28. januar 2018

Cormac McCarthy: Cities of the Plain (1998)

Dette er den tredje boka i grense-trilogien til McCarthy. Eg las dei to andre for (uventa) mange år sidan - den fyrste var glimrande, den andre var ein stor nedtur. Denne har difor stått i hylla og kika på meg ei stund, men no var det omsider dags. Og det var på tide - det er ei finfin bok.

Hovudpersonane frå dei to fyrste bøkene, John Grady Cole og Billy Parham arbeider på ein stor ranch i New Mexico. Dei held til like ved grensa til Mexico, og det er der utgangspunktet for historia ligg: Cole vert forelska i ei ung jente som arbeider på eit horehus dei frekventerer med ujamne mellomrom. Han vert kjend med ho, og overtalar ho til å røma til USA saman med han. Det er sjølvsagt problematisk, halliken hennar, Eduardo, vil ikkje gje slepp på ho. Det får fatale følgjer.

Minst to ting peikar seg ut ved boka. McCarthy skriv flott. Boka er skriven i eit språk som tidvis er ufatteleg elegant og poetisk. Det er ordknapt, han gjev ikkje ut meir enn han treng. Det andre er den eksemplariske spaningskurva i boka. Det vert gradvis meir og meir engasjerande, og i dei siste kapitla er det nesten uråd å leggja boka frå seg. Han kombinerer desse to elementa i scena der Cole møter Eduardo til ein knivkamp. Det er spanande, og det er poetisk.

Før me kjem så langt har me fått mange flotte skildringar av livet på ranchen. Handlinga må vera lagt til tidleg i 50-åra, ei tid då USA var prega av framtidsdraumar om eit annleis samfunn. Dei på ranchen har like mange draumar om samfunnet som er i ferd med å forsvinna.

Guffen tilrår.

Meir McCarthy på kulturguffebloggen
The Orchard Keeper (1965)
Outer Dark (1968)
Child of God (1973)
Suttree (1979)
Blood Meridian (1985)
All the Pretty Horses (1992)
The Crossing (1994)
The Stonemason (1995)
No Country for Old Men (2005)
The Road (2006)
The Sunset Limited (2006)
No Country for Old Men (film, 2007)
The Road
 (film, 2009)
The Passenger (2022)
Stella Maris (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar