5. juli 2021

Marte Michelet: Hva visste hjemmefronten? (2018)

 

Dette må vera den boka som har skapt mest debatt i Noreg dei siste åra. Eg er berre sånn middels interessert i krigen, men kvart nytt debattinnlegg og etter kvart kvar ny bok har gjort meg nyfiken på kva boka (og debatten) handlar om. Eg var innom i bokhandelen for litt sidan, kjøpte denne boka og dei to motbøkene, for å gjera meg betre kjend med alt dette.

Boka er finfin. Michelet går uredd inn i eit tema som har vore lite framme, truleg av di det har vore ubehageleg. Tittelen seier det meste - boka handlar om kva heimefronten visste om planane for utryddinga av jødane i Noreg. Alt tyder på at dei visste om aksjonane i god tid før dei skjedde, og alt tyder òg på at dei aller fleste såg ein annan veg. Dei hadde fluktruter til Sverige og kunne ha redda mange av jødane, men engasjerte seg ikkje i saka. Resultatet vart, som me veit, at i november 1942 vart meir enn 500 jødar sendt med båt frå Oslo til Auschwitz, og nokre månader seinare vart rundt 150 andre sendt same vegen. I Auschwitz vart så godt som alle drepne.

Boka er glimrande oppbygd. Me får høyra om mange som gjer sitt for å redda tyskarane, men svært få av dei er knytte til heimefronten. Tre av dei viktigaste er tyske. Etter krigen vart det lagt lok på dette, både i bøker og ved heimefrontmuseet. Med støtte i kjeldene sine viser Michelet at heimefronten ikkje var interesserte i å redda jødar. Dei var ikkje åleine om dette, det mest ubehagelege i boka er korleis eit negativt syn på jødar var svært utbreitt. Det var sjølvsagt ikkje slik at folk ynskte at jødane skulle utryddast, men for mange var det slik at jødane ikkje var norske nok - der var norskare nordmenn som burde reddast fyrst. I etterkrigsåra vart dette ei ubehageleg sanning, og Michelet viser korleis dette vart noko som ikkje skulle snakkast om.

Er det noko å trekkja for? Eg dreg gjerne fram den vanlege kjepphesten min: Det er tungvint å lesa ei bok der det står mykje informasjon i sluttnotane. Eg ser fram til den dagen eit forlag finn ut at reine kjeldetilvisingar gjerne kan samlast bak i boka, medan notar med informasjon vert gjort om til fotnotar. 

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Marte Michelet: Den største forbrytelsen (2014)
Den største forbrytelsen (2020)
Berggren, Bruland og Tangestuen: Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten? (2020)
Espen Søbye: Hva vet historikerne? (2021)
Marte Michelet: Tilsvar (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar