28. januar 2018

1971 (2014)

For nokre år sidan las eg boka The Burglary. Den fortalde om åtte fredsaktivistar som i 1971 meinte at nok var nok. Dei braut seg inn i eit FBI-kontor i Pennsylvania, for å fjerna alle arkivmapper som handla om rekruttering av nye soldatar til Vietnam. Då dei gjekk gjennom mappene såg dei at dei hadde fått med seg mykje meir. Og at det dei hadde fått tak i var brennbart. Dokumenta prova at FBI aktivt infiltrerte aktivistar, avlytta alle dei kunne avlytta, og i det heile dreiv på ein heilt annan måte enn mandatet deira.

Denne filmen fortel den same historia, på ein like god måte som boka gjorde. Fleire av dei åtte er intervjua, og dei har god grunn til å vera stolte av det dei gjorde. Dei kom alle opp i dilemma før og under innbrotet, ikkje minst ekteparet som hadde fleire små ungar. Og også den niande personen, som trekte seg ut nokre veker før innbrotet, sleit med sitt. Alle dei åtte unngjekk kvarandre i tida etter innbrotet, men ekteparet fekk ein gong besøk av han som hadde trekt seg ut. Han hadde høyrt at dei hadde kome over ting som var farlege for tryggleiken til USA, og at dei kom til å publisera det. Det ville ikkje han at skulle skje, og truga med å gå til politiet. Dei greidde å overtyda han om at det ikkje var noko slikt i det dei fekk med seg.

Eg såg filmen i nettspelaren til NRK, der han er tilgjengeleg ut februar.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Betty Medsger: The Burglary (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar