22. april 2024

Curb Your Enthusiasm, sesong 12 (2024)

Dette var den siste sesongen av Curb Your Enthusiasm. Larry David har sagt det same fleire gonger, men no er det høgst truleg alvor. Her er som vanleg ein gjennomgåande historie i sesongen, og denne gongen endar det opp med ei rettssak der David er tiltalt. Det er altså klare parallellar til den siste episoden av Seinfeld, og det kjem stadig referansar til det. Jerry Seinfeld dukkar opp fleire gonger, mellom anna heilt til slutt, der dei i den siste scena er samde om at denne slutten var langt betre enn måten dei slutta Seinfeld på. Og den siste episoden er eit høgdepunkt, i ein sesong (og i ein serie) som har mange, mange høgdepunkt. 

Leon Black er som vanleg med, og det er som alltid stas å sjå han. Han snakkar mykje om damer og sex. Han har aldri sett Seinfeld, men då han ser det er det stort sett damer og sex han får ut av det òg. Pluss at han, høveleg nok, meiner det er rart med Kramer som heile tida går inn til naboen utan å banka på.

Den gjennomgåande historia handlar om at Larry David er i Atlanta under eit presidentval. Det er langt køar, det er steikande sol, og han gjev ei av dei i køen litt vatn. Det er forbode, viser det seg, og utan at David er klar over det vert han ein helt for alle menneskerettskjemparar i USA. Historia er fin og rar nok i seg sjølv, men i tillegg er det minst éin annan historie i kvar episode. Det handlar om alt mogeleg, på same vis som Seinfeld handla om alt mogeleg. Og dette er ein betre serie enn Seinfeld.

Guffen tilrår. 

Meir Curb Your Enthusiasm på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2000)
Sesong 2 (2001)
Sesong 3 (2002)
Sesong 4 (2004)
Sesong 5 (2005)
Sesong 6 (2007)
Sesong 7 (2009)
Sesong 8 (2011)
Sesong 9 (2017)
Sesong 10 (2020)
Sesong 11 (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar