10. januar 2021

Lock, Stock & Two Smoking Barrels (1998)

 

Det er eit eller anna med denne filmen som sender tankane til Pulp Fiction. Kanskje det er måten fleire historier er fletta saman på, kanskje det er musikken, kanskje det er språket og valden, kanskje det er dopet. Der er i alle fall ein slektskap, og det er ikkje tvil om kven som er storebroren der.

Denne filmen er likevel underhaldande nok. Me er i London, langt unna dei gatene der turistane går. Fire unge menn har skrapa saman 100 000 pund. Den eine av dei går for å vera eit geni i kortspel, og planen er at han skal spela mot tre andre og vinna meir pengar. Det går sjølvsagt ikkje, i staden for ein spelevinst kjem han attende med ei enorm spelegjeld, som må betalast tilbake innan ei veke. På vegen dit er me innom eit våpenran, nokre små-dealerar som prøver å lura nokre større dealerar, nokre brutale gatesjefar, osb. 

Historiene er godt nok samankokte, spelet er bra, replikkane er gode, og det er altså ein heilt grei film. 

Guffen tilrår.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar