24. mai 2021

Arnfinn Kolerud: Gamle menn i syningom (2021)

 

I 2018 vart John-Ragnar Aarset, generalsekretær i Høgre, kåra til Årets nynorskbrukar. Han ynskte at Nynorsk kultursentrum skulle gje prispengane, 100 000 kroner, til eit godt føremål, og dei gav summen til Kolerud, slik at han kan kunne fullføra Vassbygdi-trilogien sin. Det var god pengebruk, for denne boka var det verdt å venta på. Kolerud er (som vanleg) i toppform.  

Handlinga går føre seg i eit Noreg (eller Norike) der det berre er ein nynorskkommune att. Der har dei lyst til å heidra nynorsken med å laga eit nynorsk Mount Rushmore. Parallelt med dette er den store sabotøren Orm Åkerstein i Oslo for å setja Riksmålsforbundet i eit dårleg lys. Og Bendik Uføre arbeider med å få laga eit nynorsk dataspel.

Ingenting går heilt etter planen. Mount Rushmore vert ikkje ferdig. Åkerstein lukkast ei stund, men vert overmanna av den listige formannen i Riksmålsforbundet, Hans Vik. (Eg reknar med at det ikkje er tilfeldig at namnet hans rimar på Landssvik.) Dataspelet vert heller ikkje realisert. Den beste ideen til Uføre er eit Vesaas-spel, der Mattis må redda Siss og Unn ut av ein frosen foss før dei frys i hel.

Her er mykje å le av, og endå meir å smila av. Kolerud boltrar seg i gode ordspel og gode påfunn. Han fortel mellom anna at då det norske gullet vart frakta til Storbritannia i 1940 var der òg store mengder kasser med nynorske ordlister om bord, og dei kassene var definerte som det viktigaste på båten. Både gullet og kongefamilien skulle ofrast før ordlistene. Kolerud kjem òg med små referansar til den nynorske litteraturen, to stader bruker han til dømes uttrykket "løynde eldars land". (For den ufaglærte: Det er eit dikt av Tarjei Vesaas.)

Guffen tilrår.  

Meir Kolerud på kulturguffebloggen
Langt frå bambus (1999)
Den som ikkje har gøymt seg no (2004)
Zommarferien (2007)
Når ein først skal skyte nokon (2010)
Kom ikkje inn i mitt hus (2012)
Snillionen (2017)

1 kommentar: