Eg har aldri eigd ei plate av Oasis. Eg skal nok kjenna att nokre songar, men eg har aldri hatt spesielt sans for bandet. All kranglinga mellom Gallagher-brørne er langt meir underhaldande. Dersom nokon av dei skulle finna på å gje ut ein sjølvbiografi er det stor sjanse for at eg kjøper og les.
Ein slik sjølvbiografi vil ikkje samsvara med denne boka. Boka er skriven av Tony McCarroll, den fyrste trommeslagaren deira. Han vart sparka ettter den fyrste plata, og fekk altså ikkje med seg dei åra då Oasis verkeleg var store stjerner. Han meiner sjølv at han vart sparka av di han var kritisk og meiningssterk; alle andre hevdar at han vart sparka av di han ikkje var god nok på trommer. Sjølv om han er frisk nok til å bruka "The Truth" i tittelen på boka, har eg nok mest tru på alle andre: Eg høyrde litt på plata han var med på, og det var rimeleg enkel tromming.
Det var rimeleg enkel musikk, sånn totalt sett, og det kan godt henda at McCarroll har eit poeng når han fortel om noko plateselskap-direktøren deira, Alan McGee, skal ha sagt: Det er viktigare å skapa leven og oppstyr i media, enn å skapa god musikk. Jo meir omtale, jo fleire plater vert selde. For Oasis skapte leven.
McCarroll er ein heilt grei forteljar, sjølv om han smør tjukt på, og sjølv om han altså neppe er til å stola på heile tida. Han seier rett nok eit par stader at han slettes ikkje er bitter for måten han vart handsama på, men det er jo akkurat det han er.
Guffen er lunken.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar