13. juli 2024

Vidar Sundstøl: Dag fra natt (2024)

Ein uvanleg fin roman, dette. Det er den andre boka av Sundstøl eg har lese det siste halve året, og han siglar opp som ein favoritt. Det er innsiktsfullt, det er poetisk og vakkert, og det er ei bok som festar seg.

Hovudpersonen, ein godt vaksen mann utan namn, vitjar huset til mora, som nyleg er død. Han har ikkje vore der på mange, mange år, av di den store tragedien i livet hans skjedde her: Han var der saman med den to år gamle sonen Olav, og faren var ikkje merksam nok då Olav sat i barnestolen sin. Han greidde å velta stolen og døydde av skadane han fekk i hovudet. Det førte faren inn i ei årelang natt av sorg, der forholdet til mor til guten rauk. Han skreiv tre bøker i den perioden, men kan ikkje hugsa mykje frå dei.

Mora var biletvevar, og på loftet i huset hennar finn han ein stor biletvev ingen visste at ho hadde laga. Det handlar om middelalderballaden Draumkvedet, ei forteljing om Olav Åsteson. Mannen ser at mora har bakt inn forteljinga om barnebarnet sitt i teppet. 

Boka er bygd opp av mange korte kapittel, og me hoppar att og fram i tid. Det gjennomgåande temaet er sorg og korleis me taklar det, men det handlar òg om kva me kan vita om andre personar. Mannen hadde lite kontakt med mor si; etter at ho er død får han høyra frå systera at mora tok dette tungt, og at ho gjerne ville ha diskutert bøkene mannen skreiv med han.

Guffen tilrår. 

Meir Sundstøl på kulturguffebloggen
Kommandolinjer (2005)
Nattsang (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar