12. september 2012

Erik Bye: Å skyte en teddybjørn (1987)

Det er godt å lesa bøkene til Erik Bye. Han skriv godt, og han skriv varmt. Han har gode haldningar, han sympatiserer som regel med dei svakaste, og han trivst gjerne best når han er saman med dei som ikkje har det så bra. sjølv om han er på nikk med folk frå alle lag.

I denne boka skriv han om hendingar frå sitt eige liv. Mykje, kanskje litt for mykje om oppveksten, ein del om krigsåra, og meir sporadisk om yrkeskarriera si. Det er ei meiningsfull inndeling, åra han var ein offentleg person må ha vore betre kjende for ålmenta enn dei fyrste tiåra av livet hans.

Han voks stort sett opp i eit pensjonat i Oslo. Han omtalar det gjerne som Huset, og i ei minnebok som denne gjev han Huset menneskelege eigenskapar. Han snakkar med det, og han omtalar det som ein nær ven. Foreldra hans dreiv pensjonatet, og det vart heimen til mange tyskarar under den andre verdskrigen. Bye skriv godt om korleis han sleit i ein slik situasjon, han hata alt tyskarane stod for, og det var vondt at han og foreldra levde godt av inntektene dei fekk frå å måtta leiga ut til tyskarar.

Etter krigen var han rastlaus og reiste mykje, både som student to stader i USA, og i yrkeskarriera som journalist. Frå denne tida skriv han mest om utvalde personar han har møtt eller samarbeidd med, og det er som oftast gode portrett.

Det er ikkje ei bok utan plett og lyte, dette. Ein ting er at omslaget ser ut som om det er laga i ein barnehage; noko anna er det at han, spesielt i kapitla om oppveksten, har lett for å skriva for mykje om ting som ikkje er interessante nok. Men boka er oftare god enn mindre god.

Guffen tilrår.

Meir Bye på kulturguffebloggen
Munnspill under åpen himmel (1966)
Spinn, mitt hjul (1971)
Arvid Bryne: Hildringstimer (2001)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar