13. juni 2011

Otto Hageberg: Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys (1995)

Otto Hageberg gav i 1996 ut Forboden kjærleik, ein studie av bøkene til Duun. Denne langt tynnare boka omtalar han som eit sideprodukt av Forboden kjærleik, og her handlar det meir om mennesket Duun. Han sveipar av og til innom bøkene til Duun, men det skjer ikkje ofte. Eg høyrer til dei som synest det er greitt å vita litt òg om forfattarane - ikkje av di det påverkar lesinga av bøkene deira, men av di det berre er greitt å vita litt om dei.

Duun skilde sjølv klart mellom bøker og person. Han likte seg ekstremt dårleg i rampelyset, og hadde liten kontakt med andre i det litterære miljøet. Han var sjeldan intervjua, og, slik Hageberg er inne på ein stad, det er ikkje mange forfattarar me veit så lite som Duun.

Boka har fire tyngdepunkt. Hageberg har fått tilgang til brev Duun sende til fleire medlemmer av ein familie han vart kjend med før han flytta frå Trøndelag til Holmestrand. Han skriv om kontakten mellom Duun og fleire forleggjarar - Olaf Norli, William Nygaard og Harald Grieg. Og han skriv om den store prisen Duun likevel ikkje fekk, Nobelprisen, og om den store tyske prisen han kontroversielt nok tok mot, Henrik Steffens-prisen. Dette gjer han godt, og fleire av kjeldene han nyttar hadde ikkje vore brukte av andre, slik at han gjev oss betre kjennskap til livet til Duun. Spesielt den fyrste brevvekslinga er spanande i så måte. Sjølv om halvparten av denne dialogen manglar - Duun brende sjølv desse breva - fortel breva som framleis finst nye ting om ungdomen til Duun.

I dei tre siste delane kjem det klart fram kor stor Duun var i si samtid. Han vart verande hjå Olaf Norli, men både Nygaard og Grieg var interesserte i å få han over på deira forlag. Og det var uventa lite kritikk i norske media etter at Duun fekk Steffens-prisen, dette forklarar Hageberg med at Duun hadde så høg status i det norske kulturlivet at han nærmast var friteken for kritikk. I alt er dette ei bok som gjev ein lyst til å lesa Duun. Det har eg truleg gjort for lite av.

Guffen tilrår.

Meir Duun på kulturguffebloggen
Medmenneske (1929)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar