Viser innlegg med etiketten Austerrike. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Austerrike. Vis alle innlegg

20. april 2026

Rainer Maria Rilke: Brev til ein ung diktar (1929)

Frå 1903 til 1908 sende forfattaren Rainer Maria Rilke fleire brev til Franz Savus Kappus. Kappus var åtte år yngre enn Rilke, og han hadde òg forfattarambisjonar. Han sende dikt til Rilke, og dei neste åra var dei altså (sporadiske) brevvener. Viss eg forstår det rett, inneheld denne boka dei ti breva Rilke sende. Dei er korte, og boka er dermed rimeleg kort - medrekna merknadene til omsetjaren Åsmund Bjørnstad er boka på berre 60 sider. 

Men, som me veit, det er ikkje alltid storleiken det kjem an på. Breva er nesten frie for tomprat; det verkar som om Rilke ser kven Kappus er, og han skriv mykje og godt om det å skriva, og om det å vera kunstnar. Spesielt dei fyrste fire-fem breva er gode, men dei resterande held òg eit akseptabelt nivå. Merknadene til Bjørnstad står samla til slutt, men dei kunne godt vore trykt etter kvart brev. Hovudtyngda i merknadene ligg på biografiske fakta - kvar var Rilke då breva vart skrivne, kven var han saman med og kva arbeidde han med, osb.

Guffen tilrår. 

14. april 2022

Franz Kafka: Prosessen (1925)

 

Skald forlag held heldigvis fram med dette tiltaket: Dei gjev ut storverk frå verdslitteraturen på nynorsk. Denne gongen er det Jon Fosse som er omsetjar, og ikkje uventa er det storveges litteratur.

Boka handlar om Josef K., som ein dag får vita at han er skulda for eit brotsverk. Korkje han eller lesarane veit kva brotsverket er, og det finn me heller ikkje ut på veg gjennom boka. Josef møter stadig nye folk, kjem stadig inn i nye hus, på leit etter ei forklaring og med von om ei frifinning. Alle stader er litt merkelege, og det verkar som om alle andre veit kven Josef er, og det verkar som om dei òg veit kva han er skulda for. Han møter andre som òg er skulda for noko, sjølv om det er litt uklart om dei faktisk er det, eller om dei seier at dei er det for at Josef skal seia ting han ikkje burde seia.

Det er ei fascinerande bok. Samfunnet Josef lever i er ikkje så tiltrekkande, det er eit samfunn der nokre folk på toppen gjer som dei vil med dei lengre nede. Det er eit samfunn der folk ikkje har mange rettar, der dei manglar fridom. Men dette samfunnet er glimrande skildra, og det same ordet kan brukast om omsetjinga.

Guffen tilrår. 

Meir Kafka på kulturguffebloggen
Forvandlinga og andre forteljingar (1915)

30. desember 2019

Stefan Zweig: Sjakknovelle og andre tekstar (1942)

Stefan Zweig var eit nytt namn for meg. I eit etterord skriv omsetjaren Øyvind Vidnes at Zweig var ein av dei mest lesne forfattarane i tiåra fram mot andre verdskrigen. Han var frå Austerrike, fødd i 1881. Etter at Hitler kom til makta i Tyskland såg han kva som til å skje med heimlandet sitt, og alt i 1934 flytta han til England. I 1940 flytta han vidare til USA og deretter til Brasil, der han og kona i 1942 tok liva sine.

Boka inneheld fem noveller, som alle er gode. I "Brev frå ei ukjent kvinne" fortel den ukjende kvinna om korleis ho heile livet var avstandsforelska i han brevet er skrive til, om korleis ho vaks opp i naboleilegheita, korleis ho seinare hadde eit kort forhold til han (utan at han kjende henne att) der ho vart gravid. Skildringa av einsidig kjærleik er glimrande. "Den usynlege samlinga" har òg eit god - ein mann som sit på ei svært verdfull kunstsamling er vorten blind, og for å tena pengar har familien seld unna verk frå samlinga utan at han merkar det. Tittelnovella, fullført rett før Zweig døydde, handlar om ein mann som vert sett i fengsel av nazistane, og som, for å unngå å tørna galen der han sit i isolat, bruker ei bok med kjende sjakkparti til å læra seg sjakk. På ei båtreise møter han verdas beste sjakkspelar, og både skremmer og imponerer dei andre med sjakkunnskapane sine.

Boka kom ut i klassikarserien til Skald. Eg har sagt dette før, men kan godt seia det igjen: Det er eit svært prisverdig tiltak.

Guffen tilrår.

13. mars 2018

Robert Musil: Tre kvinner (1924)

Hovudpersonen i kvar av dei tre novellene i denne boka er menn, slik at boka gjerne kunne heitt Tre menn. Men det gjer ho jo ikkje, og det må koma av at det som styrer handlinga til mennene er kvinnene dei er glade i. Novellene handlar om forholdet mellom tre par, som levde i ulike land til ulike tider. Kvinnene høyrer òg til i ulike sosiale lag - me møter ei bondejente, ei adelskvinne og ei kvinne frå arbeidarklassen.

Den sistnemnde av desse er Tonka, som me møter i den lengste og beste av dei tre novellene. Dei to andre er ikkje like engasjerande, dei er tidvis seige, men novella om Tonka er som ein leik. Ein gut frå overklassen forelskar seg i ho, ho vert gravid, han reknar seg fram til at han kan slettes ikkje vera faren, ho får syfilis. Det er ei flott forteljing, der språket står mindre i vegen enn i dei to andre. For dei er ikkje like bra.

Denne boka kom ut i serien Skalds klassikarar. Det er ein serie dei skal ha ros for, ikkje berre av di dei omset klassiske litterære verk på ny, men òg av dei bøkene er visuelt vellukka.

Guffen tilrår.

13. juli 2017

Franz Kafka: Forvandlinga og andre forteljingar (1915)

Skald forlag gjev ut klassisk litteratur i nye omsetjingar. Denne er omsett av Jon Fosse. Dette er den andre boka eg les i denne serien, og denne er også svært bra. Her er samla fem forteljingar av Franz Kafka - ei halvlang, ei lang, og tre korte. Dei tre korte kjem til slutt. Den siste heiter "Draum", og minst ein av dei to andre har noko draum-liknande over seg.

Det kan ein vel òg seia om den lange forteljinga, "Forvandlinga". Opningssetninga fekk eg servert av Brynjulv då han studerte tysk, og det er ei fin opning på forteljing: "Då Gregor Samsa vakna i senga si ein morgon av urolege draumar var han forvandla til eit uhyrleg kryp". Han bur saman med systera og foreldra, og dei er sjølvsagt litt usikre på korleis dei skal takla dette. Gregor forstår alt som skjer, men kan ikkje snakka og kan difor ikkje forklara dei kva han vil. Forteljinga er av og til tragisk, av og til morosam, av og til begge delar.

To fulltreffarar av Skald så langt, altså. Eg har teikna meg som abonnent på serien, så det kjem fleire meldingar etter kvart.

Guffen tilrår.

Meir Kafka på kulturguffebloggen
Prosessen (1925)