23. juli 2021

Elise B. Berggren, Bjarte Bruland og Mats Tangestuen: Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten? (2020)

 

Det skjer ikkje kvart år at ei sakprosabok skapar så stor debatt at det kjem eit motinnlegg i bokform. Etter at Marte Michelet gav ut boka Hva visste hjemmefronten? i 2018, kom det mange motinnlegg i avisene. Dag og Tid bad to (som vart til tre) historikarar gå kritisk gjennom boka, for å sjå om det var hald i konklusjonane til Michelet. Det heile var tenkt utgitt i avis-form; til slutt vart det så omfattande at det vart ei bok av det. 

To av dei tre forfattarane, Bruland og Tangestuen, har gjeve ut bøker som Michelet refererer til. Berggren var masterstudent då ho gjekk inn i dette arbeidet. Alle kjenner altså fagfeltet godt. Dei finn absolutt feil og manglar hjå Michelet, og den grovaste er måten Michelet har omtalt Carl Fredriksens Transport. Dei hjelpte svært mange jødar over til Sverige, og Michelet har måtta beklaga at ho skriv at alt CFT tenkte på var pengar. 

Der er òg ei rekkje formelle feil. I fotnotane har sitat fått feil sidetali originalkjelda, slik at det ikkje kan etterpøvast. Dei meiner at i nokre sitat er viktige ord utelatne, slik at meininga vert endra (til fordel for Michelet sine konklusjonar). Dei meiner at ho ikkje har brukt dei mest relevante kjeldene. Dei meiner at sjølv om det kom hint om at ein jødeaksjon var rett rundt hjørna, var ikkje dette eit presist varsel som heimefronten burde respondera på (slik Michelet meiner at dei burde ha gjort). 

Så ja, det er ikkje tvil om at boka til Michelet har sine manglar. Likevel sit eg att med ei kjensle av at dei er for opphengte i formelle feil og ujamn sitatbruk, og at hovudpoenget til Michelet, altså at heimefronten kunne ha gjort meir for å redda jødane, framleis står. Samstundes er det jo slik både desse forfattarane og Michelet er inne på, at jødane ikkje stod så veldig høgt i kurs i samtida, og at heimefronten i stor grad måtte prioritera å få eigne medlemmer over til Sverige.

Guffen tilrår. 

Relatert på kulturguffebloggen
Marte Michelet: Den største forbrytelsen (2014)
Marte Michelet: Hva visste hjemmefronten? (2018)
Den største forbrytelsen (2020)
Espen Søbye: Hva vet historikerne? (2021)
Marte Michelet: Tilsvar (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar