12. mars 2022

Therese Tungen: Snu deg. Edvins bok (2022)

 

Dette er ei uendeleg trist bok, men det er samstundes ei finfin bok.  

Tungen skriv om det aller verste. Dei pussar opp ei leilegheit i Oslo, og saman med dei to ungane deira har ho vore på fjellet. Dei to ungane vert igjen hjå besteforeldra, og eit par dagar før ho skal henta dei går alt gale. Sonen, den nesten sju år gamle Edvin, klagar over vondt i hovudet. Han vert køyrt til dokter på Kvam, før han vert send med helikopter til Oslo. Han døyr den same dagen.

Dette skjedde verkeleg. Tungen teiknar eit fint portrett av sonen sin, men boka handlar like mykje om dei tre som sit att. Dei må finna ein veg vidare, og det er ikkje opplagt korleis det skal gjerast. Nokre rundt dei veit ikkje heilt korleis dei skal reagera. Andre taklar det betre, men overgangen til å verta ho som har mist sonen sin er ikkje lett.

Det er altså ei fin bok. Tungen skriv ope og ærleg. Det er nærliggjande å tru at skrivinga må ha vore ein måte ho kunne arbeida med sorga på, men det vert aldri så personleg at det ikkje kan overførast til andre, at det ikkje har verdi for andre. Både dei som har opplevd noko liknande, og dei som ikkje har det.

Guffen tilrår. 

Meir Tungen på kulturguffebloggen
Ein gong var dei ulvar (2017)
Kjærleik og det som liknar (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar