21. september 2010

Tor Marcussen: "We want the world and we want it now ..." Boka om a-ha (1985)

Kuriøse greier. Eg plukka opp eit presseeksemplar av boka då eg var journalist i Horda Tidend, og her ein dag dukka ho opp att, komplett med ei brannskadd framside. Eg anar ikkje kvar og når boka fekk desse skadene, men det hadde ikkje vore noko stort tap for boksamlinga om ho hadde brunne opp.

Boka vart svidd medan jarnet var varmt. Legg ein godviljen til, kan ein seia at ho får godt fram korleis det var då a-ha slo gjennom i 1985, men då skal ein lesa mellom linene. Marcussen reiser saman med gruppa i fleire månader, er med dei i USA, England og Australia, og skapar nesten inntrykk av at han er med i bandet. Alt er berre velstand, alt dei gjer er korrekt, dei tre i bandet er dei beste venene i heile verda, og alle rundt dei er toppfolk, som kan det dei driv med.

Boka fortel meir om korleis a-ha vart oppfatta i Noreg. Her hadde landet endeleg fått nokre internasjonale popstjerner, og det var nok til at Marcussen la all kritisk tenking til side, og skreiv denne boka. Boka er nok retta inn mot yngre lesarar, her er mange bilete og heller lite tekst, men det er ingenting i vegen for at yngre lesarar får litt motstand i tekstane dei les. At boka har undertittelen "Boka om a-ha" var kanskje rett i 1985, tjuefem år seinare vert det sjølvsagt ein vits.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir a-ha på kulturguffebloggen
Jan Omdahl: a-ha. The Swing of Things (2010)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar