som stod bak Carl Fredriksens Transport var økonomisk vinning, har Michelet beklaga både ei og to gonger. Kort tid før Michelet hadde denne svarboka ferdig gav Espen Søbye ut boka Hva vet historikerne?, der han tok Michelet i forsvar. 

Denne boka er òg eit forsvarsskrift frå Michelet si side, og det er eit glimrande forsvarsskrift. Ho tek føre seg kapittel for kapittel i boka til dei tre historikarane, og viser gong på gong at det dei meiner er feil anten ikkje er det, eller er tolkingsspørsmål. Ho vedgår nokre få feil, og skriv at dei skal rettast i komande utgåver av Hva visste hjemmefronten?, men stort sett kjem ho frå dette med heva hovud. Det same kan ein ikkje seia om dei tre historikarane - Michelet viser fleire gonger at dei har gjort det same som dei skuldar ho for. Dei har òg fleire gonger berre teke med delar av eit sitat, slik at meininga vert tilpassa den konklusjonen dei ser etter. 

Eg kjenner ikkje dette fagfeltet godt nok til at eg kan seia kven som har rett og gale. Etter dei to fyrste bøkene rekna eg med at dei tre historikarane faktisk hadde funne ei rekkje feil, men etter denne boka og boka til Søbye er eg slettes ikkje så sikker. Det kan godt henda at eg berre seier meg samd med siste talar, men det verkar som om Michelet har den beste saka, og at hovudkonklusjonen hennar står seg: For heimefronten var ikkje jødane så veldig viktige. 

Eg reknar med at det kjem fleire bøker om dette temaet, og det skulle ikkje undra meg om dei tre historikarane kjem med ei svarbok om litt. Det er heilt fint, på begge sider av bordet vert det leita etter fleire kjelder, slik at heile prosessen er med på å gje oss meir kunnskap om kva som faktisk skjedde.

Guffen tilrår. 

Relatert på kulturguffebloggen
Marte Michelet: Den største forbrytelsen (2014)
Marte Michelet: Hva visste hjemmefronten? (2018)
Den største forbrytelsen (2020)
Berggren, Bruland og Tangestuen: Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten? (2020)
Espen Søbye: Hva vet historikerne? (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar