11. mai 2026

Sindre Hovdenakk og Leif Høghaug (red.): Skrift og strid. Essay om Henrik Rytter (2011)

Eg visste svært lite om Henrik Rytter før eg las denne boka. Det er kanskje ikkje så rart - ein ting er at eg så godt som aldri les dikt, ein annan ting er at Rytter er rimeleg gløymt i dag. Slik var det sjølvsagt ikkje før, og det kjem godt fram i denne boka. Mange, mellom anna Olav H. Hauge, omtalar han i svært varme ordelag.

Rytter skreiv eigne dikt, men han var meir travel som omsetjar. Han omsette ei rekkje klassiske verk, av mellom anna Dante og Boccaccio, og han omsette 23 av skodespela til Shakespeare. Han omsette òg Peer Gynt til nynorsk, og i essayet om den omsetjinga meiner Klaus Johan Myrvoll at Rytter kjem betre frå den oppgåva enn Jon Fosse. 

Boka inneheld smaksprøvar på omsetjingane og dikta til Rytter, men viktigare er dei mange essaya og artiklane. Her er rundt tolv av dei, og saman skapar dei eit godt og respektfullt bilete av Rytter. Me får vita om livet hans, og me får vita mykje om arbeidet hans. Alt er godt, og dette var ei bok eg likte veldig godt.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar