Det står på internett at dette var gjennombrotsboka til Loe. Det kan godt vera, men debutromanen er vel hakket betre.
Forteljaren i denne boka er ein noko tafatt kar. Han vil ikkje gjera så mykje; han trivst best når han kan kasta ein ball mot vegg, eller når han leikar seg med bankebrettet sitt. Han sluttar på studiet sitt, og han går mest for seg sjølv. Han har ein god ven som er i praksis langt nord, og dei kommuniserer via fax. Broren er i utlandet, og er langt meir handlekraftig enn forteljaren. Han vert kjend med ein gut i nabohuset og sit litt barnevakt for han, og han vert kjend med ei jente som han likar veldig godt. Og så skriv han lister over det han likar og det han ikkje likar.
Det er eit godt portrett av ein viljesvak ung mann. Av og til smiler eg av han, av og til tykkjer eg litt synd på han. Han reiser til New York for å vitja broren, og det er ei reise han veks på. Det er òg ei reise som dreg ned nivået i romanen - her kjem rundt 25 sider med utskrifter frå den gongen dei to brørne søkte etter forfattarar med litt grisete namn.
Guffen tilrår.
Tatt av kvinnen (1993)
Fvonk (2011)
Helvete (2019)
Marit Eikemo et.al.: Smilefjes. Fem samtaler med Erlend Loe (2019)
Forhandle med virkeligheten (2020)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar