Viser innlegg med etiketten Duun. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Duun. Vis alle innlegg

30. september 2026

Olav Duun: Hilderøya (1912)

Me er igjen på kysten av Trøndelag. Handlinga krinsar rundt Svein. Han kjenner at han høyrer til her, men samstundes passar han ikkje heilt inn. Det vert mest tydeleg då Etvart Jørgen kjem til øya. Han kan alt, han får til alt, medan Svein berre prøver så godt han kan. Svein har i utgangspunktet har eit godt forhold til nabojenta Hanna, medan Etvart Jørgen likar syster hennar, Herborg, best. Svein tek etter Etvart Jørgen i det meste, og snart gløymer han Hanna og går for Herborg, han òg.

Boka får ein litt for harmonisk slutt, men før me kjem dit er der konfliktar og dramatikk. Korkje Etvart Jørgen eller Herborg overlever romanen, og det endar med at Svein og Hanna finn tilbake til kvarandre. Fyrst bur dei på ein gard noko lengre inne i landet, men dei flyttar tilbake til Hilderøya.

I boka vert Svein dregen i mange retningar. Han vil vera på Hilderøya. samstundes som han ikkje kjenner seg flink nok til å vera der. Han vert dregen mellom dei to systrene. Der er òg ein indre kamp, der han kjempar for å meistra livet og dei krava som vert stilte til han.

Guffen er lunken.

Meir Duun på kulturguffebloggen
Løglege skruvar og anna folk (1907)
Marjane (1908)
Paa tvert (1909)
Nøkksjølia (1910)
Sigyn (1913)
Medmenneske (1929)
Otto Hageberg: Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys (1995)
Dag Solstad leser Olav Duun (2018)


26. august 2026

Olav Duun: Sigyn (1913)

Denne romanen er eit framhald av Nøkksjølia, som kom tre år tidlegare. Den boka slutta med at Sigyn og Elias kjøpte garden Nøkksjølia, sjølv om han hadde odel til storgarden Brønnes. Dei to er gifte, og frå før har ho sonen Kristian.

Sigyn og Elias har vel ikkje det beste forholdet. Dei går nokolunde godt overeins, men det er tydeleg at ho har eit langt betre auge til tannlækjaren Rosendal. Ho er fleire gonger til byen for å få behandling hjå han, og han er òg av og til på vitjing i bygda deira. Ho har òg mykje kontakt med Thekla, som ho gjekk på skule med for nokre år sidan. Gjennom boka er Sigyn tettare knytt til andre enn ektemannen. Boka sluttar likevel med eit stor vending - dei to flyttar likevel til Brønnes, og brått er tilhøvet deira langt betre.

Denne vendinga kjem litt uventa. Det er jo eigentleg heilt greitt, men det verkar lite truverdig. Andre delar av boka er òg seige og lite spanande, og fleire av karakterane er lite engasjerande. Dette er nok ikkje den sterkaste av romanane til Duun.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Duun på kulturguffebloggen
Løglege skruvar og anna folk (1907)
Marjane (1908)
Paa tvert (1909)
Nøkksjølia (1910)
Hilderøya (1912)
Medmenneske (1929)
Otto Hageberg: Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys (1995)
Dag Solstad leser Olav Duun (2018)

14. april 2026

Olav Duun: Nøkksjølia (1910)

Det er framleis tidleg Duun. Det er framleis bra, sjølv om me veit at han ikkje er på toppnivået sitt enno. Tittelen på boka er namnet på ein gard, der fosterjenta Sigyn veks opp. Foreldra var ugifte; faren tok livet sitt, og mora flytta frå bygda. Sigyn vert altså ein som er litt på utsida, men ho veit kva ho vil. 

Ho flyttar heimefrå for å gå på skule, men har heile tida kontakt med to unge menn frå heimbygda - Odin frå Nøkksjølia og Elias frå Brønnes. Begge frir til ho, og ho får det som ho vil: Ho giftar seg med Elias, og etter at Odin har ruinert seg på nokre prosjekt ho egga han til å gjera, kjøper Elias Nøkksjølia. 

Det er altså eit slags trekantdrama, der Sigyn heile tida er den sterke, den som har makt. Det er likevel ikkje historia som imponerer mest her; boka har ei rekkje glimrande naturskildringar, og det er kanskje språket som mest viser utviklinga hjå forfattaren Duun.

Guffen tilrår.

Meir Duun på kulturguffebloggen
Løglege skruvar og anna folk (1907)
Marjane (1908)
Paa tvert (1909)
Hilderøya (1912)
Sigyn (1913)
Medmenneske (1929)
Otto Hageberg: Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys (1995)
Dag Solstad leser Olav Duun (2018)

7. oktober 2025

Olav Duun: Paa tvert (1909)

Dei to fyrste Duun-bøkene var bra, men denne boka er endå betre. Det vert endå tydelegare enn før at Olav Duun er ein stor forfattar, og det er nesten som eg angrar på at eg ikkje har lese meir av han tidlegare. På den andre sida er det jo òg kjekt å oppdaga nye forfattarskapar.

Det handlar om Danel. Han møter mykje motgang gjennom livet, men er ein slik som ikkje gjev opp så lett. Tittelen viser til motgangen han møter, men det viser òg til noko reint konkret: Han vart fødd med det eine fotbladet på tvers. Det var det ikkje mykje å gjera med i den tida, sjølv om han i vaksen alder gjekk til ein kirurg inn i byen for å prøva å få bukt med det. 

Han driv handel, både med butikkvarer og eigedomar. Det går opp og ned, kanskje av di han ikkje har eit hardt nok hjarte. Han har alltid hatt eit godt auge til Ane, og sjølv om ho stiftar familie med ein av uvenene til Danel, hjelper han dei heile tida med pengar. 

Romanen er eit godt portrett av ein som vil noko, men som møter hindringar. Duun er kjent for å vera ein som skriv om menneskesinnet, og slik er det verkeleg her. Boka er velskriven, og i denne boka vert namdalsdialekten langt meir synleg enn i dei tidlege. Det er òg påfallande korleis Duun bruker alliterasjon i denne boka, det var ikkje lenge mellom kvar gong det dukka opp. 

Guffen tilrår. 

Meir Duun på kulturguffebloggen
Løglege skruvar og anna folk (1907)
Marjane (1908)
Nøkksjølia (1910)
Hilderøya (1912)
Sigyn (1913)
Medmenneske (1929)
Otto Hageberg: Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys (1995)
Dag Solstad leser Olav Duun (2018)

10. august 2025

Olav Duun: Marjane (1908)

Dette var den andre boka Olav Duun fekk gjeve ut, men det skal ha vore den fyrste boka han skreiv. Det er ei solid bok, som til liks med debutboka viser at Duun held eit høgt nivå heile vegen.

Me fylgjer Helge gjennom livet. Han er djupt forelska i ei jente i nabolaget, Marjane, men det vert aldri dei to. Ho kjem frå eit langt høgare samfunnslag, og ho har òg eit godt auge til Andreas. I alle fall trur Helge det - me ser alt gjennom han, og det skal ikkje mykje til før han trur at Marjane ikkje vil han. Me som les boka er ikkje like overtydd, det kjem små drypp og hint om at ho likar han godt. Helge er mykje vekke på fiske. Når han kjem tilbake tek det same seg opp att. Siste gongen han er heime ser han at det har vore gravferd på ein nabogard, og det tek lang tid før han skjønar at Marjane er død.

Det er altså ei solid bok. Duun er ein forteljar, men han vil òg at forteljingane skal krinsa rundt alvorlege spørsmål. Her handlar det altså om tvil og tru i kjærleikslivet, og om korleis også landsbygda kan skapa sosiale barrierar det ikkje er lett å koma over.

Guffen tilrår.

Meir Duun på kulturguffebloggen
Løglege skruvar og anna folk (1907)
Paa tvert (1909)
Nøkksjølia (1910)
Hilderøya (1912)
Sigyn (1913)
Medmenneske (1929)
Otto Hageberg: Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys (1995)
Dag Solstad leser Olav Duun (2018)

21. juli 2025

Olav Duun: Løglege skruvar og anna folk (1907)

Dette er debutboka til Olav Duun. Her er tolv noveller, og sjølv om dei ikkje er altfor originale, er det svært mykje bra her. Duun skriv med stor sjølvtillit, og det er noko sjølvsikkert over det heile. Han har mange gode skildringar, fyrst og fremst av natur, og i tillegg er det mange gode replikkar og dialogar.

Alle novellene går føre seg i eit kystlandskap, der folk driv med jordbruk og fiske. Replikkane er ofte på dialekt, og ikkje uventa er det spor av trønder-dialekten. Personane Duun skriv om er ikkje av dei mest vellukka eller dei mest velståande, tvert i mot skriv han gjerne om fattige folk, folk som ikkje får det til, og folk som er lettlurte. I dei fleste novellene er det bra med humor.

Nokre noveller verkar mest som reine forteljingar, men andre gonger dreg Duun opp nokre litt tyngre spørsmål. Kan til dømes ei kristen kvinne slå seg saman med ein fritenkjar? 

Guffen tilrår. 

Meir Duun på kulturguffebloggen
Marjane (1908)
Paa tvert (1909)
Nøkksjølia (1910)
Hilderøya (1912)
Sigyn (1913)
Medmenneske (1929)
Otto Hageberg: Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys (1995)
Dag Solstad leser Olav Duun (2018)

9. juni 2022

Dag Solstad leser Olav Duun (2018)

Endå eit foredrag frå serien til Nasjonalbiblioteket. Dei inviterte forfattarar til å snakka om ein forfattarskap som var ny for dei, og Solstad valde å snakka om Olav Duun. Kortversjonen er at han aldri hadde lese Duun før, og at han, etter å ha lese nokre av verka til Duun, skjøna at tida har gått frå Duun.

Konklusjonen verkar litt lite gjennomtenkt, og det kom mange reaksjonar etter foredraget. Det er nok likevel slik Solstad hevdar, at Duun ikkje er mykje lesen i dag. Men det er jo òg slik at gløymde forfattarskapar kan hentast fram att, men at dei då gjerne må ha hjelp. Om fire år er det 150 år sidan Duun vart fødd, og for alt eg veit er det planlagt store markeringar då. 

Solstad er ikkje negativ til bøkene til Duun, og han finn mykje han likar. Slettes ikkje alt, men det han nemner av mindre gode ting verkar mest som bagatellar. Han ser at Duun skriv godt, han ser at Duun tek opp store spørsmål, men meiner likevel at bøkene hans er forelda. Og kva er den viktigaste grunnen til det, slik Solstad ser det? Tarjei Vesaas. Han meiner at fram til Kimen var Vesaas nærmast å rekna for ein Duun-elev, men frå 1940 endra forfattarskapen seg. Då var Duun nyleg død, og slik Solstad ser det tok Vesaas det rommet Duun hadde. Vesaas vart ein nyskapande modernist; Duun vart sett på som gamaldags og utdatert.

Guffen tilrår. 

Meir Duun på kulturguffebloggen
Løglege skruvar og anna folk (1907)
Marjane (1908)
Paa tvert (1909)
Nøkksjølia (1910)
Hilderøya (1912)
Sigyn (1913)
Medmenneske (1929)
Otto Hageberg: Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys (1995)

Meir Solstad på kulturguffebloggen
Spiraler (1965)
Svingstol (1967)
Alf van der Hagen: Dag Solstad. Uskrevne notater (2013)

11. august 2013

Olav Duun: Medmenneske (1929)

Eg har lese lite Duun, og etter denne boka skjønar eg at eg har lese for lite Duun. Det er ei fantastisk bok, med ei uvanleg tett og intens handling.

Me er i det kystlandskapet Duun ofte skriv om. Didrik Dale, kårmann på garden Stavsund, og er ein tvers gjennom roten person. Han lovar og lyg, og handlar med pengar han ikkje har. Motsatsen hans er svigerdottera Ragnhild, som berre ser etter det gode i folk, og som òg prøver å vera snill mot Didrik. I tillegg er her ei mengd andre folk, og synsstaden vekslar heile tida. Duun har likevel full oversikt og full kontroll, og det er heller ikkje vanskeleg for oss lesarar å følgja med.

Då eg arbeidde i Aasen-tunet laga me ei utstilling om Duun. Ein lærar som tok med klassen dit ville gjerne at eg skulle seia noko om slektskapen mellom bøkene til Dostoyevsky (som eg kjende godt) og bøkene til Duun (som eg altså visste svært lite om). Det gjorde eg på sett og vis, men etter denne boka ser eg tydelegare kva han meinte. Boka krinsar rundt det store spørsmålet om kor mykje vondt som kan samlast i ein person, og kor langt ein person kan vera viljug til å gå for å nå måla sine. Didrik er ein person som gjerne ofrar den næraste familien sin, dersom han sjølv kan tena på det.

Guffen tilrår.

Meir Duun på kulturguffebloggen
Løglege skruvar og anna folk (1907)
Marjane (1908)
Paa tvert (1909)
Nøkksjølia (1910)
Hilderøya (1912)
Sigyn (1913)
Otto Hageberg: Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys (1995)
Dag Solstad leser Olav Duun (2018)

13. juni 2011

Otto Hageberg: Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys (1995)

Otto Hageberg gav i 1996 ut Forboden kjærleik, ein studie av bøkene til Duun. Denne langt tynnare boka omtalar han som eit sideprodukt av Forboden kjærleik, og her handlar det meir om mennesket Duun. Han sveipar av og til innom bøkene til Duun, men det skjer ikkje ofte. Eg høyrer til dei som synest det er greitt å vita litt òg om forfattarane - ikkje av di det nødvendigvis påverkar lesinga av bøkene deira, men av di det berre er greitt å vita litt om dei.

Duun skilde sjølv klart mellom bøker og person. Han likte seg ekstremt dårleg i rampelyset, og hadde liten kontakt med andre i det litterære miljøet. Han var sjeldan intervjua, og, slik Hageberg er inne på ein stad, det er ikkje mange forfattarar me veit så lite som Duun.

Boka har fire tyngdepunkt. Hageberg har fått tilgang til brev Duun sende til fleire medlemmer av ein familie han vart kjend med før han flytta frå Trøndelag til Holmestrand. Han skriv om kontakten mellom Duun og fleire forleggjarar - Olaf Norli, William Nygaard og Harald Grieg. Og han skriv om den store prisen Duun likevel ikkje fekk, Nobelprisen, og om den store tyske prisen han kontroversielt nok tok mot, Henrik Steffens-prisen. Dette gjer han godt, og fleire av kjeldene han nyttar hadde ikkje vore brukte av andre, slik at han gjev oss betre kjennskap til livet til Duun. Spesielt den fyrste brevvekslinga er spanande i så måte. Sjølv om halvparten av denne dialogen manglar - Duun brende sjølv desse breva - fortel breva som framleis finst nye ting om ungdomen til Duun.

I dei tre siste delane kjem det klart fram kor stor Duun var i si samtid. Han vart verande hjå Olaf Norli, men både Nygaard og Grieg var interesserte i å få han over på deira forlag. Og det var uventa lite kritikk i norske media etter at Duun fekk Steffens-prisen, dette forklarar Hageberg med at Duun hadde så høg status i det norske kulturlivet at han nærmast var friteken for kritikk. I alt er dette ei bok som gjev ein lyst til å lesa Duun. Det har eg truleg gjort for lite av.

Guffen tilrår.

Meir Duun på kulturguffebloggen
Løglege skruvar og anna folk (1907)
Marjane (1908)
Paa tvert (1909)
Nøkksjølia (1910)
Hilderøya (1912)
Sigyn (1913)
Medmenneske (1929)
Dag Solstad leser Olav Duun (2018)