Dei to fyrste Duun-bøkene var bra, men denne boka er endå betre. Det vert endå tydelegare enn før at Olav Duun er ein stor forfattar, og det er nesten som eg angrar på at eg ikkje har lese meir av han tidlegare. På den andre sida er det jo òg kjekt å oppdaga nye forfattarskapar.
Det handlar om Danel. Han møter mykje motgang gjennom livet, men er ein slik som ikkje gjev opp så lett. Tittelen viser til motgangen han møter, men det viser òg til noko reint konkret: Han vart fødd med det eine fotbladet på tvers. Det var det ikkje mykje å gjera med i den tida, sjølv om han i vaksen alder gjekk til ein kirurg inn i byen for å prøva å få bukt med det.
Han driv handel, både med butikkvarer og eigedomar. Det går opp og ned, kanskje av di han ikkje har eit hardt nok hjarte. Han har alltid hatt eit godt auge til Ane, og sjølv om ho stiftar familie med ein av uvenene til Danel, hjelper han dei heile tida med pengar.
Romanen er eit godt portrett av ein som vil noko, men som møter hindringar. Duun er kjent for å vera ein som skriv om menneskesinnet, og slik er det verkeleg her. Boka er velskriven, og i denne boka vert namdalsdialekten langt meir synleg enn i dei tidlege. Det er òg påfallande korleis Duun bruker alliterasjon i denne boka, det var ikkje lenge mellom kvar gong det dukka opp.
Guffen tilrår.
Meir Duun på kulturguffebloggen
Løglege skruvar og anna folk (1907)
Marjane (1908)
Medmenneske (1929)
Otto Hageberg: Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys (1995)
Dag Solstad leser Olav Duun (2018)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar