13. mai 2010

Patti Smith: Just Kids (2010)

Eg har aldri hatt noko forhold til Patti Smith. Songen "Because the Night" var med på nokre samleplater me høyrde på i 70-åra, men den gjorde ikkje større inntrykk. Eg har ikkje høyrt mykje anna av musikken hennar, men det eg har høyrt, har vore sånn midt på treet.

Ein som hadde eit forhold til Smith var fotografen Robert Mapplethorpe, og han har eg meir sans for. Eg såg ei utstilling av bileta hans i Wien for nokre år sidan, og las i etterkant biografien Patricia Morrisroe skreiv om han. Der las eg om tida han budde saman med Smith, og det er det som er utgangspunktet for denne boka.

Smith fortel om korleis ho flyttar til New York i tjueårsalderen, og korleis ho litt tilfeldig vert kjent med Mapplethorpe. Dei flyttar i lag, fyrst i Brooklyn, deretter på legendariske hotell Chelsea. Begge vil driva med kunst - ho skriv dikt, medan han lagar bilete. Etter kvart vert ho musikar og han fotograf, men det er etter at dei har flytta frå kvarandre. Han gleid gradvis inn i homomiljøet, og brukte det aktivt i kunsten sin. Han fekk ein sponsor, slik at han vart kvitt alle økonomiske problem. Og dei var det mange av - dei levde lenge på sveltegrensa.

Mot slutten av boka er begge etablerte kunstnarar, men Smith lagar ikkje noko nummer av det. Å vera kjent var ikkje viktig, det var viktigare å laga noko som var bra. Det er i det heile ein flott tone i denne boka, som heilt tilfeldig er den tredje sjølvbiografiske boka eg les på kort tid. Som kunstnar heng Smith lang høgare enn Kent og Hovden, men ho er langt meir nøktern enn dei når det gjeld eigne kvalitetar.

Det er altså ei bok om å verta kunstnar, og om å ta kunsten på alvor. Men det er òg ei bok om å vera glad i nokon. Etter at dei to flytta frå kvarandre hadde dei framleis svært mykje kontakt; fleire av omslaga på platene til Smith er Mapplethorpe-foto. Boka handlar om perioden 1967-76, omtrent, pluss ein siste del om dei siste åra Mapplethorpe levde. Han fekk diagnosen AIDS i 1986. Smith budde då i Detroit, men ho var jamleg til New York for å snakka med han, fram til han døydde i 1989. Heile boka er velskriven, men i denne siste delen vert skrivinga endå betre. Ho skriv flott om korleis det er når ein svært god ven ligg for døden i ein annan by, noko eg diverre veit litt om.

Guffen tilrår.

Meir Patti Smith på kulturguffebloggen
Woolgathering (2011)
M Train (2015)
Devotion (2017)
Year of the Monkey (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar