13. april 2026

Josh Frank og Caryn Ganz: Fool the World (2008)

Pixies var eitt av dei banda eg ikkje heilt hadde sansen for i gamle dagar, men som eg gradvis har fått litt meir sans for. Eg budde i København sommaren 1989, og då fekk me besøk av to luringar frå Tromsø som skulle på Pixies-konsert. Me droppa å vera med, me skulle sjå dei på Roskilde-festivalen nokre dagar seinare. Eg hugsar ikkje det som eit høgdepunkt på festivalen, men det hadde truleg vore noko anna i eit noko mindre lokale. 

Mange band og musikarar fortel av Pixies var viktige for dei, og i denne boka står det at dei rett og slett skapte ein ny sjanger. Det er kanskje å ta litt hardt i, men dei var noko for seg sjølv. Kurt Cobain sa at trikset med å veksla mellom rolege vers og knallharde refreng var noko han plukka opp frå Pixies.

Denne boka fortel historia om bandet fram til 2008. Dei fire i bandet kom saman litt tilfeldig, men utfylte kvarandre på ein solid måte. Takka vera eit anna Boston-band, Throwing Muses, fekk dei platekontakt med britiske 4AD, og dei vart langt større i Europa enn i USA. Men det gjekk slik det ofte går - dei tok aldri pause frå kvarandre, og spesielt mellom to av medlemmene var det lenge dårlege vibrasjonar.

Oral history-bøker er ofte fine, dels av dei dei ulike røystene kan motseia kvarandre og koma med ulike versjonar. Her er det òg litt slikt, og dei to forfattarane ligg stort sett lågt. Det er ikkje berre dei fire musikantane som snakkar, mange andre kjem òg til orde, og utan at eg skal kalla meg ekspert er det fare for at denne boka gjev eit godt bilete av kva som skjedde.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar