13. august 2021

Don DeLillo: Americana (1971)

Dette er debut-boka til DeLillo, og det er vel ikkje så altfor mykje her som kan tyda på at han med åra var ein stor forfattar. Det er eit stykke mellom godbitane, og dei er ikkje store nok til å dekkja over det som er mindre bra.

Hovudpersonen, den 28 år gamle Dave Bell, arbeider i fjernsynsbransjen. Han får klarsignal for å laga eit program om indianarar i Arizona. Saman med kollegaer køyrer vestover frå Maine, men kjem aldri lengre enn til midt-Vesten. Der vert dei verande, av di Bell filmar og filmar ein del folk dei møter. Til sist reiser kollegaene hans heim att, medan Bell held fram vestover.

Den fyrste delen av boka har noko madmensk over seg. Ingen jobbar spesielt mykje, men dei et og drikk og har det kjekt. Før turen vestover kjem det eit langt tilbakeblikk, der me får høyra om den priviligerte oppveksten til Bell. Så kjem opphaldet i midt-Vesten, og det er her det raknar for boka. Så langt har det vore nokre gode skildringar, som kapitlet som fortel om eit selskap/ein fest heime hjå foreldra til Bell. Men dei mange og lange referata frå filminga burde vore korta ned. Her misser boka framdrift, og det er seigt å koma gjennom dette.

Guffen er lunken. 

Meir DeLillo på kulturguffebloggen
End Zone (1972)
Great Jones Street (1973)
Players (1977)
The Silence (2020)

11. august 2021

Chris Ware: Rusty Brown (2019)

Chris Ware lagar intrikate teikneseriar. Boka er litt større enn A5, men mange av sidene har enormt mange ruter - på ei av sidene er det rundt 170 ruter. Teikningane er flotte og detaljrike, og visuelt er det ei fryd å lesa dette.

Det beste er likevel historiene. Boka er kalla opp etter Rusty Brown, men me møter mange andre òg. Det verkar som om det dei har til felles er at dei anten er elevar eller tilsette ved ein high school i Nebraska. Dei aller, aller fleste av dei me møter har òg rimeleg store sosiale problem.

Rusty Brown er rundt åtte år, og drøymer om at livet som skuleelev vart erstatta av eit liv som superhelt. På skulen kjem det ein ny elev, Chalky White, som heller ikkje er noko sosialt midtpunkt. Ein bolk av boka handlar om far til Rusty. Me får høyra om oppveksten til Jordan Lint, ein av problemelevane på skulen. Til slutt handlar det om Joanne Cole, tilsett ved skulen. Utan altfor store overgangar går me frå ei historie til den neste, me hoppar i tid og stad - ein av historiene handlar om dei fyrste som buset seg på Mars.

Det er fabelaktige greier. Teiknigane står svært godt til historiene, det ligg ei melankolsk stemning over det heile. Då boka kom ut i 2019 vart det snakka om at dette var fyrste del av eit tobandsverk, men det kan ta tid før neste del kjem: Dei eldste delane av denne boka vart teikna i 2001.

Guffen tilrår.

Meir Ware på kulturguffebloggen
Rusty Brown (2019)

10. august 2021

Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)

Etter å ha gitt ut fem romanar og eit skodespel gav Vesaas ut denne novellesamlinga. Han vart seinare ein meister også i denne sjangeren, men det er ikkje eit dekkande uttrykk her. Det er noko uferdig over dei fleste av dei sju novellene i boka. 

Eit fellestrekk i tre av novellene er at born spelar hovudrolla. Opningsnovella, "Då det var veg til himmerik", er den beste av desse, sjølv om han nok hadde skrive emnet betre ut seinare i forfattarskapen. Novella handlar om to små gutar som vil kliva i ein stige, av di dei får høyra at det blåe dei ser over stigen er himmelen. Den avsluttande novella i boka, "Dalen med den galne enden", handlar om to born som vert vitne til at to fantar tek livet av ein tredje, og er den lengste og truleg den veikaste novella i boka.

Ei av novellene lyser langt sterkare enn dei andre. "Signe Ton" er ei kort novelle, berre seks sider, men her viser Vesaas kor stor han er. Ho går gjennom heimbygda, der ho bur i den burtlengste garden, og tenkjer på korleis det er her ho skal leva resten av livet. Frå ein av desse gardane kjem nokon til å fri til ho, det er både ho sjølv og dei som i gardane klar over. Novella er kort, klar og konsis, og er den einaste verkeleg gode i boka.

Guffen er lunken. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Tarjei Vesaas: Bruene (1966)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Tarjei Vesaas: Båten om kvelden (1968)

Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)
Fuglane (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 5.4.2025)

9. august 2021

Annie Ernaux: Årene (2008)

Det er ikkje ofte eg les franske bøker. Denne boka fekk mykje skryt då ho kom på norsk i fjor, og det skrytet er vel fortent. 

Eg kjenner minimalt til Ernaux, men ut frå det eg har skumlese på nettet ser det ut til at det ho skriv har utgangspunkt i hennar eige liv. Slik er det i denne boka, og ho var valt ei god løysing. Med ujamne mellomrom studerer forfattaren eit fotografi, der ho som er med på alle bileta vert omtalt som "hun". Fotografia kjem i kronologisk rekkjefylgje, og innimellom foto-tekstane kjem det lengre bolkar som handlar om "vi". Ernaux skriv altså dels si eiga historie, dels historia til Frankrike (og andre delar av verda). 

Det heile tek til i 1941, året etter at Ernaux vart fødd. Me møter ei jente som gradvis vert kvinne, som finn seg ein veg gjennom livet. Som eldre kvinne ser ho tilbake på livet - ho ser at ho har (og har hatt) eit heilt anna liv enn foreldra, og ho ser òg at ho er heilt annleis enn neste generasjon. Ho viser altså godt, med både lokale og kvardagslege og meir globale og spesielle hendingar, korleis verda har endra seg sidan 1940. 

Boka er altså finfint disponert. Omsetjinga verkar framifrå, og Ernaux kan òg trylla fram finfine uttrykk. Hovudpersonen i boka arbeider som lærar, og ho stiller spørsmål ved om ho "hadde lært elevene noe som helst, drev vi ikke egentlig og syklet ved siden av sykkelen, og tjente skolen egentleg til noe?" 

Guffen tilrår. 

Meir Ernaux på kulturguffebloggen
Jeg er fortsatt her inne i mørket (1996)
Hendelsen
 (2000)
Sommeren 58 (2016)
Far. En kvinne (2021)

7. august 2021

Ragnar Hovland: Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)

Dette skodespelet handlar om to sogningar. Den eine, meistertjuven Gjest Bårdsen, er kjend for dei fleste; den andre, langdistanseløparen Mons Monsen Øyri (betre kjent som Mensen Ernst), er noko mindre kjend. Bårdsen er med i dei fleste av scenene; Øyri dukkar opp meir sporadisk. Begge er rastlause, begge har få faste haldepunkt i tilveret. Den eine sit ofte i fengsel, den andre vert heidra i storbyar over heile Europa. 

Bårdsen har hatt nærkontakt med mange kvinner, og ei av dei, Constance, kjem stadig tilbake til han, sjølv om ho er død. I samtalane med henne, og i dei mange oppmodingane frå lensmannen (og andre) om at ein så evnerik kar som Bårdsen burde verta skulemeister på heimstaden Sogndal, vert Bårdsen heile tida konfrontert med livsvalet han har gjort. Han finn ikkje ro, og, slik tittelen fortel om, reiser til Egypt for å leita etter Nilens kjelder.

Det er eit fint teaterstykke, som har vore vist fleire gonger. Google fortel meg at då Sogn og Fjordane teater sette det opp som skuleframsyning takka fleire skular nei til tilbodet, etter at det i presseomtale vart lagt mykje vekt på "dristige sexfantasiar" og "sexfokusering". Eg skal ikkje påstå at dette var noko som plaga meg under lesinga.

Guffen tilrår.  

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)
Hovland og Kverneland: Astrup (2026)

5. august 2021

Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx Bros. Scrapbook (1973)

Boka har to forfattarar, men det er opplagt at Anobile drog det tyngste lasset. Han gjorde ei rekkje intervju med Groucho, og intervjua òg mange andre som hadde noko å seia - Zeppo, Gummo, Susan Marx (enkja etter Harpo), manusforfattarar, regissørar, og så bortetter. Han har òg skrive ut intervjua, skrive bilettekstar og føreord.

Det er både godt og gale å seia om boka. Det galne fyrst: Det er opplagt at intervjua burde vore strammare redigert. Groucho var 81 (eller 82) då han vart intervjua, og det er tydeleg at minnet hans ikkje er heilt godt. Han veit svært godt at han var ein stor komikar, og prøver litt for hardt på å vera morosam. Han slengjer mykje drit i namngitte personar, og han snakkar altfor mykje om damer. Variantar av setninga "Boy, did I want to fuck her" dukkar opp heile tida. Ein myndig redaktør hadde stroke alt dette. Det er òg rart at Anobile stavar mange namn feil - sjølv om det ikkje fanst internett på den tida burde det vera greitt å finna ut korleis namn vart skrivne.

Groucho skal ha prøvd å stoppa utgjevinga av boka, truleg etter at han fekk sjå at Anobile tok med kvart ord han hadde sagt.

Men ser ein vekk frå dette, som rett nok tidvis kan vera vanskeleg, er her mykje bra. Intervjua har mykje fin informasjon, og her er ei rekkja gode bilete og faksimilar frå blad, aviser og programhefte. Det er òg viktig å hugsa at boka vart skriven før dei verkeleg grundige og gode biografiane og bøkene om Marx-ane kom ut, slik at mykje av det som står her var nytt for dei fleste.

Guffen tilrår.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)
Robert S. Bader: Zeppo. The Reluctant Marx Brother (2024)

4. august 2021

Marte Michelet: Tilsvar (2021)

 

Ei kort oppsummering, igjen: I 2018 gav Marte Michelet ut boka Hva visste hjemmefronten?. Det vart litt rabalder, av di ho rokka ved gamle og etablerte sanningar. Tre historikarar som forskar og har forska på kva som skjedde med jødane i Noreg under krigen, Elsie Berggren, Bjarte Bruland og Mads Tangestuen, gav i 2020 ut ei bok, Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten?, der dei meinte å finna ei rekkje feil i boka til Michelet. Den grovaste, påstanden om at drivkrafta til dei som stod bak Carl Fredriksens Transport var økonomisk vinning, har Michelet beklaga både ei og to gonger. Kort tid før Michelet hadde denne svarboka ferdig gav Espen Søbye ut boka Hva vet historikerne?, der han tok Michelet i forsvar. 

Denne boka er òg eit forsvarsskrift frå Michelet si side, og det er eit glimrande forsvarsskrift. Ho tek føre seg kapittel for kapittel i boka til dei tre historikarane, og viser gong på gong at det dei meiner er feil anten ikkje er det, eller er tolkingsspørsmål. Ho vedgår nokre få feil, og skriv at dei skal rettast i komande utgåver av Hva visste hjemmefronten?, men stort sett kjem ho frå dette med heva hovud. Det same kan ein ikkje seia om dei tre historikarane - Michelet viser fleire gonger at dei har gjort det same som dei skuldar ho for. Dei har òg fleire gonger berre teke med delar av eit sitat, slik at meininga vert tilpassa den konklusjonen dei ser etter. 

Eg kjenner ikkje dette fagfeltet godt nok til at eg kan seia kven som har rett og gale. Etter dei to fyrste bøkene rekna eg med at dei tre historikarane faktisk hadde funne ei rekkje feil, men etter denne boka og boka til Søbye er eg slettes ikkje så sikker. Det kan godt henda at eg berre seier meg samd med siste talar, men det verkar som om Michelet har den beste saka, og at hovudkonklusjonen hennar står seg: For heimefronten var ikkje jødane så veldig viktige. 

Eg reknar med at det kjem fleire bøker om dette temaet, og det skulle ikkje undra meg om dei tre historikarane kjem med ei svarbok om litt. Det er heilt fint, på begge sider av bordet vert det leita etter fleire kjelder, slik at heile prosessen er med på å gje oss meir kunnskap om kva som faktisk skjedde.

Guffen tilrår. 

Relatert på kulturguffebloggen
Marte Michelet: Den største forbrytelsen (2014)
Marte Michelet: Hva visste hjemmefronten? (2018)
Den største forbrytelsen (2020)
Berggren, Bruland og Tangestuen: Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten? (2020)
Espen Søbye: Hva vet historikerne? (2021)