Når eg les biografiar om musikarar tenkjer eg av og til at undertittelen på boka kunne vore Sex, Drugs & Rock'n'roll. Her kunne det vore hovudtittelen, det er stort sett det det går i. Det vert for mykje av det gode, og spesielt andre halvdel av boka er tung.
Sex og Drugs: Kiedis vaks opp i Michigan. Foreldra skilde seg, og faren, som var ein småkriminell hippie som gjerne ville verta skodespelar, flytta til Los Angeles. Kiedis vitja han ofte, og fekk då opplæring i både sex og drugs. Det verkar utruleg, men etter at tolv år gamle Kiedis bad faren om å få prøva å ha sex med kjærasten til faren, sa faren ja. Han var vel om lag like gamal då faren lærte han å røyka hasj. Rock'n'roll: Kiedis kom litt tilfeldig inn i eit band som seinare vart gigantiske - Red Hot Chili Peppers.
Etter at bandet vert skipa og kjem godt i gang går boka i sirklar. Kiedis bruker altfor mykje dop. Han går på avrusing. Han fungerer ei stund greitt, men så bruker han altfor mykje dop igjen. Han går på avrusing. Osb. Dette går ut over bandet, der han slettes ikkje er den einaste som bruker for mykje dop. Han hadde òg eit svært høgt forbruk av damer før han vart stjerne, og fram til han vart superstjerne var forbruket endå høgare. Her kjem det mellom anna ei fæl historie om at han plukkar opp ei kvinne i sørstatane, medan han er på turné. Dei har seg med kvarandre, fram til ho ein dag fortel han at ho berre er fjorten år. Han finn ut at dei kan liggja med kvarandre ein gong til, før han sender ho heim.
Det er ikkje berre dei lange linene som går i ring. Det er òg slik med det han skriv om. Eg mista talet på kor mange gonger han møtte ei kvinne og tenkte at "ho må eg ha", og at det viser seg at dette var den beste sexen nokon gong og at han aldri hadde vore så glad i nokon før. Eg anar ikkje om all omtalen av kvinner var klarert med dei, men viss det ikkje var det, skriv han altfor fritt og ope om sexlivet deira.
Kiedis gjer altså ikkje noko godt inntrykk. Han verkar som ein djupt usympatisk og sjølv-sentrert kar, som ikkje bryr seg altfor mykje om kva slags spor han set etter seg i andre folk.
Guffen er lunken.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar