18. april 2024

USA og Holocaust (2022)

Av og til dukkar det opp seriar absolutt alle burde sjå. Dette er ein slik serie. Det handlar om korleis jødane vart handsama før og under andre verdskrigen, med vekt på handlingane i USA. 

Det kan verka som noko me har sett og høyrt før, men det verkar nytt. Serieskaparane har intervjua ei mengd relevante folk - nokre vaks opp i Europa, andre var amerikanske. Dei bruker originalfilmar, og dei bruker ei mengd flotte foto, slik at det nesten hadde vore bryet verdt å sjå serien utan lyd.

Men det handlar altså om jødane. Hitler kjem til makta i Tyskland i 1933, og det ikkje lang tid før jødane i Tyskland skjønar at dei bør vekk. Det er berre eit lite problem: Nesten ingen vil ha dei. Jødehatet var svært utbreitt, ikkje minst i USA. Franklin Roosevelt, president i USA 1933-45, var sympatisk innstilt, men vågde ikkje å auka kvotene for jødar. Han var redd for at det ville føra til at senatet vedtok at færre jødar skulle koma inn i USA kvart år. 

Det er kanskje dette som verkeleg var nytt for meg: Kor organisert og omfattande jødehatet i USA var. Filmsnuttar av amerikanarar som i 1930-åra marsjerer under hakekorset. Foredrag og innlegg av flyhelten Charles Lindbergh, som var ein rein rasist. Han var ikkje åleine, serien opnar alt i 1920-åra, då KKK var ein maktfaktor i USA, og då USA innførte strenge kvotar for ulike land. 

Serien sluttar med at konsentrasjonsleirane vert avslørte og frigjorte. Det heile kunne altså ha slutta optimistisk, men det gjer det ikkje: Dei viser foto og filmar frå tiåra etter andre verdskrigen, foto og filmar som viser at rasismen slettes ikkje er vekke frå USA.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar