5. juli 2014

Betty Medsger: The Burglary (2014)

Det best kjende innbrotet i USA i andre halvdel av 1900-talet var innbrotet i Watergate i 1972. Det viktigaste innbrotet i den same perioden skjedde året før, då åtte personar braut seg inn i eit FBI-kontor i Media, Pennsylvania, og tok med seg alt dei fann av arkiv. Dokumenta dei fekk med seg dokumenterte at FBI brukte arbeidsmetodar dei ikkje hadde mandat til å bruka, og at dei dreiv overvaking av enorme mengder amerikanarar.

Viss nokon sympatiserte med kommunismen, om nokon arbeidde for like rettar, om nokon kjempa for å få slutt på rasismen, om nokon dreiv aktiv motstand mot Vietnam-krigen - FBI hadde mapper på dei. FBI infiltrerte aktivistmiljø, og dei avlytta private heimar. Alt skjedde med klarsignal frå J. Edgar Hoover, den totalt einerådige FBI-sjefen som ingen vågde å setja seg opp mot.

Ingen, bortsett frå åtte fredsaktivistar. Innbrot hadde vorte ei vanleg aksjonsform, hovudsakleg mot kontor som registrerte og kalla inn soldatar til teneste i Vietnam. Dei åtte, leia av professor William Davidon, planla og gjennomførte eit perfekt kupp. Eit heilt år etter innbrotet sende dei kopiar av dokumenta til utvalde journalistar, og dette førte til at FBI måtte endra seg. Det verste av alle programma til Hoover, COINTELPRO, vart lagt vekk, saman med ei rekkje mindre prosjekt. Hoover var, ikkje overraskande, forbanna etter innbrotet, og gav beskjed om at dei skuldige skulle finnast. Det greidde ikkje FBI, sjølv om det var tett på. Fleire av dei åtte var mistenkte, og fleire fekk besøk av FBI-agentar heime.

Ein av grunnane til at FBI ikkje greidde å løysa saka kan vera at dei åtte braut kontakten heilt etter at dokumenta var sende ut. Betty Medsger, som var ein av journalistane som fekk tilsendt kopiar av dokumenta, møter mange år seinare ved eit tilfelle eit ektepar som var med, og ser sjølvsagt at her ligg kimen til ei god bok. Ho bed ekteparet kontakta dei andre som var med, og saman greier dei å spora opp sju av dei åtte. Det er mykje utruleg i denne boka, men kanskje mest utruleg er at dei åtte, som i tiåra etter såg effekten av det dei hadde gjort, og som kvar for seg var stolte over det dei hadde vore med på, aldri tok kontakt med dei tidlegare innbrotskollegaene sine.

Det er mykje utruleg her, ja. Forteljinga om planlegginga og gjennomføringa av innbrotet er spanande lesnad. Deretter går Medsger over til å skriva om andre aksjonar, mellom anna eit innbrot på eit militært registreringskontor, der over tjue aktivistar vert tekne på fersken av FBI, men der samtlege likevel vert frikjende. Ho skriv om FBI-program som vert nedlagde, og ho skriv om livet til aktivistane i tiåra etter innbrotet.

Viss nokon er i tvil om kva sivil ulydigheit kan føra med seg, bør dei lesa denne boka.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar