29. april 2025

Lars Elling: Ved porten til stillhetens skog (2024)

Det er ikkje lett å skriva godt og originalt om musikk. Sentralt i denne boka står dobbeltalbumet Musical Sanatorium, som Stian Carstensen gav ut i 2021. Kvar av songane på plata får sitt eige kapittel, og her skriv Elling, vel, godt og originalt om dei ulike songane. Desse kapitla gav meg lyst til å høyra plata, og det var verdt bryet.

Det er likevel ikkje denne plata det handlar mest om. Det er ei bok om venskapen mellom Elling og Carstensen, og om kunsten dei skapar, kvar på sitt vis. Det er gjennom musikken dei møter kvarandre, men Elling er primært biletkunstnar. Han er òg ein svært god forfattar, og er ein av dei som ikkje set punktum før han er nøgd med setninga. Boka er ekstremt velskriven.

Carstensen er ikkje heilt frisk. Han slit med psyken, og han slit med det sosiale. Mange gonger er det vanskeleg for Elling å få kontakt med han, og dei er fleire som er redde for korleis det går med han. Det har dei grunn til å vera - boka opnar med ei skildring av ein gong Carstensen prøvde å ta livet sitt.

Guffen tilrår. 

Meir Elling på kulturguffebloggen
Fyrstene av Finntjern (2022)

28. april 2025

Anthony Kiedis og Larry Sloman: Scar Tissue (2004)

Når eg les biografiar om musikarar tenkjer eg av og til at undertittelen på boka kunne vore Sex, Drugs & Rock'n'roll. Her kunne det vore hovudtittelen, det er stort sett det det går i. Det vert for mykje av det gode, og spesielt andre halvdel av boka er tung.

Sex og Drugs: Kiedis vaks opp i Michigan. Foreldra skilde seg, og faren, som var ein småkriminell hippie som gjerne ville verta skodespelar, flytta til Los Angeles. Kiedis vitja han ofte, og fekk då opplæring i både sex og drugs. Det verkar utruleg, men etter at tolv år gamle Kiedis bad faren om å få prøva å ha sex med kjærasten til faren, sa faren ja. Han var vel om lag like gamal då faren lærte han å røyka hasj. Rock'n'roll: Kiedis kom litt tilfeldig inn i eit band som seinare vart gigantiske - Red Hot Chili Peppers. 

Etter at bandet vert skipa og kjem godt i gang går boka i sirklar. Kiedis bruker altfor mykje dop. Han går på avrusing. Han fungerer ei stund greitt, men så bruker han altfor mykje dop igjen. Han går på avrusing. Osb. Dette går ut over bandet, der han slettes ikkje er den einaste som bruker for mykje dop. Han hadde òg eit svært høgt forbruk av damer før han vart stjerne, og fram til han vart superstjerne var forbruket endå høgare. Her kjem det mellom anna ei fæl historie om at han plukkar opp ei kvinne i sørstatane, medan han er på turné. Dei har seg med kvarandre, fram til ho ein dag fortel han at ho berre er fjorten år. Han finn ut at dei kan liggja med kvarandre ein gong til, før han sender ho heim.

Det er ikkje berre dei lange linene som går i ring. Det er òg slik med det han skriv om. Eg mista talet på kor mange gonger han møtte ei kvinne og tenkte at "ho må eg ha", og at det viser seg at dette var den beste sexen nokon gong og at han aldri hadde vore så glad i nokon før. Eg anar ikkje om all omtalen av kvinner var klarert med dei, men viss det ikkje var det, skriv han altfor fritt og ope om sexlivet deira.

Kiedis gjer altså ikkje noko godt inntrykk. Han verkar som ein djupt usympatisk og sjølv-sentrert kar, som ikkje bryr seg altfor mykje om kva slags spor han set etter seg i andre folk.

Guffen er lunken. 

25. april 2025

Sex (2024)

Det er ikkje kvar dag eg skriv om sexfilmar her på kulturguffebloggen. Det gjer eg for så vidt ikkje i dag heller. Dette er ikkje ein slik sexfilm, men tittelen er ikkje malplassert: Det handlar om sex, og det handlar om maskulinitet og mannsroller

To feiarar har matpause. Dei er gode vener, men her fortel den eine ein større løyndom enn vanleg: Dagen før hadde han sex med ein mannleg kunde. Han likte det godt, men meiner at dette ikkje tyder at han er homo. Sidan han hadde sex med ein mann meiner han òg at det ikkje tel som utruskap, så han hadde like godt òg fortalt det til kona. Spoiler: Korkje kona eller feiar-venen forstår heilt kvifor dette har skjedd. Kona tolkar det sjølvsagt som utruskap, og venen vert òg litt usikker på eigen seksualitet. Han har heile tida ein draum om David Bowie, som ser på han som om han var ei kvinne. [Og, for the record: Eg la merke til at det på ein kjøkenbenk stod ein liten figur med ei lyn i ansiktet, a la Bowie.]

Det er ein finfin film. Det går roleg og seint framover, og nokre av scenene er lange. Som vanleg hjå Haugerud er det dialogane det handlar om, og sjølv om me ikkje får svar på alt, er det gode spørsmål som vert drøfta. Og skodespelet er strålande, og scena der den utru feiaren fortel kona korleis det var å ha sex med ein mann er aldeles intens. 

Guffen tilrår. 

Meir Haugerud på kulturguffebloggen
Den som er veldig sterk, må også være veldig snill (roman, 2002)
Thomas Hylland Eriksen og origamijenta (film, 2005)
Hva jeg betyr (roman, 2011)
Som du ser meg (film, 2012)
Enkle atonale stykker for barn (roman, 2016)
Barn (film, 2019)
Lyset fra sjokoladefabrikken (film, 2020)
Drømmer (film, 2024)
Kjærlighet (film 2024)

24. april 2025

Erlend Loe: Tatt av kvinnen (1993)

Dette er debutboka til Loe. Bror min meinte at eg burde lesa ho då ho kom ut, men det gjorde eg ikkje - kanskje eg aldri kom meg forbi det smilande ansiktet på omslaget.

Livet til forteljaren i boka vert kapra av ei kvinne, Marianne. Ho kjem på besøk oftare og oftare, og til slutt flyttar ho inn. Dei reiser på ferie i lag, med vekslande hell, og han reiser heim åleine. Han prøver å greia seg sjølv ei stund, og då ho kjem heim finn ho seg ein annan. Men berre ei stund - ho kjem tilbake til forteljaren, og dei vert eit par på ny. Han har ikkje noko problem med at ho er gravid og at det er ein annan som er barnefaren, og det seier truleg det meste: Han er ikkje ein mann som styrer livet sitt sjølv; han diltar etter andre.

Tidvis er dette ei rasande festleg bok. Eitt av høgdepunkta kjem tidleg i boka, der Marianne har insistert på at dei skal ha eit middagsselskap. Det er ikkje så mange gjestar, men dei er særmerkte, kvar på sine vis. Gjestane dukkar opp att med jamne mellomrom i boka, og dei er velkomne kvar gong.

Guffen tilrår.

Meir Loe på kulturguffebloggen
Naiv. Super (1996)
L (1999)
Fvonk (2011)

21. april 2025

Bill Buford: Among the Thugs (1990)

Denne boka las eg tidleg i 1990-åra. Eg var rimeleg lunken då, lunken nok til at eg ein gong kom i eit høfleg ordskiftet med ein amerikanar som meinte at dette var ei av dei beste bøkene han hadde lese. Eg vonar at han har funne betre lesestoff seinare.

Temaet for boka er for så vidt greitt nok. Buford flytta frå USA til England seint i 1970-åra. Tidleg i 80-åra var han vitne til at ein gjeng med hooligans kom inn på ein jernbanestasjon, og han vart fascinert av dette opptoget. Buford var ikkje spesielt interessert i fotball, men av di han ville gjera seg betre kjent med hooligan-kulturen gjekk han på fleire kampar. Både før og etter kampane var han saman med hooligans, både i inn- og utland. 

I boka fortel han om slike turar. Det største problemet mitt er at han ser ut til å sjå opp til dei, at han tykkjer at valden deira gjer dei til større menn. Han skildrar valdshandlingar, og han lét dei ukritisk frå skryta av både vald og andre brotsverk. Heilt mot slutten skriv han at han byrjar å få nok av det; andre ville fått nok etter nokre titals sider. Det andre problemet med boka heng litt saman med det fyrste - han har ein skrivestil som ikkje er altfor imponerande, der han altså ikkje er kritisk nok. Og det tredje, som rett nok kan forsvarast med at han (kanskje) skriv for eit amerikansk publikum, er at han skriv om sjølve fotballen på ein fagleg veik måte. 

Guffen er (framleis) lunken. 

19. april 2025

Vidar Sundstøl: Og likevel finnes du (2025)

Dei to siste romanane til Vidar Sundstøl har vore finfine. Denne er ikkje like strålande. Det er som om teksten ikkje når like langt inn, og at den fine opptakta til ein roman ikkje vert fulgt opp.

Forteljaren i boka er forfattar. Han vil eigentleg skriva ei bok om Bø-vassdraget. Han har nok mykje av stoffet han treng, men han vert heile tida hefta vekk av tankane sine. Han tenkjer på alt som var. På landskapet som har endra seg. På ei mange tusen år gamal fløyte, laga av eit bein frå ein gribb. Men mest av alt tenkjer han på den sonen han aldri fekk.

Kjærasten hans var gravid, men spontanaborterte tidleg i svangerskapet. Etter at dei to hadde fått den beskjeden frå ein dokter stoppa dei ein stad ved Bø-vassdraget, på ein parkeringsplass som ikkje lenger er open for bilar. Han tenkjer tilbake på alt som ikkje vart sagt, både der og på bilturen heim att. 

Her er mykje bra i boka, bevares, men det vert noko uforløyst over det heile.

Guffen er lunken. 

Meir Sundstøl på kulturguffebloggen
Kommandolinjer (2005)
Nattsang (2023)
Dag fra natt (2024)

17. april 2025

Dag Solstad: Svingstol (1967)

Eg har ikkje lese mykje av Solstad, og det vesle eg har lese har ikkje imponert meg noko større. Då han døydde for nokre veker sidan var avisene fulle av lovord. Då Jon Fosse fekk nobelprisen hadde visst ein svensk kulturjournalist skrive at det var feil nordmann som fekk prisen - han meinte at Solstad var ein sterkare kandidat. Det verka difor fornuftig å prøva litt til.

Det kan sjølvsagt henda at eg ville vorte meir imponert viss eg hadde lese noko som var skrive seinare. Dette er den andre boka Solstad gav ut, og det er ikkje rare greiene. Her er ikkje noko som tyder på at forfattaren mange år seinare ville verta nemnt som ein nobel-kandidat.

Boka har undertittelen "En samling prosatekster". Kortane er jamt over korte - på dei åtti sidene i boka kjem det 25 tekstar. Dei er fort lesne og fort gløymde. Dei er skrivne i eit enkelt språk, ofte med korte og oppramsande setningar. Det handlar om kvardagsliv, og det er det sjølvsagt ikkje noko gale med, det gjeng an å leva i kvardagen òg, men det vert aldri noko som hevar tekstane opp frå det heilt ordinære. 

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Solstad på kulturguffebloggen
Spiraler (1965)
Alf van der Hagen: Dag Solstad. Uskrevne notater (2013)
Dag Solstad leser Olav Duun (2018)

15. april 2025

Johan Harstad: Under brosteinen, stranden! (2024)

Det er kanskje lettvint, men det er òg lett å setja denne romanen opp mot Max, Mischa og Tetoffensiven, som Harstad gav ut i 2015. Denne romanen er rett nok ikkje like lang som Max..., her er det jo berre 970 sider, men likevel. For meg er Max... eit høgdepunkt i ein forfattarskap som eg set svært høgt. Denne romanen glitrar ikkje like mykje.

Det vert for mange spor som skal fylgjast. Hovudsporet, viss det er rette ordet, er det mest interessante. Dei fire ungdomsvenene Ingmar, Jonatan, Peter og Ebba tek seg inn i eit tomt hus, der dei i kjellaren finn ein stein med magiske krefter: Dei som tek på steinen opplever eit heilt liv i løpet av sju minutt. Steinen vert som eit kraftig rusmiddel, det er freistande å prøva igjen og igjen, og det endar med at ein av dei får så store problem at han vert lagt inn. Forholdet mellom dei fire er varmt skildra, og spesielt turen Ingmar tek til Frankrike for å snakka med Ebba for fyrste gong på mange år, er finfint.

Gjennom romanen hoppar me i tid og stad, og me får vita mangt om mykje. Ein stad midt i boka kjem det til dømes ein lang bolk som fortel korleis steinen vart oppdaga på øya Tristan da Cunha og korleis han vart frakta til Forus. Me er innom dei fleste verdsdelar og svært mange land, og det vert mange namn å halda styr på. Nokre av kapitla er òg uvanleg detaljerte, med lange skildringar av slikt som eg ikkje heilt greier å sjå kvifor er viktig. Både i sjølve romanen og i eit avsnitt heilt til slutt nemner Harstad romanen Gravity's Rainbow, og eg hadde litt same kjensla då eg las den for fleire tiår sidan: Det var stort sett ei stor leseoppleving, men eg hang ikkje med heile tida.

Guffen tilrår. 

Meir Harstad på kulturguffebloggen
Herfra blir du bare eldre (2001)
Ambulanse (2002)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? (2005)
Hässelby (2007)
Bsider (2008)
Darlah (2009)
Osv. (2010)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet (fjernsynsserie, 2011)

Motorpsycho. Blissard (2012)
Manifest for folk flest (2013)
Max, Mischa og Tetoffensiven (2015)
Ferskenen (2018)

14. april 2025

Ken McNab: You Started It (2022)

Denne boka handlar om bandmedlemmer som kranglar. Det finst mange døme å ta av, og her er 17 kapittel. Ein av kranglane enda med drap, mange endar med at bandet vert oppløyst eller at nokon sluttar/vert sparka, og nokre av desse igjen endar med at dei involverte vert vener igjen. Det er kanskje eit greitt utgangspunkt for ei bok - i alle fall for ei bok eg kjøpte på sal.

Det var ikkje det beste kjøpet har gjort. Ein ting er at eg kjenner mange av historiene frå før, ein annan ting er at boka ikkje er spesielt velskriven. McNab skriv veldig tabloid, og dei mange freistnadene på å fletta songtitlar inn i brødteksten vert etter kvart irriterande. Alle kranglane han skriv om er heller ikkje like alvorlege, og det kan godt henda at der er andre som burde vore med. 

Guffen kan ikkje tilrå dette.

13. april 2025

Sense, Organ, Motion (Vossasalen, Voss, 12.4.2025)

Dette var den eine konserten eg fekk med meg på Vossa Jazz i år. Kjetil Møster var invitert til å laga tingingsverket, og han er jo verdt å få med seg. Tingingsverk har eg elles eit avslappa forhold til, det einaste eg har sett før var då Arild Andersen m.fl. på jubileumsfestivalen i 2023 framførte "Sagn", eit verk som opphavleg var skrive til Vossa Jazz i 1990. Det var ei seig oppleving - det var noko av det mest sterile eg har høyrt nokon gong. På konsertar vil eg gjerne overraskast litt, eg vil gjerne ha det litt skeivt og skakt, og slik var det absolutt ikkje på "Sagn".

Her, derimot, var det heldigvis slik. Møster hadde med seg sju musikantar, og det var ein fryd å høyra på dei: Anja Lauvdal på tangentar og elektronikk, Benedicte Maurseth på hardingfele, Eivind Lønning på trompetar og elektronikk, Gard Nilssen på trommer, Hans Magnus Ryan på gitar og song, Ole Morten Vågan på kontrabass og bass, og Sofia Jernberg på vokal. 

Det var ein enorm variasjon i det dei serverte. Nokre gonger var det tungt og rytmisk, andre gonger var det stille og stemningsfullt. Samspelet mellom Nilssen og Vågan var fabelaktig. Songen til Jernberg var stort sett tekstfri, og ho brukte røysta aldeles glitrande. Overraskingane kom - på eit tidspunkt var Jernberg og Maurseth til to budeier som lokka på kyr; noko seinare var det Ryan, som ikkje er den største vokalisten i norsk musikk, som song litt (med tekst). Og heile tida stod Møster som ein dirigent fremst på scena, der han veksla mellom saksofon og elektronikk. Det heile var stort, og det var sjølvsagt berre tull at dette var ein konsert der publikum sat fint på stolane.

Guffen tilrår. 

Meir Møster! på kulturguffebloggen
Vossa Jazz 2014
Østre, Bergen, 27.10.2016
Vossasalen, Voss, 8.4.17
USF, Bergen, 10.10.2021

12. april 2025

Tony McCarroll: Oasis. The Truth (2010)

Eg har aldri eigd ei plate av Oasis. Eg skal nok kjenna att nokre songar, men eg har aldri hatt spesielt sans for bandet. All kranglinga mellom Gallagher-brørne er langt meir underhaldande. Dersom nokon av dei skulle finna på å gje ut ein sjølvbiografi er det stor sjanse for at eg kjøper og les.

Ein slik sjølvbiografi vil ikkje samsvara med denne boka. Boka er skriven av Tony McCarroll, den fyrste trommeslagaren deira. Han vart sparka ettter den fyrste plata, og fekk altså ikkje med seg dei åra då Oasis verkeleg var store stjerner. Han meiner sjølv at han vart sparka av di han var kritisk og meiningssterk; alle andre hevdar at han vart sparka av di han ikkje var god nok på trommer. Sjølv om han er frisk nok til å bruka "The Truth" i tittelen på boka, har eg nok mest tru på alle andre: Eg høyrde litt på plata han var med på, og det var rimeleg enkel tromming. 

Det var rimeleg enkel musikk, sånn totalt sett, og det kan godt henda at McCarroll har eit poeng når han fortel om noko plateselskap-direktøren deira, Alan McGee, skal ha sagt: Det er viktigare å skapa leven og oppstyr i media, enn å skapa god musikk. Jo meir omtale, jo fleire plater vert selde. For Oasis skapte leven.

McCarroll er ein heilt grei forteljar, sjølv om han smør tjukt på, og sjølv om han altså neppe er til å stola på heile tida. Han seier rett nok eit par stader at han slettes ikkje er bitter for måten han vart handsama på, men det er jo akkurat det han er.

Guffen er lunken. 

Meir Oasis på kulturguffebloggen
Oasis: Supersonic (2016)

8. april 2025

Fuglane (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 5.4.2025)

Alle veit at Fuglane er ein av dei aller, aller beste romanane som er skrivne. Då seier det seg sjølv at eg ser alle teaterframsyningar som finst av romanen. Dette er den fjerde oppsetjinga eg har sett. Den når ikkje opp mot den fyrste eg såg, på Det Norske Teatret i 1998, men det er nok den nest beste.

Scenografien var enkel og fin. Huset til Mattis og Hege var eit rammeverk som vart flytta inn og ut ved behov. Eit sirkelforma, skrånande element hadde mange ulike funksjonar. Eit nett gjekk over heile scena, og av og til spela dei bak dette nettet. Det fungerte fint. Talet på skodespelarar var lågt, nokre av dei hadde fleire roller, og Anna og Inger var slegne saman til éi jente. Henrik Bjelland spelar Mattis, og er på scena heile tida. Han gjer ein god jobb, sjølv om eg ikkje forstår kvifor han skal ropa så mykje. I hovudet mitt er Mattis ein rolegare, meir grublande person.

Me kjenner historia, ikkje sant? Mattis bur saman med systera Hege. Alle inntektene deira kjem frå strikkinga hennar, med Mattis vert det ikkje så mykje. Han prøver seg som ferjemann, og den einaste han ferjar over er Jørgen, som vert kjærast med Hege. Mattis vert det tredje hjulet på sykkelen, og veit ikkje si arme råd. I romanen er det meir ope kva som skjer; her verkar det som om han vil ta livet sitt. Det var litt rart. Det var litt meir forståeleg at dei komprimerte handlinga i den andre halvdelen av romanen mykje, sjølv om det av og til gjekk litt fort. Og det er framleis uforståeleg for meg at nokon kan laga teater med Fuglane som grunnlag, og likevel ikkje ta med den fantastiske lina om at flate steinar er til å sitja på.

Guffen tilrår. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Tarjei Vesaas: Bruene (1966)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Tarjei Vesaas: Båten om kvelden (1968)

Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

7. april 2025

Asle og Alida (Grieghallen, Bergen, 4.4.2025)

Eg fekk billett til denne operaen til jol. Det var stas, sjølvsagt, er jo med på alt som er Fosse. Dette var den siste av fire framsyningar i Bergen, og meldinga etter premieren ei veke før var heller middels. Eg hadde difor berre sånn middels høge forventingar, men eg likte meg godt.

Det heile er laust basert på dei tre korte romanane Jon Fosse skreiv mellom 2007 og 2014. To unge kjærastar kjem til Bjørgvin - spelemannen og mordaren Asle, og den høggravide Alida. Dei treng ein stad å bu, og dei flyttar inn i eit hus etter at Asle har drepe kvinna som bur der. Etter pausen (i operaen) vert han fanga og sett i fengsel, og han vert hengd for det han har gjort. Alida flyttar saman med ein av dei som fanga Asle.

Teksten er ikkje like god som i romanane, og det var ikkje alltid like lett å få tak i han. Eg kan ikkje hugsa ein einaste melodi frå operaen, men det gjer ingenting. Musikken, skriven av danske Bent Sørensen, byggjer oppunder stemninga i stykket på ein finfin måte, der det er mykje ubehag og mystikk. Unntaket er felespelet til Alma Serafin Kraggerud, som er den einaste musikaren oppe på scena. Så eg likte meg, med eit unntak: Det er vanskeleg å sjå kvifor skodespelaren Frank Kjosås har ei rolle i dette. I motsetning til dei andre sa han fram dei fleste replikkane, og dei få gongene han song var det ikkje så altfor mykje å skryta av. 

Guffen tilrår. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 2.6.2023)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Djupt og enkelt (2022)
Mor og barn (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 28.2.2025)

6. april 2025

Mímir Kristjánsson: Mamma er trygda (2019)

Mor til Kristjánsson vart kreftsjuk i ung alder. Denne boka handlar om henne, men det handlar om mykje meir enn det. Me får høyra om korleis det har vore å vera sonen til ei kreftsjuk mor, og me får høyra om korleis det er å vera trygda. Og, ikkje minst, me får høyra om haldningane til dei som går på NAV, som det heiter.

Det siste fyrst: Det er ei altfor utbreitt oppfatning i Noreg at det å gå på NAV er snylting. Det finst heilt sikkert snyltarar, men det finst mange, mange fleire som ikkje er det. Heile poenget med å vera ein velferdsstat er jo at me skal hjelpa dei som treng hjelp. Kristjánsson fortel om korleis han er på standup, der han på scena vitsar med navarar. Folk ler, men Kristjánsson gjer det ikkje: For han handlar dette om mora.

Det er ikkje det same som at han har eit varmt og nært forhold til mora. Dei står kvarandre nær og er glade i kvarandre, det er ikkje det, men han skriv om kor vanskeleg det er at ho ringjer heile tida for å snakka om ingenting. Ho bur i Stavanger, og ho er ekspert på å gjer Kristjánsson dårleg samvit for å ikkje vera der nok. Etter nokre slike masande samtalar hender det at han ikkje tek telefonen.

Guffen tilrår. 

Meir Kristjánsson på kulturguffebloggen
Mímir Kristjánsson og Sofie Marhaug: Hjelp, de drar til Sveits! (2024)
Pabbi (2024)